Viskeleret vert brukt for å fjerna farge frå det gjeldande laget, utvalet eller andre teikneområde. Dersom viskeleret vert brukt på noko som ikkje er gjennomsiktig, slik som ein kanal, ei lagmaske eller eit bakgrunnslag utan alfakanal, vil viskeleret bruka den bakgrunnsfargen som er vist i fargeområdet i verktøyvindauget. Elles vil viskeleret laga det området du viskar på heilt eller delvis gjennomsiktig, avhengig av verktøyinnstillingane. Korleis du kan leggja inn alfakanal i ein kanal eller eit lag er forklart i Del 7.34, «Legg til alfakanal».
Dersom du har behov for å fjerna ei gruppe biletpunkt fullstendig, merkjer du av for «Hard kant» i avkryssingsboksen. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil viskeleret laga gradvise overgangar, sjølv om du har teikna med hardkanta teikneverktøy.
Tips | |
---|---|
Dersom du brukar teiknebrett, kan det vera fornuftig å stilla inn den eine enden av teiknenåla som viskelêr. Dette får du til ved å klikka enden av nåla inn i viskelêret i verktøykassa. Fordi kvar ende av nåla vert oppfatta som ulike verktøy, og såleis får tillagt eige teikneverktøy, vil denne innstillinga vara heilt til du vel eit anna verktøy for den bakre enden av nåla. |
Du kan henta fram dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → ,frå verktøykassa ved å klikka på symbolet ,
eller med tastesnarvegen Shift + E.
Sjå Del 3.1, «Felles eigenskapar» for omtale av dei valtastane som har same effekten på alle teikneverktøya.
Gjer viskeleret om til ein fargehentar. I motsetnad til dei andre verktøya, hentar viskelêret bakgrunnsfarge i staden for forgrunnsfarge. Når du viskar på område som ikkje er gjennomsiktige, vert den opphavlege fargen erstatta med bakgrunnsfargen. Dette er til vanleg det mest fornuftige.
Denne tasten set viskeleret i «visk inn»-modus. Dette finn du forklart nedanfor. Dersom Alt-tasten ikkje verkar på maskinen din, prøv Shift + Alt i staden.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Dersom du for dette verktøyet erstattar ordet «dekkevne» med «viskestyrken», vil denne innstillinga kanskje vera lettare å forstå. Dess større dekkevne, dess kraftigare viskar viskelêret. Dersom du brukar viskeléret på eit lag med alfakanal, vil høgare dekkevne, eller altså viskestyrke, gje større gjennomsikt!
Dette valet forhindrar delvis utvisking av strokkantane. Sjå nedanfor.
Det motsette av å viska ut må vel vera å viska inn. Viskeleret vil «av-viska» eit område på biletet dersom dette valet er markert. Du kan sjå på «visk inn» som ein variant av å «angra» utviskinga. Funksjonen kan berre brukast på lag med alfakanal. Du kan også slå på denne funksjonen ved å halda nede Alt-tasten, eller Shift + Alt på nokre maskiner.
Notat | |
---|---|
For å forstå korleis «innvisking» er mogleg, bør du hugse på at utvisking berre påverkar alfakanalen, ikkje RGB-kanalen som inneheld biletdata. Så sjølv om resultatet av utviskinga er fullstendig gjennomsiktig, er RGB-dataa der, dei er berre usynlege. «Visk inn» aukar alfaverdien slik at dei underliggjande dataa vert synlege igjen. |