8.55. Farge til alfa

8.55.1. Oversyn

Figur 16.240. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret sett med fråfarge blå


Dette filteret gjer alle pikslane med ein bestemt farge gjennomsiktige ved å lage ein alfakanal for biletet. Filteret prøver å bevare kantutjamningar ved hjelp av ein rutine som omformar delvis farge til delvis gjennomsikt. På denne måten vert område som inneheld litt av den valde fargen litt gjennomsiktige.

8.55.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret på biletmenyen via FargarFarge til alfa

8.55.3. Innstillingar

Figur 16.241. Innstillingane for filteret «Farge til alfa»

Innstillingane for filteret «Farge til alfa»

Farge

Klikk på Frå-ruta for å få fram fargedialogen slik at du kan velje kva for farge som skal verta gjennomsiktig. Du kan også bruke fargeplukkaren og klikke på den ønskte fargen. Den valde fargen vert forgrunnsfarge i verktøykassa. Høgreklikkar du på frå-ruta, kjem det opp ein meny der du kan velje å hente farge frå forgrunn, bakgrunn, eller svart eller kvit. (I nokre system kan du også dra fargen frå fargehentaren til frå-ruta).