3.3. Teikneverktøya (blyanten, målarpenselen og luftpenselen)

Figur 14.61. Eksempel på penselstrok

Eksempel på penselstrok

Den runde, diffuse penselen som er vist oppe til venstre er brukt på desse tre stroka. Frå venstre: blyant, målarpensel og luftpensel.


Verktøya i denne gruppa er dei grunnleggande teikneverktøya i GIMP. Mange av fellestrekka for desse verktøya vert omtalte i dette kapitlet. Eigenskapar som er felles for alle teikneverktøya er omtalte i kapitlet felles eigenskapar. Innstillingar som er spesifikke for eit bestemt verktøy, er omtalte i beskrivinga av det aktuelle verktøyet.

Det råaste verktøyet i denne gruppa er blyanten. Han teiknar ein hard strek med skarpt skilje mellom farga og ufarga område. Målarpenselen er noko meir diffus i stroket, og er den mest brukte av desse tre. Luftpenselen er den einaste av desse der fargemengda som vert avgjeve er avhengig av penselrørsla. Dette er gjer at han kanskje den av dei tre som er vanskelegast å bruka.

Alle desse verktøya delar dei same penslane (spissane) og brukar dei same måtane for å velja farge. Dei kan henta farge anten frå ein palett, eit fargekart, eller frå ein fargeovergang. Dessutan kan alle bruka mange ulike måtar for fargeblanding, såkalla modus.

3.3.1. Valtastar

Ctrl

Held du nede Ctrl-tasten, vert verktøyet omdanna til ein fargeplukkar slik at du kan henta forgrunnsfarge, den som vert vist i fargeområdet i verktøykassa, ved å klikka på eit biletpunkt.

Shift

Denne tasten gjer at verktøyet teiknar i rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp vert det teikna ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, vil dette resultere i ei rett linje frå slutten av førre linja.