3D Transform-verktøyet let deg endra perspektivet til eit lag og flytta det i 3D-rommet. Du kan setja eit forsvinningspunkt og deretter rotera laget langs X-, Y- og Z-aksane.
Du har her det vanlege dialogvindauget med innstillingar i verktøykassa og på-lerretet-innstillingane.
Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:
Frå hovudmenyen:
→ →Kan også hentast ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastatursnarvegen Shift + W.
Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøysymbolet.
Notat | |
---|---|
Sjå Del 4.1, «Felles eigenskapar» for omtale av dei verktøyinnstillingane som er felles for mange eller alle transformeringsverktøya: |
Med dette valet kan du endra forsvinningspunktet og også panorera og rotera utan å byta mellom fanene i dialogvindauget for på-lerretet-innstillingane.
Når du held nede Shift vert den gjeldande transformeringsaksen fest i førehandsvisinga.
Når du trykkjer Ctrl, vert transformeringa gjort rundt Z-aksen.
Dette valet gjer at du kan kontrollera transformeringa av den lokale ramma i det gjeldande laget i staden for i alle laga.