Dialogvindauget for verktøyforvala viser alle lagra forval. Klikkar du på eitt av forvala, vert det gjeldande verktøyet opna med dei lagra forvala.
Dialogvindauget «Verktøyforval» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til denne menyen
frå ein biletmeny:
→ → ,eller som ei fane i verktøyvindauget via
→ → .Dette dialogvindauget kjem med ei liste over førehandsdefinerte forval. Kvar av dei har eit namn og eit ikon som viser kva verktøy dei høyrer til.
Forvala kan verta tagga slik at du kan arrangere visinga av forvala slik du ønskjer. Sjå Del 3.7, «Tagging» for meire informasjon om tagging.
Dobbeltklikka på ikonet for forvalet for å opna vindauget for å redigera forvalet.
Dobbeltklikk på eit namn for å redigera det.
Nedst i dialogvindauget finn du fire knappar:
Rediger forvalet for dette verktøyet. Når du trykkjer på denne knappen kjem det opp eit vindauge der du kan redigera forvala for det aktuelle verktøyet. Du kan berre redigera forvala du har lagt inn sjølv. Dei førehandsdefinerte forvala er gråa ut som utilgjengelege. Ønskjer du å redigera eit førehandsdefinert forval, må du laga ein kopi av det ønskte forvalet og redigera på kopien.
Redigeringa for verktøyforvala er omtalt i Del 5.2, «Redigering av verktøyforvala».
Lag eit nytt verktøyforval. Før du trykkjer på denne knappen, må du anten merkja eit forval dom finst frå før eller velja eit verktøy i verktøykassa, for eksempel helbredverktøyet som ikkje finst i dei førehandsinnstilte forvala. Det vert då laga eit nytt forval øvst i forvalvindauget og vindauget for å redigera forvalet vert opna. Sjå Del 5.2, «Redigering av verktøyforvala».
Lagra dei gjeldande verktøyinnstillingane til dette forvalet: Dette lagrar dei gjeldande verktøyinnstillingane til det valde forvalet.
Tilbakestill dette forvalet: dette set innstillingane for forvalet tilbake til dei lagra innstillingane.
Slett forvala for dette verktøyet. Slettar det gjeldande forvalet. Denne knappen er slått av for forvala som kom saman med GIMP.
Oppdater verktøyforvala. Dersom du har lagt inn eit forval manuelt i mappa gimp/2.0/tool-presets
, kan du klikka på denne knappen for å visa forvalet i lista.
Høgreklikk i forvalsvindauget for å få opp ein sprettoppmeny med ein del av dei same kommandoane som er omtalte for knappane: Rediger verktøyforvalet, nye verktøyforval, lagra verktøyforvala og oppdater verktøyforvala. Det er også nokre nye kommandoar:
Dupliser verktøyforvalet. Dette valet vil alltid vera gråa ut. Det er unødvendig fordi, slik som du kan sjå ovanfor, vert det alltid laga ein kopi av eit forval når du lagar eit nytt forval frå eit som alt finst.
Kopier forvalsadressa. Kopierer stien til fila med forvala inn i utklippstavla.
Vis i filhandsamaren opnar plasseringa av verktøyforvalet i standard fillesar brukt i systemet.