Kapittel 7. Teikne med GIMP

Innhald

1. Utval
1.1. Mjuke kantar
1.2. Å lage eit delvis gjennomsiktig utval
2. Å lage og bruke utval
2.1. Å flytte eit utval
2.2. Å legge til eit utval i eit eksisterande utval
3. Snarmaske
3.1. Oversyn
3.2. Eigenskapar for snarmaska
4. Å bruke snarmaskemodus
5. Banar
5.1. Å lage banar
5.2. Eigenskapar for banane
5.3. Banar og utval
5.4. Transformere banar
5.5. Å streke opp ein bane
5.6. Banar og tekst
5.7. Banar og SVG-filer
6. Penslar
7. Å legge til nye penslar
8. Dialog for mønsterpensel
9. Å variere penselbreidda
9.1. Korleis variere penselbreidda
9.2. Pensel i ei snarvending
10. Fargeovergangar («Gradienter»)
11. Mønsterelement
12. Palettar
12.1. Fargekart
13. Forval
14. Enkle teikneobjekt
14.1. Å teikne ei rett linje
14.2. Å lage figurar

1. Utval

Når du arbeider med eit bilete, er det ofte ønskjeleg å påverka berre delar av biletet. I GIMP kan du markere område i biletet som utval og arbeide vidare på dette. Når du lastar inn eit bilete, vil normalt heile biletet vere markert som eit utvald, men det er enkelt å avgrense utvalet undervegs. Dei fleste, men ikkje alle, verktøya i GIMP vil verke berre innføre eit utval.

Figur 7.1. Korleis isolere dette treet?

Korleis isolere dette treet?

Kunsten å gjere det rette utvalet vil ofte vere nøkkelen som opnar for å få til det resultatet du ønskjer. Diverre er det ikkje alltid like enkelt å få til. I biletet over skulle eg gjerne ha klipt treet i forgrunnen ut frå bakgrunnen og limt det inn i eit anna bilete. For å kunne gjere dette, må eg kunne lage eit utval som inneheld berre treet og ingenting anna. Dette er vanskeleg både fordi treet har eit komplekst omriss og fordi det kan vere vanskeleg å skilje treet frå bakgrunnen.

Figur 7.2. Den vanlege visinga av utvalet med prikkelinja.

Den vanlege visinga av utvalet med prikkelinja.

Her kjem det eit viktig punkt som det er heilt avgjerande at du forstår dersom du ønskjer å utnytta GIMP. Til vanleg ser du utvalet omkransa av ei prikkelinje. Utvalet kan vere ein del av biletet, eller heile biletet. Dermed er det lett å tru at utvalet er ein slags figur med dei utvalde partane på innsida, og resten av biletet på utsida av figuren. Dette kan i mange tilfelle vere ei grei forklaring, men held ikkje alltid.

Eigentleg vert eit utval handtert av GIMP som ein kanal. Den indre strukturen i eit utval er identisk med farge- og alfa-kanalane i eit bilete. I utvalet har altså kvart biletpunkt sin eigen verdi definert i området 0 (umarkert) til 255 (full markering). Fordelen med dette er at kvart punkt kan vere meir eller mindre utvald, dvs. ha verdiar mellom 0 og 255. Som du vil sjå seinare, er det mange situasjonar der det er ein fordel å ha mjuke overgangar mellom den utvalde delen av biletet og resten av biletet.

Kva så med prikkelinja som dukkar opp når du oppretter eit utval?

Prikkelinja er ei konturlinje som deler område som er meir enn halveges utvalde frå område som er mindre enn halvvegs utvalde.

Figur 7.3. Same utvalet i snarmaskemodus.

Same utvalet i snarmaskemodus.

Når du ser prikkelinja som markerer utvalet, må du hugse på at denne linja ikkje fortel heile historia. Ønskjer du å studera detaljane i eit utval, er det enklaste å klikka på snarmaske-knappen i nedre, venstre hjørne av biletvindauget. Dette vil legge ei gjennomsiktig maske over biletet. Dei utvalde områda vert ikkje dekka av maska, medan dei områda som ikkje er utvalde er raudfarga. Dess meir området er utvald, dess mindre raudfarge.

Som nemnd i oversynet over snarmaska, verkar mange operasjonar annleis i snarmaskemodus enn elles,. Bruk snarmaskeknappen nede i venstre hjørne av biletvindauget for å slå snarmaska av og på.

