7. Å legge til nye penslar

For at GIMP skal kunne bruke dei nye penslane må dei vere i eit filformat som GIMP forstår, og i ei mappe der GIMP kan finne dei. Etter at du har lagra penslane, må du oppdatere penseldialogen, eller starte GIMP på nytt, for å gjere penslane synlege i penseldialogen. I GIMP er det tre filformat som vert brukte til penslar:

Å lagra ein pensel som .gbr

Formatet .gbrgimp brush») vert brukt for vanlege penslar og for fargepenslar. Du kan konvertere mange biletformat og penslar frå andre program om til penslar i GIMP ved å opna dei som bilete i GIMP og deretter eksportere dei med filendinga .gbr. Når du gjer dette, får du opp eit dialogvindauge der du kan bestemme avstanden mellom penselavtrykka og kva penselen skal heite. Ei meir utførleg beskriving av GBR-formatet kan du finne i fila gbr.txt i mappa devel-docs som skal følje med kjeldedistribueringa av GIMP.

Figur 7.17. Lagre ein .gbr pensel

Lagre ein .gbr pensel

Dialog for mønsterpensel

Formatet .gihGimp Image Hose») vert brukt for mønsterpenslane. Desse vert laga frå bilete med mange lag. Kvart lag kan innehalde fleire penselformer arrangert i eit rutenett. Når du eksporterer eit bilete som .gih-fil, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma ein del verdiar for penselen. Sjå nærare om dette i GIH dialogen. GIH-formater er relativt komplisert. Du kan finne ei meir utførleg beskriving av GBR-formatet i fila gbr.txt i mappa devel-docs som skal følje med kjeldedistribueringa av GIMP.

VBR

Formatet .vbr vert brukt for parametriske penslar, dvs. penslar laga med penselredigeringa, som er einaste måten å lage filer i dette formatet på.

MYB

The .myb format is used for MyPaint brushes. Please refer to Del 3.8, “MyPaint Brush” for more information.

For å gjere ein pensel tilgjengeleg, må han leggjast i ei av dei mappene som GIMP søker i. Dette er til vanleg systemmappa brushes, som du ikkje bør gjere endringar i, og brushes-mappa i det personlege område ditt for GIMP, som du bør bruke. Du kan også legge nye mapper til i søkevegen frå mappa penslar som du finn i biletmenyen under RedigerBrukarinnstillingar. Alle filer som har endinga .gbr, .gih eller .vbr og som ligg i ein av søkevegane til GIMP, vert viste i penselmenyen neste gong du opnar GIMP, eller så snart du har klikka på knappen Oppdater i penseldialogen.

[Notat] Notat

Når du lager ein ny parametrisk pensel med penselredigeringa, vert han automatisk lagra i den personlege brushes-mappa di.

Det finst utallege nettstader som du kan lasta ned penslar frå til bruk i GIMP. I staden for å setje opp ei lenkesamling, som likevel nokså snart vert for gammal, er det beste rådet å søke på nettet etter «GIMP penslar», «GIMP brushes» eller noko liknande. Det finst også mange nettstader med penslar for andre teikneprogram. Mange, men ikkje alle, av desse penslane kan omformast til bruk i GIMP. Dei fleste prosedyrepenslane («procedural brushes») kan diverre ikkje nyttast i GIMP, same kor fancy dei måtte sjå ut. Skulle du ha bruk for slike penslar, kan du sjølvsagt likevel gjere eit forsøk på Internett, eller å finne ein ekspert som veit alt om penslar som passer for GIMP.