3.10. Luftpensel

Figur 14.85. Symbolet for luftpenselen i verktøykassa

Symbolet for luftpenselen i verktøykassa

Luftpenselen er den digitale varianten av ulike former for luftverktøy som vert brukte for å leggja farge på biletet. Dette verktøy er spesielt hendig når du skal teikna med mjuke strekar.

3.10.1. Å slå på verktøyet

Du kan henta fram luftpenselen på fleire måtar:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTeikneverktøyaLuftpensel

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • Med tastesnarvegen A (for «Air»).

3.10.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrla endrar luftpenselen til ein fargeplukkar.

Shift

Shift-tasten gjer at luftpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar med den venstre museknappen vert det teikna ei rett linje. Held du fram med nye klikk, vert det teikna rette linjer frå der du sist klikka.

3.10.3. Innstillingar

Figur 14.86. Innstillingane for luftpenselen

Innstillingane for luftpenselen

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne, pensel, storleik, sideforhold, vinkel, mellomrom, hardleik, dynamikkar, innstillingar for dynamikkane, tving, bruk sitring, mjukare strok, lås pensel til visinga

Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.

Berre rørsle: viss denne er avmerkt, teiknar luftpenselen berre nar han vert flytt.

Mengd

Glidebrytaren Dyse bestemmer kor fort fargepåføringa skal gjerast. Ei høgare verdi vil gjeva mørkare penselstrok på kortare tid.

Flyt

Med denne glidebrytaren kan du bestemma kor mykje farge penselen skal gje frå seg i kvart strok. Dess høgare tal, dess mørkare vert kvart strok.