2.5. Tryllestaven

Figur 14.21. Symbolet for «Tryllestaven» i verktøykassa

Symbolet for «Tryllestaven» i verktøykassa

Tryllestaven vert brukt for å velja ut samanhengande område med meir eller mindre same farge.

Når du nyttar dette verktøyet, er det svært viktig å velja det rette startpunktet. Vel du feil, kan resultatet verta nokså langt frå det du hadde venta deg.

«Tryllestaven» er eit godt verktøy for å velja ut område med skarpe, markerte kantar. I tillegg er det morosamt å bruka det, så nybyrjarane likar ofte dette verktøyet svært godt. Etter kvart vert kanskje gleda byt ut med frustrasjon over at du ikkje greier å gjera nøyaktig det utvalet du ønskjer. Etter kvart finn dei kanskje ut at verktøya Bane og Vel etter farge ofte er betre. Du bør likevel ikkje avskriva tryllestaven. Han er fin til å velja ut eit område innføre eit omriss, og for å retta opp unøyaktige markeringar. Vidare er han ofte svært nyttig for å velja einsfarga eller nær einsfarga bakgrunnar eller større fargeflater.

Legg merkje til at når det valde området utvidar seg frå midten, forplantar det seg ikkje berre til pikslar som ligg inntil kvarandre, det er i stand til å hoppa over små hol, avhengig av kva som er sett i Terskel. For å auka / minska «Terskel» under bruk av tryllestaven, etter det første knappetrykket, dra peikaren nedover (eller til høgre) eller oppover (eller til venstre).

2.5.1. Å slå på verktøyet

Du kan henta fram tryllestaven på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaTryllestaven,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller ved å trykkja på tasten U.

2.5.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

2.5.3. Å bruka verktøyet

Figur 14.22. Bruk av tryllestaven

Bruk av tryllestaven

Tryllestaven byrjar å velja ved at du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Du vil då sjå korleis markeringa flyt utover som vatn over eit flatt lende etter kvart som punkta med liknande farge som startpunktet vert markerte. Du kan kontrollera kor like fargane må vera for å verta tekne med i utvalet ved å flytta musepeikaren nedover eller mot høgre. Dess lenger du flyttar peikaren, dess større område. Flytter du peikaren oppover eller mot venstre, vert området redusert.

Du kan flytt omrisset av utvalet med tastekombinasjonen Alt + piltast.

2.5.4. Innstillingar

Figur 14.23. Innstillingane for tryllestaven

Innstillingane for tryllestaven

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

[Notat] Notat

Mange av innstillingane er felles for alle utvalsverktøya og er nærare omtalte i Innstillingar for utvalsverktøy. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar

Felles innstillingar for utvalsverktøya.

Finn liknande fargar

Dette er innstillingar som påverkar måten tryllestaven utvidar seg på ut frå det valde startpunktet.

Vel gjennomsiktige område

Dersom denne er avmerkt, kan tryllestaven markera også gjennomsiktige område. Elles vert ikkje gjennomsiktige område tekne med i utvalet.

Flett synlege

Dette valet kan vera relevant når du har mange lag i biletet, og det gjeldande laget anten er litt gjennomsiktig eller er sett til ein annan lagmodus enn normal. Dersom dette er tilfelle, vil fargane i laget vera annleis enn fargane i det synlege biletet. Tryllestaven vil, dersom du har kryssa av for dette valet, reagera på fargane slik dei ser ut for oss. Dersom valet er umarkert, vil tryllestaven reagera berre på fargane i det gjeldande laget. Sjå nærare i ordboka under Flett synlege .

Diagonale naboar

Når dette valet er slått på vil verktøyet bruka også diagonale nabopikslar ved utrekninga av effekten. Altså at i staden for å bruka dei fire ortogonale (rettvinkla) pikslane vert alle åtte pikslane rundt kvar piksel brukt

Figur 14.24. Eksempel på diagonale naboar

Eksempel på diagonale naboar

Ein piksel med fire ortogonale naboar

Eksempel på diagonale naboar

Ein piksel med fire diagonale naboar

Eksempel på diagonale naboar

Ein piksel med åtte naboar


Figur 14.25. Eksempel der diagonale naboar er brukt

Eksempel der diagonale naboar er brukt

Diagonale naboar ikkje brukt

Eksempel der diagonale naboar er brukt

Diagonale naboar brukt


Terskel

Denne glidebrytaren bestemmer kor like fargane må vera fargen i du byrja med. Dess større verdi, dess større område vert markert. Dersom du etter det første knappetrykket drar peikaren nedover eller til høgre, vert området større. Drar du peikaren oppover eller til venstre, vert området mindre. Du har såleis eigentleg ikkje bruk for denne brytaren til anna enn eventuelt å minska avstanden du må flytta peikaren.

Vel etter

Dette valet bestemma kva biletkomponentar GIMP skal bruka for å rekna ut fargelikskapen.

Du kan velja mellom desse: Samansett, Raud, Grøn, Blå, Alfa, HSV-kulør, HSV-mrtning, HSV-verdi. LCh-lysverdi, LCh-kroma og LCh-kulør.

Teikna maske

Dette valet er berre eit hjelpemiddel for å visualisera utval. Utvalde område merkte med dei marsjerande maura er ikkje alltid like tydelege når ein brukar tryllestaven. Når det er kryssa av for dette alternativet, vert dei valde områda fylte med ein magentafarge så lenge du held nede den venstre museknappen. Fargen forsvinn når du slepp knappen.

Figur 14.26. Eksempel der teiknemaske er brukt

Eksempel der teiknemaske er brukt

Tryllestaven brukt utan teiknemaska

Eksempel der teiknemaske er brukt

Tryllestaven brukt med teiknemaska og museknappen nede.