Dette verktøyet inneheld fleire verktøy: roter, skaler, beskjer og perspektiv. Du kan bruka eitt av dei åleine eller fleire av desse samstundes. Ved å kombinera to eller fleire verktøy, har du nær uendeleg mange moglege transformasjonar.
Som dei andre transformeringsverktøya, arbeidar også dette (som standard) på det gjeldande laget.
Når du har merkt verktøyet «sameint transformering», trykk på biletvindauget. Det kjem då fram fleire element i biletvindauget:
Fleire typar handtak på kantane:
romber for forskyving
Kvadrat for skalering.
Små romber for å endra perspektiv, i store kvadrat for skalering.
Klikk og dra eit handtak for å utføre handlinga til det aktuelle verktøyet
Ein sirkel med eit kryss i midten av biletvindauget som viser omdreiingspunktet. Klikk og dra denne sirkelen for å flytta omdreiingspunktet. Punktet kan plasserast der du ønskjer det, også utføre biletvindauget, men det er då ikkje synleg utan at du forstørrar biletvindauget.
Musepeikaren der utsjånaden varierer i høve til plasseringa:
på laget: flyttsymbol,
utanfor laget: rotersymbol,
på handtak: klipp-, perspektiv- eller skalersymbol,
på omdreiingspunktet : flytt- og rotasjonssymbol.
Statuslinja nedst i biletvindauget viser namnet på det verktøyet som er i bruk.
Når du klikkar på biletvindauget, kjem det også opp eit nytt vindauge med matriser
med knappane Tilbakestill (svært nyttig under utprøving), Avbryt og Transformer. Dersom biletvindauget er stort nok, vert matrisevindauget opna inne i biletvindauget, elles utanfor. Det er ikkje råd å redigera matriseverdiane, men du kan skriva dei opp slik at du kan bruka den same transformeringa seinare.
Knappen Justera på nytt: tilgjengeleg sidan GIMP 2.10.10 vert brukt for å setja transformeringshandtaka tilbake til den opphavlege kvadratforma utan å endra den gjeldande transformeringa og forstørringa. Dette gjer at du kan oppretta meir komplekse transformasjonar ved å bruka fleire steg.
Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:
Frå biletmenyen via
→ →Ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastatursnarvegen Shift + L.
Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøysymbolet.
Notat | |
---|---|
Sjå Del 4.1, «Felles eigenskapar» for omtale av dei verktøyinnstillingane som er felles for alle transformeringsverktøya. |
Flytt: når dette valet ikkje er merkt, kan laget flyttast jamt dit du ønskjer. Er valet merkt, vert flyttinga avgrensa til 45° frå sentrum.
Skaler: kryss av her for å behalda sideforholdet.
Roter: standardrotasjon er mjuk, det vil seia at du kan rotera kvar som helst. Er denne avmerkt, skjer roteringa i steg på 15°.
Forskyv: normalt kan du forskyva laget ved å dra ei av rombene kvar som helst i biletet. Er det merkt av for dette valet, kan du forskyva berre langs den kanten den valde romben er på.
Perspektiv: når dette valet ikkje er merkt, som er standard, kan du dra symbolet kvar du vil i biletet. Er det merkt av for dette valet, kan du berre dra langs lagkantane eller diagonalt.
Skaler:
Forskyv: når det er merkt for dette valet (standard), er den motsette kanten fast og omdreiingspunktet flyttar seg under forskyvinga. Når det er merkt av for dette valet, vert forskyvinga utført rundt eit fast omdreiingspunkt. Den motsette kanten vert flytt like mykje, men i motsett retning.
Perspektiv: når dette valet er avkryssa, vert også plasseringa av omdreiingspunktet påverka.
Fest: Når det er kryssa av for dette valet, vert omdreiingspunktet fest til midten eller til hjørnene når det kjem nær nok.
Lås: låser omdreiingspunktet.
Valtastane er i bruk når ei handling (flytt, skaler, roter …) er vald:
Shift for å byta rundt på merkjinga for alle vala i «Avgrensa» når eit transformasjonshandtak er vald eller, viss omdreiingspunktet er merkt, festa omdreiingspunktet til midten eller til eit hjørne,
Ctrl for å byta om på avmerkinga for alle vala i «Frå omdreiingspunkt».