Flytteverktøyet vert brukt til å flytte lag, utval, hjelpelinjer og tekst.
Du kan henta fram flytteverktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → ,Ved å klikka på verktøysymbolet .
Ved å trykkja på tasten M.
Flytteverktøyet vert også slått på automatisk når du lagar ei hjelpelinje.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Hugs på at innstillingane du gjer også er gyldige neste gong du opnar eitt av verktøya som brukar desse innstillingane.
Dersom flytt gjeld «Lag»
På eit bilete med fleire lag, vil musepeikaren skifta til eit kryss når han er over eit element som høyrer til det gjeldande laget. Du kan då klikka og dra elementet. Dersom musepeikaren viser ei lita hand, som viser at du ikkje kan henta eit element frå det gjeldande laget, vert eit ikkje-gjeldande lag flytt i staden. (Det vert det gjeldande laget under sjølve flyttinga).
Ei hjelpelinje som er i bruk vert raud når musepeikaren er over henne. Dette betyr at linja er i bruk og kan flyttast på.
Du kan klikka og dra på kryssingspunktet for to hjelpelinjer for å flytta dei saman. Dette er nyttig når hjelpelinjene vert brukte for å markera eit punkt i staden for linjer (for eksempel symmetrihjelpelinjene i mandala, som markerer dei opphavlege symmetripunkta).
Berre det gjeldande laget vert flytt (viss det er mindre enn lerretet). Dette kan vera nyttig når laget inneheld gjennomsiktige område som gjer det lett å velja feil lag.
Notat | |
---|---|
Du kan også flytta det gjeldande laget ved å setja forskyvinga i dialogvindauget for å redigera laget. |
Dersom flytt gjeld «Utval»
Omrisset til utvalet vert flytta. (Sjå Del 2.1, «Å flytta eller endra storleik på eit utval»).
Dersom flytt gjeld «Bane»
Dette er normalinnstillinga. Musepeikaren skifter til ei lita hand når han er over ein synleg bane for å visa at du kan flytta denne banen ved å klikka og dra. Banen vert den gjeldande banen under flyttinga.
Berre den gjeldande banen vert flytt. Du kan byta gjeldande bane i banedialogvindauget.
Med flytteverktøyet kan du berre flytta omrisset av eit utval. Dersom flyttemodus er sett til «Lag», må du halda nede tastane Ctrl+Alt.
Dersom flyttemodus er sett til utval, kan du klikka og dra kvar som helst på biletet for å flytta omrisset av utvalet. Du kan også bruka piltastane for å flytta utvalet meir nøyaktig. Held du nede Shift-tasten vil flyttinga gå i steg på 25 pikslar.
Når du flyttar eit utval med flytteverktøyet, vert senteret i utvalet markert med eit lite kryss. Dersom valet
→ er slått på, vert både dette krysset og omrisset for utvalet fest til hjelpelinjene/rutenettet.Sjå Del 2.1, «Å flytta eller endra storleik på eit utval» for andre tips om flytteverktøyet.
Flyttemodus må vera «lag». Då kan du velja mellom Flytt det gjeldande laget og, dersom du har eitt eller fleire lag, Peik til laget (eller hjelpelinje).
Alle laga som er lenkja samen (med lenkjesymbolet), vert flytt uansett kva lag som er det gjeldande.
Flytteverktøyet vert slått på automatisk når du hentar ei hjelpelinje frå linjalen. Dersom du i mellomtida brukar eit anna verktøy, må du slå på flytteverktøyet igjen for å flytta hjelpelinja. Når flytteverktøyet treff ei hjelpelinje, skifter ho til raudt og du kan klikka og dra for å flytta henne.
Baneverktøyet har sin eigen flyttefunksjon forklart i avsnittet Del 5.2, «Banar». Ønskje du likevel å bruka flytteverktøyet, må flyttemodus setjast til «Bane». Når du flyttar banen på denne måten, vert han usynleg. Du må gjere han synleg igjen frå banedialogvindauget. Du kan anten velja banen som skal flyttast, eller du kan flytta den gjeldande banen.
Kvar tekst har sitt eige lag og kan flyttast som eit lag. Sjå Del 5.6, «Tekst».