14.2. Å lage figurar

  1. GIMP er eigentleg ikkje laga for å brukast som teikneprogram. [4] Det er likevel fullt mogleg å lage teikningar anten slik det er omtalt i Del 14.1, “Å teikne ei rett linje” eller ved å bruke eit av utvalsverktøya slik vi vil vise det her. Sjølvsagt finst det mange måtar å gjere det på, men vi vil halde oss til dei enklare. Så, opprett eit nytt bilete og forsikra deg om at forgrunns- og bakgrunnsfargane er ulike.

  2. Figur 7.39. Å lage eit rektangulært utval

    Å lage eit rektangulært utval

    Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelutvalet.


    Grunnleggjande figurar som rektangel og ellipse er lette å få til ved hjelp av utvalsverktøya. Her vil vi bruke rektangelutvalet som eksempel. Klikk på denne i verktøykassa og lag eit utval på teikninga di. Dette gjer du ved å klikka der du ønskjer det øvre, venstre hjørne av utvalet skal vere og flytter musepeikaren (slik den raude pila viser på figuren Figur 7.39, “Å lage eit rektangulært utval”) medan du held nede den venstre museknappen. Slutt når rektanglet er så stort som du vil ha det. Er du usikker på dette, kan du kikke nærare på Del 2, “Utvalsverktøya”.

  3. Figur 7.40. Eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen

    Eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen

    Biletet syner eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen


    Når du har laga eit utval, kan du fylle dette medforgrunnsfarge ved hjelp av fyll-verktøyet , eller du kan teikne omrisset med kommandoen Strek opp utvalet i Rediger-menyen. Er du misfornøgd med resultatet kan du berre fjerne utvalet.



[4] Prøv t.d.[INKSCAPE] for dette føremålet.