Frihandsutvalet vert brukt for å oppretta eit utval ved å teikna det med peikaren.
Du kan bruka dette verktøyet på to måtar. Du opprettar først startpunktet ved å klikka på biletet. Så:
Hald nede museknappen (dvs. klikk og dra) medan du dreg opp eit frihandsutval. Når sluttpunktet er over startpunktet, slepp du museknappen for å lukka utvalet.
Viss du klikkar på endepunktet, vert det snudd akkompagnert av eit rørleg kryss. Forma kan deretter forstørrast ved å dra.
Eller slepp museknappen og dra for å teikna eit mangesidig utval. Når endepunktet er over startpunktet, klikkar du for å lukka utvalet.
Trykk på tasten Ctrl og klikk på endepunktet: flytting av musepeikaren tvingar rørlege vinklar til multiplum av 15°, så du kan enkelt teikna vassrette eller loddrette linjer.
I begge tilfella dobbeltklikkar du på sluttpunktet for å lukka utvalet med ei rett linje.
I polygonal modus er dette valet eit førebels utval, maura marsjerer, men den vesle gule sirkelen er framleis til stades: du kan kopiera utvalet og ved å trykkja på Rette-tasten går du tilbake til førre utvalssteg (opnar forma på nytt) og du kan redigera utvalet.
Trykk Enter eller dobbeltklikk utanfor forma for å validera utvalet.
Ved å trykkja og sleppa musepeikaren, kan du blanda frihandssegment og polygonale segment. Du kan gå utføre kanten av biletvisinga og koma inn igjen viss du vil.
Frihandsutvalet er ofte eit godt verktøy for å teikna grove utval, men er ikkje så godt for nøyaktig definisjon. Erfarne brukarar finn ofte ut at det enklaste er å byrja med frihandsutvalet for å gå over til snarmaska for å teikna detaljane.
Du kan finna meir om utvala og bruken av dei i GIMP i kapitlet Utval. Funksjonar som er felles for utvalsverktøya er omtalte i avsnittet Utvalsverktøya.
Notat | |
---|---|
Har du tilgang på digitalt teiknebrett, vil du finna at dette er mykje enklare i bruk saman med utvalsverktøya enn datamusa. |
Du kan henta fram frihandsutvalet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,
eller ved å trykkja på tasten F.
Frihandsutvalet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtastar.
Rettetasten gjer at du går tilbake til førre utvalssteget (fjernar det siste utvalssegmentet), Escape avbryt alle utvalssegmenta.
Korleis du kan flytta dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytta utval.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar utover dei som er omtalte i Del 2.1.2, «Innstillingar».
Sidan GIMP-2.10.12 fungerer valmodusar annleis. Marsjerande maur kjem med ei kontinuerleg linje, noko som betyr at utvalet ikkje er validert ennå og at du framleis kan endra forma på utvalet (musepeikaren kjem med flytt-ikonet). Men du kan ikkje bruka å halda nede Shift, Ctrl ennå. Du må trykkja på Enter-tasten. Deretter kan du halda nede Shift for å leggja til eit utval, Ctrl for å trekkja frå eit utval, Shift + Ctrl for å laga snitt mellom to utval. Når du er nøgd med endringane, trykk Enter-tasten for å validera valet.