3.16. Gni ut

Figur 14.104. Symbolet for «gni ut» i verktøykassa

Symbolet for «gni ut» i verktøykassa

«Gni ut»-verktøyet lagar fingermåling. Med GIMP-2.10 fungerer det på to måtar:

3.16.1. Å slå på verktøyet

Du kan henta fram «Gni ut»-verktøyet på mange måtar:

  • frå VerktøyTeikneverktøyaGni ut i hovudmenyen,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller med tastesnarvegen S.

3.16.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Shift-tasten gjer at utglattingsverktøyet teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vert det teikna ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, skjer utglattinga i rette linjer frå sluttpunktet til den førre linja.

Figur 14.105. Symbolet for «gni ut» i verktøykassa

Symbolet for «gni ut» i verktøykassa

Shift-klikk og dra for å laga ei linje


Ctrl

Tastekombinasjonen Ctrl + Shift gjer at verktøyet teiknar i vinklar delelege med 15°. (15°, 30° osv.)

3.16.3. Innstillingar

Figur 14.106. Innstillingar for «Gni ut»

Innstillingar for «Gni ut»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Dekkevne, pensel, storleik, sideforhold, vinkel, mellomrom, hardleik, tving, dynamikk, innstillingar for dynamikk, bruk sitring, mjukare strok, lås pensel til forstørringa

Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.

Hard kant: dette valet gjev eit hardt omriss for det utsmurde området.

Mengd

Dette valet kunne vore kalla «utgnidingslengd» sidan det bestemmer lengda på utgnidingseffekten i eit strok.

Figur 14.107. Eksempel på mengd

Eksempel på mengd

1: Mengd = 20 2: Mengd = 60 3: Mengd = 90


Ingen sletteeffekt

Viss utgnidinga reduserer alfa for nokre pikslar, vert alfaen ikkje redusert viss dette alternativet er merkt av. Pikslane vert difor ikkje sletta. Dette er nyttig for å fylla eit gap mellom to fargeområde.

Figur 14.108. Eit eksempel på «Ingen sletteeffekt» frå programmet

Eit eksempel på «Ingen sletteeffekt» frå programmet

Utan «Ingen sletteeffekt»

Eit eksempel på «Ingen sletteeffekt» frå programmet

Med «Ingen sletteeffekt»


Flyt

Me har alt sett skilnaden når «Flyt» er sett til 0,00 (arbeidar på det opphavlege utglattingsverktøyet) og sett til større enn 0,00 (brukar forgrunnsargen for utglattinga).

«Ingen sletteeffekt» og «Flyt» er nye alternativ i GIMP-2.10. Her er merknadar og eksempel frå programmeraren av desse alternativa i gimp-forum.net: