Dette verktøyet blir helst brukt til å lage komplekse utval, men kan også nyttast til andre ting. Ein bane er eigentleg ei spesiell vektorkurve som matematikarane vil kjenne igjen som «bézierkurver». Baneverktøyet kan likne ein del på «lassoen», men bruker vektorkurver i staden for å teikne prikk for prikk. Du kan redigere bézierkurvene, teikna med dei og både lagra og hente dei fram igjen. Du kan også bruke verktøyet for å lage geometriske figurar. Baneverktøyet har sitt eige dialogvindauge. (Eigentleg kunne dette verktøyet like gjerne heitt «kurveverktøyet»).
Du kan hente fram dette verktøyet på mange måtar:
I hovudmenyen via
→ .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.
Med tastesnarvegen B.
Notat | |
---|---|
Legg merke til at det dukkar opp hjelptekstar nedst i biletvindauget når du bruker desse tastane. |
Denne tasten har fleire funksjonar som er avhengige av samanhengen han blir brukt i. Sjå nærare om desse nedanfor under verktøyinnstillingane.
Baneverktøyet kan verta brukt i tre ulike arbeidsmodus: Lag ny, Rediger og Flytt. Ctrl-tasten bytar mellom Lag ny og Rediger. Alt-tasten (eller Ctrl+Alt) bytar mellom Lag ny og Flytt.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Dette er normalmodus for baneverktøyet. Du teiknar banen ved å klikka der du vil ha kontrollpunkta. Du kan flytte kontrollpunkta ved å klikka på dei og dra dei dit du vil. Mellom kontrollpunkta finn du segmenta.
Tips | |
---|---|
For å lukka kurva på raskaste måten, klikkar du på startpunktet medan du held nede Ctrl-tasten. I tidlegare versjonar blei banen omgjort til eit utval ved å klikka innføre banen. Nå må du bruka knappen eller knappen () i verktøyinnstillingane. |
Tips | |
---|---|
Når du har to handtak vil dei normalt arbeide symetrisk. Slepp opp museknappen for å flytte handtaka kvar for seg. Trykk ned Shift-tasten for å få dei til å arbeida symmetrisk igjen. |
Fleire funksjonar er tilgjengelege når du brukar utformingsmodus:
Setja inn ein ny node: Når du trykkje inn Ctrl og held musepeikaren over den gjeldande banen, endrar musepeikaren seg til ein «+». Klikkar du, vert det sett inn ein ny node der musepeikaren er på banen.
Flytt ein eller fleire noder: Modus vert markert ved at musemarkøren har form som eit kors av fire piler. Du kan klikke og dra med dette verktøyet. Ved å halda nede Shift-tasten, kan du velja fleire noder ved å klikka på dei og flytta dei ved klikk og dra. Held du nede tastekombinasjonen Ctrl+Alt, kan du flytta heile banen i eitt stykke.
Endra handtaka: Du må først ha redigert ein node for å få fram handtaket. Dra i handtaket for å bøya kurva. Hald nede Shift-tasten for å få fram symmetriske handtak.
Endra segment: Når musepeikaren er over eit segment (linja mellom punkta), vil musemarkøren endra utsjånad til 4-pilskrossen. Klikk og dra for å bøya segmentet. Så snart du byrjar å flytta markøren, vil handtaka dukke opp i begge endar av segmentet. Held du nede Shift-tasten vert handtaka symmetriske.
Leggja til ny underbane: Når du trykkjer Shift og held musepeikaren på utsida av den gjeldande banen viser musepeikaren eit kvadrat. Klikkar du nå, vert det laga ein ny bane som ikkje er kopla til andre banar, men vert sett på som ein del av banen.
Rediger utfører funksjonar som ikkje er tilgjengelege når du er i Lag-ny-modus. Du kan berre redigera på banar som finst. Kjem peikaren utanfor banen, vert utsjånaden endra til eit «forbodsskilt». Du kan ikkje gjera noko som helst med banen.
Legg til eit segment mellom to noder: Klikk på ein node for å aktivera banen. Musemarkøren vil endre seg til unionsymbol. Klikk på ein annan node for å lenke desse saman. Dette kan vere nyttig når du skal lenke saman opne komponentar.
Fjerna eit segment frå banen: Hald nede tastekombinasjonen Shift+Ctrl medan du peikar på eit segment. Musemarkøren endrar seg til «-». Klikk for å fjerna segmentet.
Legg til ein node i ein bane: Peik på eit segment. Musepeikaren endrar utsjånad til «+». Klikk der du vil ha den nye noden.
Fjern ein node: Held du nede tastane Shift+Ctrl medan du peikar på ein node, vil musepeikaren skifta til «-». Klikk for å fjerna noden.
Legg handtak til ein node: Peik på noden. Peikaren skifter til ei lita hand. Flytt på noden og handtaka dukkar opp. Shift-tasten skifter mellom symmetriske handtak eller ikkje.
Fjerna eit handtak frå ein node: Hald nede Shift+Ctrl medan du peikar på eit handtak. Peikaren skifter ikkje til det venta minusteiknet, men er framleis ei lita hand. Klikk på handtaket for å fjerna det.
Obs | |
---|---|
Du får ingen varsel før du fjernar ein node, eit segment eller eit handtak. |
Når du er i Flyttemodus kan du flytte ein del av banen eller alle delane i ein bane ved å klikke og dra.
Har du fleire element, vert berre dei markerte elementa flytta på. Klikkar og dreg du utanfor ein bane, vert alle elementa flytte. Shift-tasten skiftar mellom å flytta alle eller berre utvalde element.
Med dette valet er alle segmenta lineære. Det blir ikkje sett til handtak, og segmenta blir rette sjølv om du flyttar på dei.
Trykkjer du ned denne knappen, ver banen laga om til eit utval. Utvalet vert som vanleg markert med «marsjerande maur» rundt kantane. Merk at banen framleis er der og du kan arbeide vidare med baneverktøyet som før, utan å påverka utvalet. Byter du verktøy, vert utvalet usynleg, men det finst i banedialogvindauget der du kan aktivera det igjen.
Dersom banen ikkje er lukka vil GIMP lukke banen med ei rett linje mellom endepunkta.
Som snakkebobla for hjelp seier, viss du held du nede Shift-tasten medan du trykkje på knappen, vert det nye utvalet lagt til eit eventuelt eksisterande utval. Held du nede Ctrl-tasten vert det nye utvalet trekt i frå den eksisterande, og held du nede begge tastane samstundes, vert resultatet eit snitt mellom det gamle og det nye utvalet.
Dette gjer at ein lukka bane vert fylt einsfarga eller med eit mønster.
Du finn meir om dette i banar.