2.6. Vel etter farge

Figur 14.27. Symbolet for «Vel etter farge» i verktøykassa

Symbolet for «Vel etter farge» i verktøykassa

Verktøyet «Vel etter farge» er utforma for å velja område av eit bilete basert på fargelikskap. Det fungerar mykje som «tryllestaven». Hovudskilnaden er at tryllestaven vel samanhengande område, med alle delar kopla til startpunktet med banar som ikkje inneheld store mellomrom, medan «Vel etter farge» vel alle pikslane som er tilstrekkeleg like i fargen til pikselen du klikkar på, same kvar dei er i biletet.

2.6.1. Å slå på verktøyet

Du kan henta fram «Vel etter farge» på mange måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaVel etter farge,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller med tastesnarvegen Shift + O.

2.6.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

2.6.3. Handtaksverktøy

Figur 14.28. Vel etter farge

Vel etter farge

Som med tryllestaven, byrjar veljinga straks du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Du kan forandra terskelverdiane ved å klikka og dra på same måten som for tryllestaven.

Du kan flytta omrisset av utvalet med piltastane, ikkje med datamusa.

2.6.4. Innstillingar

Figur 14.29. Innstillingane for verktøyet «Vel etter farge»

Innstillingane for verktøyet «Vel etter farge»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

[Notat] Notat

Mange av innstillingane er felles for alle utvalsverktøya og er nærare omtalte i Innstillingar for utvalsverktøy. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Vel gjennomsiktige område, Flett synlege og Teiknemaske

Alle desse innstillingane verkar på same måten som omtalt under tryllestaven. Sjå Del 2.5.4, «Innstillingar».