Grensesnittet for GIMP er no tilgjengeleg i to modus:
multivindauge-modus,
enkeltvindauge-modus.
Første gongen du opnar GIMP, vert det opna i enkeltvindauge-modus. Du kan byta til multivindauge-modus ved å fjerna avmerkinga for
→ i biletmenyen. Neste gong du opnar GIMP vert det opna i den modusen du har sett her.Skjermbiletet over syner det mest grunnleggjande og effektive multivindauget for GIMP.
Her kan du sjå to panel med eit biletvindauge i midten. Eit anna bilete er delvis maskert. I det venstre panelet er verktøykassa og menyen for verktøyinnstillingane samla. I tillegg finn du her også utstyrsstatus, angreloggen og biletdialogvindauget. Det høgre panelet inneheld penslar, mønsterelement, skrifttypar og dokumentloggen i eit dokkpanel og lag, kanalar og banar i eit anna.
Hovudverktøykassa: Inneheld eit sett med ikonknappar som vert brukte til å velja verktøy. Som standard inneheld ho også forgrunns- og bakgrunnsfargar. Du kan leggja til pensel, mønsterelement, fargeovergang og eit ikon som viser gjeldande bilete. Bruk → → for å slå på eller av dei ekstra elementa.
Verktøyinnstillingar: Like under verktøykassa er det limt inn eit dialogvindauge som viser innstillingane for det gjeldande verktøyet (i dette tilfellet flytteverktøyet).
Biletvindauge: Kvart bilete som vert opna i GIMP, vert vist i eit eige vindauge. Kor mange biletvindauge du kan ha opne samstundes, vert bestemt av ytingane til datamaskinen din. Det er ikkje råd å gjere noko nyttig i GIMP utan at minst eitt biletvindauge er ope. I biletvindauget finn du også menylinja med hovudmenyane (Fil, Rediger, Utval …). Desse menyane er også tilgjengelege ved å høgreklikka i vindauget.
Eit bilete kan vera større enn biletvindauget. Då vil GIMP visa biletet forminska slik at heile biletet er synleg i vindauget. Dersom du viser biletet i 100 % vising, vil det dukka opp rullefelt i kanten av vindauget slik at du kan flytta biletet innføre vindauget.
Dokkpanelet Penslar, Mønsterelement, Skrifter, Dokumentlogg ‒ merk at dialogvindauga i dokkpanela er faner. Penselfana er ope: viser penseltypen som vert brukt av teikneverktøya.
Lag, kanalar, banar: Det innlimte dialogvindauget under penseldialogvindauget viser fanene for å administrera lag, kanalar og banar. Lag-fana er ope: ho viser lagstrukturen til det gjeldande biletet og kan handsamast på mange ulike måtar. Det er mogleg å gjera nokre få heilt grunnleggjande ting utan å bruka lag-dialogvindauget, men sjølv moderat sofistikerte GIMP-brukarar finn det fornuftig å ha lagdialogvindauget tilgjengeleg heile tida.
Handsaming av dialogvindauge og dokkpanel er omtalte i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du finn dei same elementa som i multivindauge-modus, men med litt andre handsamingsmåtar:
Venstre og høgre panel er faste. Du kan ikkje flytta dei. Men du kan endra breidda på dei ved å dra flyttepeikaren som kjem fram når musepeikaren er over høgre kant på det venstre panelet. Dersom du vil behalda det venstre panelet smalt, bruk glidebrytaren nedst i verktøyinnstillingane for å bla deg gjennom visingsinnstillingane.
Dersom du reduserer breidda på eit dokkpanel med fleire faner, kan det henda at det ikkje er plass til å visa alle fanene. Det vil då koma fram nokre pilspissar som du kan bruka for å rulle gjennom fanene.
Som i multivindauge-modus, kan du gøyma desse panela ved å bruka tasten Tabulator.
Biletvindauget bruker heile plassen mellom panela.
Når fleire bilete er opne vert det vist ei linje over biletvindauget med ein fane for kvart bilete. Du kan navigere deg frå bilete til bilete ved å klikke på fanene eller ved å bruke anten Ctrl + Page Up eller Page Down eller Alt + Tal. «Tal» er tabulatornummeret. Bruk taltastane øvst på tastaturet, ikkje taltastaturet. (I nokre språkoppsett må du bruka Alt + Shift).
Dette forslaget kan du sjå på som eit minimumsoppsett. Det finst eit tital andre dialogvindauge som vert brukte av GIMP til ulike føremål, men som oftast hentar brukaren desse fram når det er behov for dei, og stengjer dei att etter bruk. Det vanlegaste er å ha verktøykassa med verktøyinnstillingane, og lagdialogvindauget tilgjengelege heile tida. Verktøykassa er viktig for det aller meste du gjer i GIMP. Verktøyinnstillingane er eigentleg eit eige dialogvindauge som på biletet over er limt inn like under verktøykassa. Dett er ganske praktisk i og med at det er vanskeleg å bruka verktøya effektivt utan å sjå korleis dei er innstilte. Lagdialogvindauget vil alltid vera i bruk når du arbeidar med lagdelte bilete, det vil i praksis seia omtrent alltid. Det er vel heilt unødvendig å nemne at det også er praktisk å ha biletet framme når du arbeidar på det. Dersom du prøver å lukka biletvindauget utan å lagra, vil GIMP spørja deg om du verkeleg vil dette.