Figur 7.4. Same utvalet i snarmaskemodus med mjuk kant.

Same utvalet i snarmaskemodus med mjuk kant.

1.1. Mjuke kantar

I standardinnstillingane til utvalsverktøya, som t.d. verktøyet for rektangelutvalet, vert markeringa avgrensa med skarpe kantar. Pikslane innføre prikkelinja er fullstendig utvalde, medan pikslane utanfor ikkje er utvalde i det heile. Dette kan du kontrollera med snarmaska. Du få eit tydeleg avgrensa rektangel omringa av raudfarge. I verktøykassa finn du ein liten kontrollboks kalla Mjuke kantar. Dersom du aktiverer denne, kan du bestemma kor brei overgangen frå fullt utvald til ikkje utvald skal vere ved hjelp av glidebrytaren Radius.

Du kan prøve ut dette med det rektangulære utvalsverktøyet og kontrollere resultatet ved å slå på snarmaska. Den tidlegare skarpe overgangen er vortent uskarp.

Dei mjuke kantane er svært grei å bruke når du klipper ut og limer inn utval i eit bilete. Den uskarpe kanten gjer overgangane mindre synlege. Tilpassinga vert dermed enklare.

Du kan legge til mjuke kantar i eit utval når det måtte passe deg, sjølv om utvalet opphavleg vart laga med skarpe kantar. Gå inn på UtvalMjuke kantar i biletmenyen. Det kjem då opp ein dialogboks der du kan setje breidda på overgangen og trykk på knappen OK. Du kan også gå den motsette vegen, og gjere kanten skarpare ved å gå inn på UtvalGjer skarpare.

[Notat] Notat

For den spesielt interesserte lesaren: Dei mjuke kantane vert laga ved å lage ei gaussisk utjamning med den spesifiserte radiusen (breidda) til den valde kanalen.

1.2. Å lage eit delvis gjennomsiktig utval

Du kan bestemma gjennomsikta for eit lag, men kan ikkje gjere dette direkte for eit utval. Korleis kan ein då lage for eksempel eit bilete av eit gjennomsiktig glas? Her er ein metode:

  • For enkle utval, bruk viskeleret innstilt til ønskt gjennomsikt.

  • For meir komplekse utval: Lag eit flytande utval: (Utval+Gjer flytande). Du vil nå få eit «flytande lag» i lagdialogen. Aktiver dette og bruk glidebrytaren «Dekkevne» for å stilla inn på ønskt dekkevne. Dess mindre dekkevne, dess meir gjennomsiktig. Neste steget er å forankre utvalet. Fører du musepeikaren utføre utvalet, vil ikonet skifte til eit anker. Venstreklikk, og det flytande laget forsvinn. Utvalet er limt inn på ønskt stad i biletet med ønskt gjennomsikt. Forankringa verkar slik berre når utvalsverktøya er aktivert. Bruker du andre verktøy, kan du gå inn i lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i lagdialogen og velje «Forankre laget».

    Dersom du bruker denne funksjonen ofte er det enkaste å bruke snartastar: Kopier utvalet med Ctrl + C og lim det inn som flytande lag med Ctrl + V og deretter menyvalet LagNytt Lag. Du kan justere dekkevna før eller etter at du har oppretta det nye laget.

  • Endeleg kan du også bruk Lag+Masker+Legg til lagmaske. Du kan bruke ein pensel med høveleg dekkevne (gjennomsikt) og teikne med svart farge der du ønskjer utvalet gjennomsiktig. Deretter legg du lagmaska inn i biletet med Lag+Masker+Legg til i utvalet. Sjå meir om dette i kapitlet om lagmasker.

  • Dersom du øskjer å gjere den einsfarga bakgrunnen i biletet gjennomsiktig, legg du til ein alfakanal dersom denne ikkje finst frå før og vel ut bakgrunnen med tryllestaven. Bruk deretter fargeplukkaren og hent bakgrunnsfargen slik at denne vert forgrunnsfargen i verktøykassa. Aktiver fyllverktøyet og set modus til «slett farge». Fyll deretter utvalet. Denne metoden vil viske ut pikslar med same fargen som fyllfargen. Pikslar med nærliggande fargar vert delvis utvalde samstundes som fargen endrar seg meir eller mindre.

    Den enklaste måten er å bruke kommandoen RedigerTøm utvalet som gjer pikslane fullstendig gjennomsiktige, men utan at du kan styre dekkevna slik du kan når du bruker fyllverktøyet.