Kloneverktøyet nyttar den gjeldande penselen for å kopiera data frå eit bilete over til eit anna bilete eller ein annan stad i det same biletet. Det viktigaste bruksområdet er å reparera digitale foto ved å måla over problemområdet med andre data henta frå biletet. Det kan ta litt tid å læra seg teknikkane, men det er vel verd å prøva seg. Eit anna bruksområde er å teikna mønster eller kurver. Sjå nærare om dette i Del 11, «Mønsterelement».
Dersom du ønskjer å klona frå eit bilete i staden for frå eit mønster, må du fortelje GIMP kvar for bilete som det skal kopierast frå. Dette gjer du ved å halda nede Ctrl-tasten medan du klikkar på det aktuelle biletet. Før du har gjort dette, vil markøren ha utsjånad som eit «forbodsskilt» () for å vise at du ikkje kan klone.
Dersom du klonar frå eit mønsterelement, vert kloninga flislagt. Dette betyr at dersom du kjem utanfor kanten av mønsterelementet, vil kopieringa halda fram frå den motsette sida omlag som om elementet skulle vera lagt side om side i eit uendeleg mønster. Dette gjeld ikkje dersom du klonar frå eit bilete. Kjem du utføre kanten av biletet, vil kloninga stoppa opp.
Du kan klona til og frå alle teikneflatene, dvs. lag, lagmasker og kanalar. Dersom du skiftar til snarmaske, kan du også klona til og frå utvalsmasker. Dersom kloninga fører til at du prøver å klona fargar som ikkje vert støtta, t.d. dersom du klonar frå eit RGB-område til eit indeksert område, vert fargane sette til den næraste valøren.
Du kan henta fram dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → .Ved å klikka på symbolet i verktøykassa.
Ved å trykkja tasten C.
Sjå oversynet over valtastane for teikneverktøya for omtale av dei tastane som verkar likt på alle teikneverktøya.
Denne tasten vert brukt for å markera kjelda for kloninga dersom du klonar frå eit bilete. Ingen effekt dersom du klonar frå eit mønster. Du kan klona frå eitkvart lag i eit bilete ved å klikka på biletet eller det gjeldande laget medan du held Ctrl-tasten nede. Dersom innrettinga er sett til Ingen, Direkte eller Fast punkt vert punktet du klikka på kjelda du klonar frå. Biletdata frå dette punktet vert brukte når du teiknar med kloneverktøyet. I kjeldevalmodus skiftar musepeikaren til .
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet viste under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det gjeldande verktøyet.Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Hardleik: dette valet gjev eit hardt omriss på det klona området.
Her bestemmer du om kloneverktøyet skal henta data frå eit av dei opne bileta eller frå gjeldande mønsterelement.
Dersom du vel å klona frå eit bilete, må du fortelje GIMP kva lag i biletet som skal brukast som kjelde ved å Ctrl-klikka på det.
Dersom også Flett synlege er avkryssa, vert alt du ser i biletet (fargane frå alle laga i eit bilete med fleire lag) klona. Viss dette ikkje er avkryssa, vil kloninga skje berre frå det gjeldande laget. Du kan finna meir om dette i ordlista under Flett synlege .
Du kan få fram oversynet over dei tilgjengelege mønstra ved å klikka i ruta for mønsterelement. Dette er berre tilgjengeleg dersom du har slått på mønsterelement som kjelde.
Viss dette valet ikkje er merkt (standard), vil kloneverktøyet henta data frå det gjeldande laget.
Viss dette valet er merkt, vil kloneverktøyet henta data frå alle laga. Dette gjer at du kan arbeida på ein ikkje-destruktiv måte utan å endra dei opphavlege pikslane. Du lagar eit nytt lag (gjennomsiktig) over biletlaget og gjer det til det gjeldande laget. All kloning vert til dette laget.
Her kan du bestemma korleis posisjonen du skal henta data frå skal samsvara i høve til penselstroka.
I eksempla nedanfor er det brukt eit bilete som kjelde og eit anna bilete som mål for kloninga. Me kunne også ha klona på ein av laga i kjeldebiletet.
Kvart penselstrok vert handsama individuelt. Data vert henta frå det punktet du har markert som datakjelde. Det er ikkje noko samband mellom eit strok og det neste. Ulike penselstrok vil som oftast laga ugreie dersom dei kryssar kvarandre.
