3.14. Perspektivkloning

Figur 14.99. Verktøyet «perspektivkloning» i verktøykassa

Verktøyet «perspektivkloning» i verktøykassa

Dette verktøyet vert brukt til å klone i det perspektivet du ønskjer. Først bestemmer du perspektivlinjene på same måten som i verktøyet forandre perspektiv. Deretter vel du perspektivkloning og kloner på same måte som ved bruk av kloneverktøyet.

3.14.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten frå

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyPerspektivkloning,

  • Du kan også få fram dette verktøyet ved å klikke på symbolet i verktøykassa.

3.14.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrl-klikk for å velje kjelde for kloninga, dvs. området det skal klonast frå.

Shift

Dersom du trykker denne tasten, vil du sjå ein tynn strek mellom det punktet du sist klikka på som kjeldeområde og til musepeikaren. Dersom du klikkar igjen, medan du held nede Shift-tasten, vil verktøyet klone langs denne linja.

3.14.3. Innstillingar

Figur 14.100. Innstillingane for verktøyet «perspektivkloning»

Innstillingane for verktøyet «perspektivkloning»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Operasjonsmodus

Når du skal perspektivklone, må du først Forandre perspektiv. Dette verkar på same måten som i verktøyet perspektiv. Deretter vel du perspektivkloning og bruker verktøyet på same måten som kloneverktøyet.

Mode; Opacity; Brush; Size; Aspect Ratio; Angle; Spacing; Hardness; Dynamics; Dynamics Options; Force; Apply Jitter; Smooth Stroke; Lock brush to view

Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.

Hard edge: this option gives a hard contour to the cloned area.

Kjelde, Innretting

Desse er nærare omtalte under kloneverktøyet.

3.14.4. Eksempel

Figur 14.101. Eksempel på bruk av verktøyet «perspektivkloning»

Eksempel på bruk av verktøyet «perspektivkloning»

«Forandre perspektiv» er aktivert. Perspektivlinjene er plasserte.

Eksempel på bruk av verktøyet «perspektivkloning»

«Perspektivkloning» er aktivert. Det kvite rektangelet er klona. Du kan sjå at det vert smalare for å vise at det fjernar seg.