4.5. Gjer flytande

Kommandoen Gjer flytande omformer eit normalt utval til eit flytande utval.

Eit flytande utval (også kalla eit flytande lag) er ei form for førebels lag med dei same funksjonane som eit normalt lag bortsett frå at du ikkje kan arbeida på andre lag så lenge det finst eit flytande lag i biletet. Det flytande laget må forankrast først. Dette betyr at det flytande laget må leggast til eit normalt lag, som oftast det laget som var gjeldande då det flytande utvalet vart oppretta. Dette gjer du ved å klikka på biletet utanfor det flytande utvalet (sjå nedanfor).

[Viktig] Viktig

Du kan ikkje arbeide på andre lag så lenge biletet inneheld eit flytande utval!

Du kan bruke dei fleste lagoperasjonane på eit flytande utval, men du kan berre ha eitt flytande utval i biletet.

[Tips] Tips

Dersom du har slått på Vis laggrenser i Vis-menyen, kan det vere vanskeleg å velja ut nøyaktig det området du ønskjer. Ein måte å omgå dette på, er å laga eit rektangulær utval rundt det ønskte området og omforma dette til eit nytt lag og deretter fjerna originallaget.

I tidlegare versjonar av GIMP vart flytande utval brukte for å gjera operasjonar på ein avgrensa del av biletet. No kan dette gjerast enklare ved hjelp av lag, men metoden kan likevel vera aktuell av og til.

4.5.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne kommandoen frå menylinja i biletvindauget via UtvalGjer flytande.

  • eller med snarvegen Shift + Ctrl + L.

4.5.2. Å oppretta eit flytande utval automatisk

Ein del biletoperasjonar opprettar eit flytande utval automatisk:

  • «Lim inn»-operasjonane Lim inn namngjeve buffer, lim inn eller lim inn i lagar også eit flytande utval.

  • Transformasjonsverktøya spegelvend, forskyv, skaler, roter og perspektiv opprettar flytande utval når dei arbeider på eit utval i staden for på eit lag. Når modus Transformer er sett til lag og det finst eit utval frå før, vil desse transformasjonsverktøya verka på utvalet og oppretta eit flytande utval. Dersom det ikkje finst noko utval frå før, verkar verktøya på heile laget utan å oppretta noko flytande utval. Er modus Transformer sett til utval vert det heller ikkje oppretta eit flytande utval.

  • Dersom du klikkar og drar eit utval og samstundes held tastekombinasjonen Ctrl + Alt nede (sjå Del 2.1, «Moving or Resizing a Selection») vil du også automatisk få eit flytande utval.

4.5.3. Å forankra eit flytande utval

Du kan forankra eit flytande utval på fleire måtar:

  • Du kan forankra det flytande utvalet til det laget som var aktivt då utvalet vart oppretta ved å klikka kvar som helst i biletet utanom det flytande utvalet. Dette vil fletta utvalet saman med det gjeldande laget.

  • Eller du kan bruka kommandoen Forankra laget (Ctrl + H).

  • Du kan også forankra det flytande utvalet til det gjeldande laget ved å klikka på forankringsknappen Anchor the floating Layer i lagdialogvindauget som har vore med sidan GIMP-2.18 då flytande utval vart tekne i bruk i staden for ikonet for å fletta lag.

  • Dersom du klikkar på nytt lag medan biletet inneheld eit flytande utval, vert det flytande utvalet lagt til i det nye laget.