Eksempelet nedanfor: Etter kvart strok går klonekjelda tilbake til utgangsposisjonen. Kloninga vil alltid vera frå same området.
Med dette valet slått på, vil det første klikket du gjer etter at du har sett klonepunktet (punktet der data vert henta frå) bestemme avstand og retning mellom klonepunktet og avsettingspunktet. Alle seinare kloningar vil bruka den same forskyvinga, heilt til du gjer eit nytt val ved å setje eit nytt klonepunkt (Ctrl-klikk) og deretter klikkar på eit nytt avsettingspunkt.
Dersom du vil forandre forskyvinga, hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar på ei ny kjelde.
I eksempelet nedanfor vil for kvart nytt strok, kjelda ha den same forskyvinga som i det førre stroket. Det er såleis ingen kloneforskyving for det første stroket. Når stroka vert mange nok, vil kjelda etter kvart hamna utføre biletet, difor den noko avstumpa utsjånaden.
Innrettinga «direkte» verkar noko ulikt i høve til dei andre metodane. Når du kopierer frå eit bilete, vil Ctrl-klikk registrera eit kjeldelag. Når du klonar på mål-laget vert dei tilsvarande pikslane frå kjelde-laget overførte. Sjølv om du kan bruka dette til å klona frå eit bilete til eit anna, er metoden særleg nyttig for å flytta delar av eit lag over i eit anna lag i same biletet.
For kvart einaste penselstrok vert data plukka frå kjelda i den posisjonen musepeikaren har på målet. I det neste eksempelet er mål-laget mindre enn kjelde-laget, så her er det ingen avkortingar.
Kjeldepunktet er fiksert til ein og same staden. Sjølv om du teiknar linjer, vert data henta frå same punktet.
Sjå til at kjelda framleis er fast. Den same vesle prøven er gjengjeve identisk på ein strammare måte:
Måten kloneverktøyet påverkar gjennomsikt er litt komplisert. Gjennomsikt kan i seg sjølv ikkje klonast. Prøver du å klona frå ei gjennomsiktig kjelde, vil ingenting skje. Klonar du frå ei delvis gjennomsiktig kjelde, vert resultatet avhengig av kor gjennomsiktig biletet du klonar på er. Dersom du klonar på eit fullstendig ugjennomsiktig bilete med harde verktøy, vert resultatet slik:
Å klona gjennomsiktig svart på kvit gjev grå.
Å klona gjennomsiktig svart på svart gjev svart.
Å klona gjennomsiktig kvit på kvit gjev kvit.
Å klona gjennomsiktig kvit på svart gjev grå.
Kloninga kan ikkje gjera eit bilete meir gjennomsiktig, men det kan gjera det mindre gjennomsiktig dersom valet «Ikkje endre gjennomsikt» ikkje er slått av for det aktuelle laget. Klonar du eit opakt område på eit gjennomsiktig område, vert resultatet opakt. Klonar du eit gjennomsiktig område på eit gjennomsiktig område, vert resultatet eit tettare, dvs. meir opakt, bilete.
Det finst ein del andre, ikkje særleg opplagte måtar å bruka kloneverktøyet på. Ein av dei tinga du kan gjera, er å laga «filterpenslar». Altså å laga ein effekt som minner om å legge til eit filter med ein pensel. For å gjera dette, lagar du ein kopi av laget du arbeider på og legg det ønskte filteret til kopien. Opna kloneverktøyet og set kjelda til «Bilete» og innretting til «Direkte». Ctrl-klikk på lagkopien for å gjera dette til kjelda og teikna på originallaget. Det filtrerte laget vert lagt oppå det opphavlege laget.
Du kan bruka ein liknande teknikk for å imitera Photoshop sin «History brush», som gjer at du kan angra og gjenta endringar utførte med pensel. Også her byrjar du med å laga kopi av det biletet du arbeider på. Gå tilbake til det opphavlege biletet og finn tilbake i angreloggen til det ønskte biletet, anten ved å angra eller ved å bruka angredialogvindauget. Dette må gjerast i det opphavlege biletet fordi kopieringa ikkje kopierer angreloggen. Slå på kloneverktøyet og set kjelda til «Biletkjelde» og justeringa til «Direkte». Ctrl-klikk på eit lag i det eine biletet og måla på det tilsvarande laget på det andre biletet. Avhengig av korleis du gjer det, vil du no få anten ein «angrepensel» eller ein «gjentapensel».