2.3. Ellipseutvalet

Figur 14.14. Symbolet for ellipseutvalet i verktøykassa

Symbolet for ellipseutvalet i verktøykassa

Dette verktøyet vert brukt for å lage elliptiske (ovale) eller sirkelrunde utval i eit bilete, eventuelt med kantutjamning og mjuke kantar om du ønskjer det.

Du kan også bruke ellipseutvalet til å teikne sirklar eller ellipsar på eit bilete. Lag eit ellipseutval og fyll dette ved hjelp av fyllverktøyet. Ønskjer du å berre teikne omrisset, kan du i staden streke opp utvalet med høveleg farge og strøk. Ein annan metode som er vanskelegare, men gir betre kvalitet, er å lage to konsentriske elliptiske utval med litt ulik storleik og subtrahere den innarste frå den yttarste. Dette er ikkje alltid like lett å få til, så då er kanskje kommandoen UtvalRamme ei betre løysing.

2.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaEllipseutval,

  • Ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykkja på tasten E.

2.3.2. Valtastar

[Notat] Notat

Mange av valtastane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.1, «Valtastane (normalinnstillinga)». Berre tastekombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Ctrl

Trykker du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig, vert startpunktet brukt som sentrum i utvalet i staden for å verta eit av hjørna i det tenkte rektangelet som omgir figuren. Trykkjer du ned Ctrl-tasten før du byrjar markeringa, vert det nye utvalet trekt frå det eksisterande utvalet.

Shift

Trykker du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa og held han nede til du er ferdig, vert utvalet avgrensa til ein sirkel. Trykker du ned Shift-tasten før du byrjar markeringa, v det nye utvalet lagt til det eksisterande utvalet.

Ctrl+Shift

Dette gir ein kombinert effekt: Eit sirkulært utval sentrert om startpunktet. Held du nede desse to tastane før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet lage eit snitt med det eksisterande utvalet. Dette vert også vist med at musemarkøren viser snitt-symbolet «∩».

2.3.3. Å bruke verktøyet

Figur 14.15. Eksempel på ellipseutval

Eksempel på ellipseutval

Når ellipseverktøyet er i bruk, vert dette vist ved at musemarkøren syner ein sirkel. Verktøyet teiknar ein sirkel eller oval inne i eit rektangel. Når du slepp opp museknappen vert sirkelen vist med ei prikkelinje («marsjerande maur»). Dersom det er nødvendig, kan du finjustere sirkelen ved å ta tak i ein av firkantane i hjørnet av rektangelet og dra dit du måtte ønskje.

Du finn meir om dette i Del 2.2.3, «Å forandre utvalet».

2.3.4. Innstillingar

Figur 14.16. Innstillingane for verktøyet «ellipseutval»

Innstillingane for verktøyet «ellipseutval»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

[Notat] Notat

See Selection Tools Options for help with options that are common to all these tools. Only options that are specific to this tool are explained here.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar

Felles innstillingar for utvalsverktøya

Dei andre innstillingane

Dei andre innstillingane er dei same som verktøyinnstillingane for rektangelutvalet.