4.5. Rotér

Figur 14.130. Symbolet for «roterverktøyet» i verktøykassa

Symbolet for «roterverktøyet» i verktøykassa

4.5.1. Oversyn

Dette verktøyet vert brukt til å rotera det gjeldande laget, utvalet eller den gjeldande banen. Når du klikkar på biletet eller utvalet med dette verktøyet, vert dialogvindauget Rotasjonsjustering opna. Der kan du stilla inn rotasjonsaksen, markert med eit punkt, og rotasjonsvinkelen. Du kan gjera det same ved å dra musepeikaren på biletet eller i rotasjonspunktet.

4.5.2. Å slå på verktøyet

Du har tilgang til roteringsverktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaRoter,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller med tastatursnarvegen Shift + R.

4.5.3. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å avgrensa rotasjonsvinklane til multiplar av 15˚.

4.5.4. Innstillingar

Figur 14.131. Innstillingane for «roterverktøyet»

Innstillingane for «roterverktøyet»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Transformer, retning, interpolasjon, klipping, førehandsvising, hjelpelinjer
Retning

Transformeringsretninga bestemmer kva retning laget skal roterast. Normalmodusen vil rotera laget slik du reknar med at det skal skje. Set du roteringa til 10° mot høgre, vil du enda opp med at laget vert rotert 10° mot høgre. Denne oppførsla stemmer ikkje med korrigerande rotasjon.

Bakover (korrigerande) er litt verre å forstå. Dersom biletet er 13° skeivt, treng du ikkje rotera biletet til denne vinkelen. I staden innretter du rutenettet slik at rutene er visuelt parallelle med det skeive biletet. Er t.d. flagstanga skeiv, innretter du rutenettet parallelt med stanga. Når du trykkjer knappen Roter i infovindauget, vert biletet rotert slik at flagstanga vert loddrett. Dette verktøyet er mest brukt nettopp til å rette opp skeive foto.

15 gradar (Shift)

15˚ (Shift) vil avgrensa rotasjonen til vinklar som er multiplar av 15˚.

4.5.5. Dialogvindauget for justering av rotasjonen

Figur 14.132. Dialogvindauget for justering av rotasjonen

Dialogvindauget for justering av rotasjonen

Vinkel

Her kan du setja rotasjonsvinkelen frå -180° til +180°. Totalt kan du altså rotera biletet 360°.

Senter X/Y

Her kan du skriva inn koordinata for rotasjonssenteret. Dette senteret vert vist som ein kross inne i ein sirkel. Du kan også flytta senteret ved å klikka-og-dra i dette punktet. Skulle du ha behov for andre måleeiningar enn piksel, kan du velja dette i nedtrekkslista.

Figur 14.133. Rotasjonssenteret

Rotasjonssenteret

Laget rotert rundt eit dreiepunkt utanom biletet


Knappen «Justera på nytt»

Med denne knappen, tilgjengeleg sidan GIMP 2.10.10, kan du setja transformeringshandtaka tilbake til den opphavlege kvadratforma utan å endra den gjeldande transformeringa og forstørringa. Dette gjer at du kan oppretta meir komplekse transformasjonar ved å bruka fleire steg.

[Notat] Notat

Du kan også rotera laga med kommandoen LagTransformerVald rotasjon