2.2. Rektangelutvalet

Figur 14.9. Symbolet for «Rektangelutvalet» i verktøykassa

Symbolet for «Rektangelutvalet» i verktøykassa

Rektangelutvalet vert brukt til å velja ut og markera rektangulære område i eit bilete. Dette er det enklaste, og det mest brukte av utvalsverktøya. Sjå Del 1, «Utval» for meir om utval og bruken av dei. Informasjon om eigenskapar som er felles for alle utvalsverktøya finn du i Del 2.1, «Felles eigenskapar».

Dette verktøyet kan også verta brukt for å teikna rektangel i eit bilete. Lag eit rektangulært utval og fyll dette ved hjelp av fyllverktøyet. Skal du teikna eit ope rektangel, altså berre omrisset, kan dette gjerast raskt og enkelt ved å laga eit høveleg utval og deretter streke det opp med høveleg farge og strek.

2.2.1. Å slå på verktøyet

Du kan henta fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaRektangelutval,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller ved å trykkja på tasten R.

2.2.2. Valtastar

[Notat] Notat

Mange av valtastane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.1, «Valtastane (normalinnstillinga)». Berre tastekombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Ctrl

Trykkjer du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja å laga utvalet, og held han nede til du er ferdig, vert startpunktet brukt som sentrum i utvalet i staden for å verta eit av hjørna. Trykkjer du ned Ctrl-tasten før du byrjar markeringa, vert det nye utvalet trekt i frå det gjeldande utvalet. Markøren vil sjå slik ut:

Shift

Trykkjer du ned Shift-tasten før du byrjar markeringa av utvalet vert det nye utvalet lagt til det gjeldande utvalet. Markøren vil sjå slik ut:

Trykkjer du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig, vert utvalet avgrensa til eit kvadrat dersom dette er det første utvalet. Seinare vil verktøyet bruka det sideforholdet som er fastsett i verktøyinnstillingane.

Ctrl+Shift

Trykkjer du ned begge tastane etter at du har byrja utveljinga vil dette gje ein kombinert effekt: Eit kvadratisk utval sentrert om startpunktet. Held du nede desse to tastane før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet laga eit snitt med den gjeldane. Dette vert også vist med at musemarkøren viser snitt-symbolet

2.2.3. Å forandra utvalet

Figur 14.10. Eksempel på bruk av rektangelutvalet.

Eksempel på bruk av rektangelutvalet.

Når dette verktøyet er vald, vil musepeikaren visa symbolet straks han kjem over biletet. Du kan no dra ut og sleppa eit rektangel, eller eit kvadrat. Når du slepp opp museknappen, vert omrisset av utvalet vist med ei prikkelinje («marsjerande maur»). Du treng ikkje finjustera utvalet no. Det kan du eventuelt gjera seinare om nødvendig.

Når du flyttar musepeikaren rundt på biletet, vil peikaren forandra seg alt etter kvar han er i høve til utvalet:

- utanfor utvalet ser det ut som tidlegare. Dette let deg utforma eit nytt utval, men vil sletta det utvalet som finst frå før viss dette ikkje vert brukt med ei handling i høve til den relevante tasten for å leggja til eller trekkja frå eit anna utval slik det er forklart i førre avsnittet.

– innanfor kanten av utvalet får musepeikaren ulike former når han er over kjenslevare og tydeleg markerte rektangulære område. Desse handtaka vert brukte for å endra storleiken på utvalet. I hjørna i utvalet vert peikaren endra til ei form som er avhengig av samanhengen. Såleis vert han i nedre , høgre hjørne til . Ved å klikka og dra desse områda, kan du forstørra eller forminska storleiken på utvalet. Fører du peikaren nær ei av sidene, vil det koma opp ei ny rute, dvs. eit nytt handtak, som du kan ta tak i og flytta heile sida. Også i dette tilfellet forandrar peikaren utsjånad avhengig av kva side han treff. Er han over den høgre sida, vil han sjå slik ut: . Du kan forstørra eller forminska utvalet ved å ta tak i desse punkta.

– inne i sentrale område i eit utval ser musepeikaren ut som vanleg for objekthandsaming, dvs.: . Så du kan flytta heile utvalet ved å klikka og dra.

Dessutan, viss du ikkje har fjerna avmerkinga for Uthev-alternativet, vert arbeidet ditt lettare fordi det som er utanfor utvalet vil vera mørkare enn det som er inne i utvalet, og da verkar utvalet utheva.

