Du har tilgang til denne menyen via
eit klikk på knappen
i knapperada i dialogvindauget for verktøyforvala.ved å dobbeltklikka på eit forvalsikon i dialogvindauget for verktøyforvala.
høgreklikka på eit forval i vindauget for verktøyforvala for å opna ein sprettoppmeny og deretter klikka på Rediger verktøyforvalet.
eit klikk på knappen Lagra verktøyforvala… i dialogvindauget for Verktøyinnstillingane.
Du kan redigera berre dei forvala du har laga sjølv. Innstillingane for dei førehandsdefinerte forvala er kopla ut. Når du lagrar eit forval, vert det lagra i den første mappa som ikkje er skriveverna i lista over mapper sett i
→ → → .I dette dialogvindauget kan du:
redigera namnet på forvalet i tekstboksen,
endre ikon for forvalet ved å trykkja på ikonet for forvalet. Dette vil opna eit vindauge der du kan velja ikon.
velja kva eigenskapar som skal lagrast ved å klikka i avmerkingsboksane.
Nedst i dialogvindauget er det ein knapp for å lagra innstillingane for det gjeldande forvalet og ein knapp for å tilbakestilla valet om du angrar på innstillingane.
Dialogvindauget for å redigera verktøyforvala har ein sprettoppmeny som kan opnast ved å trykkja på den vesle trekanten i menyen og deretter velja
. På same måten som dei to knappane for å lagra og tilbakestilla nemnde ovanfor, har denne berre eitt val.