Notat | |
---|---|
Dersom skjermen din etter kvart vert noko rotete, er det heldigvis lett å få fram igjen det tidlegare brukte oppsettet ditt ved å gå inn på biletmenyen i det øvre, høgre hjørnet og klikk deretter på , eller alt etter kva ønskje du har. → . Dette menyvalet er berre tilgjengeleg når det er eit opna bilete i biletvindauget. For å leggja til, løyse eller lukka ei fane frå dokkpanelet, klikk på fanesymbolet |
Dei neste avsnitta vil føra deg gjennom dei ulike komponentane i kvart av vindauga viste på skjermbiletet, og forklara korleis dei kan brukast. Når du har lese gjennom dette, pluss avsnittet som forklarar dei grunnleggjande strukturane for eit GIMP-bilete, bør du ha lært nok til å kunna bruka GIMP til det meste du måtte ha bruk for innan biletbehandling. Deretter kan du kikka gjennom resten av handboka ein dag du finn tid til det, eller du står fast på eit problem. Du vil truleg verta overraska over dei nærast utallege subtile og spesialiserte måtane du kan bruke GIMP på. Ha det morosamt!
Alt i GIMP er bygd opp omkring verktøykassa. Her er ein rask gjennomgang av kva du kan finna der.
Tips | |
---|---|
I verktøykassa, som i det meste av GIMP elles, kan du la musepeikaren kvila ei lita stund over eitt eller anna, og det vil til vanleg dukka opp ei lita melding som fortel kva dette er og kva det kan brukast til. I mange tilfelle kan du også trykkja F1-tasten for å få meir hjelp om det som er under musepeikaren. |
Normalt vil berre ikonet for forgrunn og bakgrunn vera synleg. Du kan leggja til ikon for pensel ‒ mønsterelement ‒ fargeovergang og symbolet for å visa det gjeldande biletet i Verktøyoppsettet.
→ → :Verktøysymbola: Desse symbola er knappar som du kan trykkja på for å slå på verktøya for dei ulike føremåla. Dette kan vera for å velja ut delar av biletet, teikna på biletet, omforma bileta osv. Du finn meir om dette i Del 1, «Verktøykassa». Her finn også eit oversyn over korleis du kan arbeida med verktøya. Dei einskilde verktøya er nærare omtala i kapitlet om verktøya.
Notat | |
---|---|
Sidan GIMP-2.10.18 kan desse ikona vera verktøygrupper. Sjå Del 1.2, «Verktøysymbola». |
Forgrunns-/bakgrunns-fargar: Fargerutene her syner gjeldande forgrunnsfarge (strekfarge) og bakgrunnsfarge. Klikkar du på ei av fargerutene, dukkar det opp ein fargeveljar som gjev deg høve til å endra fargen som er i bruk. Klikk på den doble pila og dei to fargane bytter plass. Klikk på symbolet i nedre, venstre hjørnet for å setja fargane til svart og kvit.
Pensel/Mønsterelement/Fargeovergangar: Symbola her viser gjeldande val for desse. Penselen vert brukt av alle verktøya som du kan måla på biletet med. («Måling» i dette tilfellet inkluderer også visking og å gjera biletet meir utydeleg). Mønsterelementet vert brukt for å fylla utvalde område på biletet. Fargeovergangen vert brukt kvar gong eit verktøy har behov for gradvise overgangar mellom fargar eller fargenyansar. Klikk på kvart av symbola for å få opp dialogvindauget som gjev deg høve til å endra innstillingane.
Gjeldande bilete: I GIMP kan du arbeida med mange bilete samstundes, men berre eitt av dei er til ei kvar tid i bruk. Her finn du ein miniatyr av det gjeldande biletet. Klikkar du på miniatyren, kjem det opp ei liste over alle dei opne bileta slik at du kan velje kva bilete du vil arbeida med. Du kan oppnå det same ved å klikka på eit biletvindauge i multi-vindauge-modus eller ein biletfane i enkelt-vindauge-modus.
Du kan «sleppa ned ein handsamar for XDS for å lagra biletet». XDS er eit akronym for «X Direct Save Protocol», som er ein tilleggsfunksjon for X Window Systems grafiske brukargrensesnitt i Unix-liknande operativsystem.
Notat | |
---|---|
GIMP opnar alltid med den penselen, fargen og mønsteret som du brukte då du avslutta programmet. Dette fordi Lagra innstillingar for inndataeiningar ved avslutning i brukarinnstillingane/Inneiningarer merkt som standard. Viss du fjernar markeringa her, vil GIMP bruka den same fargen, penselen og mønsteret heile tida. |
Tips | |
---|---|
Verktøyvindauget viser «Wilber's eyes» langs toppen. Du kan klikka og dra og sleppa eit bilete frå ein filutforskar inn i dette området for å opna det. Du kan sleppa å ha denne logoen der ved å fjerna merket i Vis GIMP logoen i Brukarinnstillingar/verktøykassa. |