Lupa vert brukt til å forstørra eller forminska visinga av biletet på skjermen. Biletfila vert ikkje endra. Dersom du klikkar på biletet med lupa, vil dette verka på heile biletet, men du kan også klikka og dra med musepeikaren for å markera eit rektangel som vert forstørra eller forminska. Dersom det ikkje er merkt av for «automatisk tilpassing av vindauget», vil den lengste sida i rektangelet tilpassa seg den tilsvarande sida i biletvindauget.
Du kan henta fram dette verktøyet frå biletmenyen via
→ ,eller ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa.
Hald nede Ctrl-tasten for å få lupa til å byta verktøymodus i høve til den som er sett i innstillingsvindauget.
Du kan variera forstørringsgraden ved å halde nede Ctrl-tasten samstundes som du bruker musehjulet.
Gjer at biletvindauget om nødvendig vil forandra storleik for å tilpassa seg den nye visinga.
Her bestemmer du om lupa skal forstørre eller forminske.
Lupa er ikkje den einaste måten å påverka kor stort biletet skal visast på skjermen. Du kan også bruke forstørr-menyen. Denne menyen gir deg mellom anna høve til å bestemma meir nøyaktig kor mykje biletet skal forstørrast eller forminskast.