4.12. Spegelvending

Figur 14.157. Symbolet for «spegelvending» i verktøykassa

Symbolet for «spegelvending» i verktøykassa

Verktøyet «spegelvend» vert brukt for å spegelvende lag eller utval horisontalt eller vertikalt.

4.12.1. Å slå på verktøyet

Du kan henta fram spegelvendingsverktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformeringsverktøyaSpegelvend,

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller med tastatursnarvegen Shift + F.

4.12.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrl skifter mellom horisontal og vertikal spegelvending.

4.12.3. Innstillingar

Figur 14.158. Innstillingane for spegelvending

Innstillingane for spegelvending

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Spegelvend
Venderetning

Verktøyet byter mellom å spegelvenda anten vassrett eller loddrett. Du kan gjera det same med Ctrl.

Klipping
Bruka hjelpelinjer

Frå GIMP-2.10 kan du bruka hjelpelinjene som omdreiingsaksar for spegelvending i staden for midtpunktet i laget. Set ei hjelpelinje, opna verktøyet for spegelvending og trykk på hjelpelinja.

Til venstre det opphavlege biletet med ei hjelpelinje i bruk.

Til høgre: resultatet av klippeinnstillinga sett til klipp.