Måleverktøyet vert brukt når du har behov for å finna pikselavstandar og vinklar på biletet ditt. Ved å klikka og dra musepeikaren kan du finna ut kor stor ein vinkel er eller kor mange pikslar det er frå der du klikka til der musepeikaren er. Informasjonen vert vist på statuslinja nedst i biletvindauget, eller i informasjonsvindauget.
Eit vanleg bruksområde for «Måling» er å rekna ut rotasjonsvinkelen når horisonten ikkje er vassrett på biletet. Sidan GIMP-2.10.4 treng du ikkje gjera denne roteringa manuelt for å setja horisonten vassrett: når du har målt vinkelen, klikkar du berre på knappen Rett opp.
Denne knappen kan brukast for å retta opp vassrette eller loddrette linjer: startpunktet kjem med ein liten stolpe som viser retninga.
Når du held musepeikarren over endepunktet vil peikaren vise eit flyttemerke. Klikk for å lese av målinga.
Informasjonen vert vist på statuslinja nedst i biletvindauget:
Avstanden mellom startpunktet og musepeikaren målt i pikslar.
Vinkelen i kvar kvadrant, frå 0° til 90°.
Peiarkoordinata i høve til startpunktet.
Du finn måleverktøyet i biletmenyen under
→ ,eller ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa.
Klikk og dra medan du held nede Shift-tasten, frå eit endepunkt for å laga ei anna mølelinje frå dette endepunktet. Vinkelen mellom dei to linjene vert vist. Alle endepunkta kan flyttast ved å klikka og dra, så du kan måla alle vinklane i biletet:
Figur 14.178. Shiftmodifikator
Klikk på startpunktet og følj eitt av vinkelbeina.
Så held du nede Shift-tasten og trykkjer på startpunktet igjen og dreg langs det andre vinkelbeinet: Du får nå opp verdien på denne vinkelen.
Ved å halda nede Ctrl-tasten medan du utførar målingane, vert verktøyet avgrensa til å måla rette linjer i vinklar som er multiplar av 15º, dvs. 0º, 15º, 30º osv.
Dersom du held nede Ctrl-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vert det sett inn ei vassrett hjelpelinje gjennom klikkpunktet. Musepeikaren skifter til symbolet .
I vassrett eller loddrett modus, vil Ctrl veksla mellom vassrett og loddrett.
Alt medan du klikkar på eit endepunkt, vert det sett inn ei loddrett hjelpelinje.
Denne tastekombinasjonen og klikk på ei målelinje for å flytta ho.
Ctrl + Alt medan du klikkar på eit endepunkt, vert det sett inn ei vassrett og ei loddrett hjelpelinje.
I Auto-modus (standard) vil kopla seg til den minste vinkelen mellom den målte linja og vassrett eller loddrett retning. Du kan overstyra dette ved å spesifisera retninga med Vassrett og Loddrett.
Dette valet vil visa eit infovindauge med detaljar om målinga. Du kan også finna meir fullstendige resultat på statuslinja.
Transformer, Interpolering og Klipping vert handsama i Del 3.1, «Felles eigenskapar». Her er eit eksempel på oppretting av ein bane:
Originalbiletet
Strek opp bane
Gjer banen synleg
Teikna ei målelinje på segmentet du vil retta opp
Rett opp
Figur 14.180. «Rett opp» klippeinnstillingar
Teikna ei målelinje
Rett opp med «justering»
Rett opp med «Klipp»
Rett opp med «Beskjer til resultatet»
Rett opp med «Beskjer med sideforhold»
: trykk på denne knappen for å utføra opprettinga.
Det er ikkje råd å måle flater direkte med dette verktøyet. I staden kan du prøve verktøyet histogram, som mellom anna viser kor mange pikslar det er i utvalet.