4.13. Bur-transformering

Figur 14.159. Bur-verktøyet i verktøykassa

Bur-verktøyet i verktøykassa

Verktøyet med det litt rare namnet «bur» er eit transformeringsverktøy der du sjølv kan bestemma korleis området som skal transformerast skal sjå ut. Du avsett punkt ved å venstreklikka rundt området. Desse punkta vert automatisk bundne saman med ei linje. Nokså likt slik du gjer med lassoverktøyet. Når du er nøgd med resultatet, trykkjer du Enter-tasten for å stadfesta transformeringa.

4.13.1. Å slå på verktøyet

Du kan slå på dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaBur-transformering

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med snarvegen Shift+G.

4.13.2. Verktøyinnstillingar

Figur 14.160. Innstillingane for bur-verktøyet

Innstillingane for bur-verktøyet

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist nedanfor verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det gjeldande verktøyet.

Opprett eller rediger buret

Når burverktøyet vert slått på, vil også dette valet vera i bruk. Du kan nå venstreklikke med datamusa der du ønskjer markeringspunkta og såleis ramma inn eit høveleg område av biletet. Treng du seinare i prosessen å leggja til fleire slike ankerpunkt, kan du slå på dette valet.

Deformer buret for å deformere biletet

GIMP vil skifte til dette valet automatisk når du klikker på startpunktet igjen. Nå kan du dra ankerpunkta dit du vil på biletet, og endatil utanfor bildet om du ønskjer det. Transformeringa byrjar når du slepp opp museknappen.

Du kan slå på fleire ankerpunkt ved å halda nede Shift-tasten medan du klikkar på punkta. Ein annan måte å gjera det på, er å teikna ein firkant rundt dei aktuelle punkta medan du held nede musebrytaren.

Fyll tome område einsfarga

Dersom transformeringa resulterer i tome område vert desse fylt opp med ein farge dersom dette valet er slått på. Det ser ut til at fargen vert henta frå pikselen under startpunktet for kurva.

4.13.3. Eksempel på bruk av «bur-verktøyet»

Figur 14.161. Eksempel på bur-transformering

Eksempel på bur-transformering
Bur-området er markert
Eksempel på bur-transformering
Transformert

Når du klikkar på bur-transformering i verktøykassa, vert verktøyinnstillingane normalt opna med «Opprett eller rediger buret» slått på. Du kan nå avsetja omrisset for buret ved å klikka inn ankerpunkt rundt det ønskte området. Du fullfører operasjonen ved å klikka på startpunktet igjen. GIMP vil no gjera ein del utrekningar og deretter slå på «Deformer buret for å deformere biletet». Nå kan du dra ankerpunkta rundt i biletet og endatil utanom biletet, for å deformera buret.

Det gjeldande punktet, eller dei gjeldande punkta vert firkanta. Når du drar punkta rundt på skjermen og slepp opp museknappen, vert området transformert. Dette brukar nokså mykje datakraft og kan ta ein del tid på store bilete. Ver tålmodig.

Dersom du har behov for å leggja til fleire punkt, kan du gjera dette ved å slå på «Opprett eller rediger buret» igjen. Legg inn dei ønskte punkta og gå tilbake til «Deformer buret for å deformere biletet» igjen for å arbeida vidare med deformeringa.

Når biletet er slik du vil ha det, trykkjer du Enter-tasten for å stadfesta det.