[Tips] Tips

Viss du brukar flyttetastane, kan du flytta utvalet eller endra storleiken med éin piksel om gongen. Brukar du dei saman med Shift-tasten, flyttar du det 25 pikslar om gongen.

Figur 14.11. Peikarsymbola

Peikarsymbola

Biletet viser alle peikarsymbola og kvar dei vert brukte i rektangelutvalet.


Etter å ha oppretta og endra utvalet, må du avslutta denne redigeringsmodusen (og bekrefta eventuelle endringar). Du kan gjera dette med eit enkelt klikk inne i utvalet, eller ved å trykkja Enter-tasten. Eller du kan berre bruka eit verktøy som ikkje er eit utvalsverktøy og for eksempel fylla eller måla i utvalet.

2.2.4. Verktøyinnstillingar

Figur 14.12. Innstillingane for verktøyet «Rektangelutval»

Innstillingane for verktøyet «Rektangelutval»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

[Notat] Notat

Mange av innstillingane er felles for alle utvalsverktøya og er nærare omtalte i Innstillingar for utvalsverktøy. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar

Felles innstillingar for utvalsverktøya.

Avrunda hjørne

Slår du på denne, kjem det fram ein glidebrytar som du kan bestemma radius for hjørna med.

Ekspander frå sentrum

Dette vil føra til at det punktet du klikkar på for å byrja å laga utvalet, vert midtpunktet i utvalet.

Fast

Denne menyen gjev deg høve til å avgrensa forma til rektangelet på ulike måtar.

Sideforhold

Dersom du slår på denne, vil forholdet mellom sidene i rektangelet vera det som er skrive inn i den tilhøyrande ruta. Dette gjeld også når du forandrar storleiken på utvalet. Normalinnstillinga er 1 : 1, altså eit kvadrat, men dette kan du endra etter behov. Du kan klikka på symbolet for ståande eller liggjande for å invertera forholdet.

Breidd

Breidda vert bestemt av talet du skriv inn i innskrivingsruta.

Høgd

Høgda vert bestemt av talet du skriv inn i innskrivingsruta.

Storleik

Gjer at du ikkje kan forandra formatet. Høgda og breidda vil vera uforandra.

Posisjon

Desse to tekstfelta inneheld dei gjeldande vassrette og loddrette koordinata for øvre, venstre hjørne for utvalet. Du kan bruka desse felta for å justera posisjonen nøyaktig.

Storleik

Desse to tekstfelta inneheld den gjeldande breidda og høgda på utvalet. Du kan bruka desse felta for å justera storleiken nøyaktig.

Utheving

Dette valet fører til at biletet utanom det markerte området vert dekka av ei mørk, gjennomsiktig maske for å gjere utvalet tydelegare.

Hjelpelinjer

I denne menyen kan du velja kva slag hjelpelinjer som eventuelt skal brukast innføre utvalet for å gjera det enklare å utforma utvalet slik at det samsvarar med dei vanlege reglane for fotokomposisjonar.

Her er det seks val:

  • Ingen hjelpelinjer

  • Senterlinjer

  • Tredelingsregel

  • Femdelingsregel

  • Gylne snitt

  • Diagonale linjer

Autokrymp

Dette valet er tilgjengeleg dersom eit rektangelutval er i bruk. Eit trykk på knappen Autokrymp vil føra til at utvalet automatisk vert krympa til den minste rektangelforma som inkluderer begge elementa i utvalet. Algoritmen, dvs. matematikken som reknar ut dette, er nokså «intelligent». I denne samanhengen betyr det at resultatet i nokre tilfelle kan verta svært avansert, i andre tilfelle overraskande dumt. Dersom området du vel ut er omgjeve av einsfarga flater, vil den automatiske krympinga til vanleg verta nokså brukbart. Det endelege utvalet treng ikkje ha same forma som det utvalet du feiar ut.

Figur 14.13. Eksempel på bruk av autokrymp

Eksempel på bruk av autokrymp

Bilete med to element merkte

Eksempel på bruk av autokrymp

Autokrymp brukt


Krymp fletta

Dersom også Flett synlege er avkryssa, vil den automatiske krympinga bruka pikselinformasjonar frå alle dei synlege laga i staden for berre det gjeldande laget. Du kan finna meir om dette i ordlista under Flett synlege.