3.7. Målarpensel

Figur 14.76. Målarpensel

Målarpensel

Målarpenselen lagar fargestrok med diffuse kantar. Alle stroka skjer med den for tida brukte penselen.

3.7.1. Å slå på verktøyet

  • Du kan henta fram målarpenselen på desse måtane: frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyMålarpensel.

  • Du kan også få fram verktøyet ved å trykkja på verktøyikonet: i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen P.

3.7.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Gjer målarpenselen om til ein fargeplukkar.

Shift

Gjer at målarpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på Knapp 1, vil dette laga ei rett linje. Held du fram med å klikka, vert det teikna rette linjer frå der du klikka sist til det nye klikket.

3.7.3. Innstillingar

Figur 14.77. Innstillingane for «målarpenselen»

Innstillingane for «målarpenselen»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne, pensel, storleik, sideforhols, vinkel, mellomrom, hardleik, dynamikkar, innstillingar for dynamikkar, tving, bruk sitring, mjuke strok, lås penselstorleik til visinga, aukande
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.