4.2. Innrettingsverktøyet

Figur 14.119. Innrettingsverktøyet i verktøykassa

Innrettingsverktøyet i verktøykassa

Innrettingsverktøyet vert brukt for å retta inn («stilla på linje») biletlaga i høve til ulike biletobjekt. Når dette verktøyet er vald, får musemarkøren form som ei lita hand. Du vel laget som skal rettast inn ved å klikka på eit element i biletlaget. (Held du nede Shift-tasten medan du klikkar, kan du velja fleire lag som skal innrettast samstundes). Det valde laget får ein liten firkant i kvart hjørne og vert kalla kjelde. Deretter vert knappane i dialogvindauget slått på (dei vert ståande påslåtte under heile GIMP-økta): dei let deg velja målet, dvs. anna lag, utval, bane, som kjelda vert innretta i høve til.

4.2.1. Å slå på verktøyet

Du kan slå på dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaInnrett,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller ved å trykkja på tasten Q.

4.2.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Du kan markera fleire lag samstundes ved å halda nede Shift-tasten når du klikkar på laga.

[Tips] Tips

Ofte vil det vera enklare å velja fleire lag ved hjelp av «strikkmetoden»: Klikk ein eller annan stad utanfor eit tenkt rektangulært område som inneheld dei laga du vil markera. Dra ut regionen med musepeikaren medan du held museknappen nede. Når du slepp musepeikaren, vert alle laga som er innføre rektangelet markerte.

Legg merke til at det nå ikkje er noko «første element» å innrette laga etter.

4.2.3. Verktøyinnstillingar

Figur 14.120. Instillingane for «innrettingsverktøyet»

Instillingane for «innrettingsverktøyet»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Innrettingsverktøyet
Relativ til:

I denne nedtrekkslista vel du målet, biletobjektet som laget vert justert i høve til.

  • Første element: Det første av fleire element vald ved å halda nede Shift-tasten. Dersom du har brukt «strikkmetoden», er Første element ikkje tilgjengeleg.

  • Bilete: Biletet vert brukt som mål.

  • Utval: Utvalet vert brukt som mål.

  • Gjeldande lag: Det gjeldande laget i lagdialogvindauget er målet.

  • Gjeldande kanal: den gjeldande kanalen som inneheld eit utval du har laga tidlegare er målet.

  • Gjeldande bane: Den gjeldande banen vert brukt som mål.

Innrettingsknappane

Desse knappane vert slått på når eit mål er vald.

  • Innrett venstreside av målet: innrettar venstre kant av kjelda med venstre kant av målet.

  • Innrett sentrum av målet: innrettar midten av kjelda med den loddrette midten av målet.

  • Innrett høgre kant av målet: for å innretta den høgre kanten av kjelda mot den høgre kanten av målet.

  • Innrett øvre kanten av målet: for å innretta øvre kanten av kjelda med øvre kanten av målet.

  • Innrett midten av målet: innrettar midten av kjelda med den vassrette midten av målet.

  • Inrett nedre kanten av målet: for å innretta nedre klanten av kjelda mot nedre kanten av målet.

Eksempel

Eit bilete med eit utval, lag #1 (bakgrunn) er det gjeldande laget, #2 er klipt til innhaldet,, lag #3 er eit tekstlag.

Me klikkar på den gule sirkelen: lag #2 vert kjelda. Me vil senda denne kjelda til midten av utvalet: valet «Relativ» er sett til «Utval».

Innrett sentrum av laget er klikka på

Innrett midten av laget er klikka på

Med forskyving
Fordel knappane

Desse innstillingane er brukte når du har fleire mål og ønskjer å stilla dei opp. Her er laga merkte med Shift + Klikk er kalla «mål». Men dei er eigentleg kjelder. Valet «Relativ til» er sett for å bestemma målet. Desse transformeringane er som oftast relative til «bilete».

Desse alternativa verkar som innrettingsinnstillingane, men du kan leggja til forskyving og det er i tillegg nokre nye val som du kan bruka for å fordela kjeldene jamt.

  • Fordel venstre kant i målet: for å fordela venstre kant av kjelda på venstre kant av målet (biletet).

  • Fordel vassrett senter i målet: for å fordela midten av kjelda på midten av målet (biletet).

  • Fordel høgre kant i målet: for å fordela høgre kant av kjelda på høgre kant av målet.

  • Fordel måla jamt vassrett: for å fordela kjeldene jamt vassrett.

  • Fordel venstre kantar i måla: for å fordela dei øvre kantane av kjeldene på dei øvre kantane av målet.

  • Fordel loddrett midtpunkt i måla: for å fordela midtpunkta av kjeldene på midtpunkta av målet.

  • Fordel dei nedre kantane i måla: for å fordela dei nedre kantane av kjeldene på dei nedre kantane av målet.

  • Fordel måla jamt loddrett: for å fordela kjeldene jamt loddrett.

Forskyving

Forskyvinga kan vera positiv eller negativ og vert uttrykt i pikslar. Fordelinga legg det til dei venstre kantane, vassrette midtpunkt, høgre kantar, øvre kantar, loddrette midtpunkt eller nedst i kjeldene.

Figur 14.121. Eksempel på bruk av «Fordel»

Eksempel på bruk av «Fordel»

Basisbilete: tre lag. Eksempel på bruk av «Fordel»(Fordel høgre kantar av måla) vert brukt.

Eksempel på bruk av «Fordel»
Det gjeldande laget er gult (målet). Forskyving = 0: lle laga er justerte på den høgre sida av det gule laget.
Eksempel på bruk av «Fordel»
Set gjeldande laget er gult. Forskyving = 10:

Nye funksjonar i GIMP 2.10

P 2.10 viser relative koordinat (vassrett og loddrett) når hjelpelinjene og prøvepunkta vert flytte. Koordinata er relative til startpunktet.

4.2.4. Eit praktisk eksempel på bruk av «Fordel»

Figur 14.122. Opphav

Opphav
Fire tekstlag med same storleik. Me ønskjer å innretta dei i midten av biletet.


      

Opphav

Me merkte dei som jelder med Shift + Klikk.

Opphav

Standardmålet (Relativt til) er «bilete». Forskyving = 0. Me brukte kommandoen Opphav(Fordel vassrette midtpunkt for måla).

Opphav

Etter å ha brukt Opphav(Fordel måla jamt vassrett) med forskyving = 5.


4.2.5. Innrett med gummistrikk

Figur 14.123. Innrett med gummistrikk

Innrett med gummistrikk

Vi klikka til venstre for og over det raude laget og dro ut eit område som dekker det raude og det gule laget ved å dra peikaren nedover mot høgre.

Innrett med gummistrikk

Referansen er «Utval». Etter å ha klikka på Innrett med gummistrikk er begge laga innretta etter den venstre sida av utvalet.