12. Palettar

Ein palett er ei samling utvalde fargar. I GIMP vert palettane brukte i hovudsak av to årsaker:

Eigentleg fell desse funksjonane litt utanfor den vanlege bruken av GIMP. Det er mogleg å gjere svært så avanserte ting i GIMP utan å bruke palettar. På den andre sida, er det vanskeleg å utnytta GIMP fullt ut utan å ha kjennskap til palettane. Alle kan av og til dumpe borti situasjonar der det er nødvendig, eller i det minste til stor hjelp, å forstå bruken av palettar og fargekart, for eksempel under arbeid med gif-filer.

Figur 7.31. Palettdialogen

Palettdialogen

Ein del av dei ferdiginstallerte palettane er svært nyttige. Dette gjeld for eksempel fargekartet «Web», som inneheld dei fargane som skal vere «websikre», det vil seia fargar som vert sjåande like ut på alle nettlesarane. Andre førehandsdefinerte palettar ser ut til å vere laga nokså på slump. Du har tilgang til alle desse gjennom palettdialogen. Denne er også utgangspunktet dersom du ønskjer å lage eigne palettar.

Figur 7.32. Paletthandteraren

Paletthandteraren

Dobbeltklikkar du på ein palett i palettdialogen, får du opp paletthandteraren. Denne viser fargane i den paletten du klikka på. Klikkar du på ein av fargane i paletten, vert dette den teiknefargen GIMP arbeider med til du vel ein ny farge. Held du nede Ctrl-tasten medan du klikkar på fargen, vert fargen lagt til bakgrunnen i staden. Verknaden kan du sjå i fargeområdet i verktøykassa.

Du kan også bruke paletthandteraren til å redigera fargane i paletten så lenge det er ein palett du har komponert sjølv. Du får derimot ikkje lov til å endra dei palettane som følgjer med GIMP. Skulle du likevel ha slike behov, må du kopiera den aktuelle paletten og deretter redigera kopien etter ønskje.

Når du lagar palettar med paletthandteraren, vert desse automatisk lagra i mappa palettes i den personlege mappa di når du går ut av GIMP. Alle palettane i denne mappa, og i GIMP si tilsvarande systemmappe som vart oppreta då du installerte GIMP, vert viste i dialogen for palettar neste gong du startar opp GIMP. Du kan også legge andre katalogar og mapper til GIMP sin søkeveg etter palettar ved å nytte sida Palettar under mapper i dialogen Brukarinnstillingar i hovudmenyen.

Palettane i GIMP vert lagra som ASCII-filer med filutvidinga .gpl. Det skulle såleis ikkje vere noko problem å konvertera fargefiler frå andre kjelder til bruk i GIMP. Ta ein kikk på ei .gpl-fil for å sjå korleis ho er bygd opp.

12.1. Fargekart

Det er kanskje litt forvirrande at GIMP opererer med to ulike typar fargekart. Det mest synlege av desse er det som vert vist i palettdialogen. Altså fargekart som eksisterer uavhengige av eitkvart bilete. Den andre typen er indekserte fargekart, som er fargekartet for indekserte bilete. Kvart indekserte bilete har sit eige indekserte fargekart som definerar fargane som er tilgjengelege for dette biletet. Eit slikt fargekart kan innehalde maksimalt 256 fargar, men dette kan vere kva fargar som helst. Namnet på denne bilettypen kjem av at kvar farge i biletet er tilordna eit indeksnummer i kartet. Eigentleg er fargane i eit vanleg fargekart, ein palett, også indekserte, men her har indekseringa ingen bruksfunksjon for oss.

Figur 7.33. Fargekartdialogen

Fargekartdialogen

Fargekartet for eit indeksert bilete vert vist i dialogvindauget for indekserte fargekart, som ikkje må blandast saman med palettdialogen. I palettdialogen vert det vist ei liste over alle dei tilgjengelege palettane, medan det i den indekserte fargekartdialogen vert vist fargekartet til det for tida aktive biletet dersom dette er eit indeksert bilete, elles ingenting.

Det er likevel råd å lage ein vanleg palett frå fargane i eit indeksert kart, slik du kan frå kva bilete som helst. Klikk på «Importer fargekart» i menyen som sprett opp når du høgreklikkar i palettdialogen. Du vil då få fram ein ny meny med mange ulike val, eitt av dei er å importera frå eit bilete. (Du kan også importera alle GIMP sine fargeovergangar som fargekart). Dette kan vere nyttig dersom du ønskjer å lage ein serie indekserte bilete som alle bruker det same fargesettet.

Når du omformer eit bilete til indeksert modus, vil størsteparten av arbeidet vere å lage den indekserte paletten for biletet. Heldigvis gjer GIMP det meste av dette arbeidet. Du treng eigentleg berre å eventuelt justera fargane dersom dei ikkje er bra nok, eller du kan nytte ein spesifisert palett frå palettdialogen. Du kan finne meir om konverteringa i Del 6.6, “Indeksert modus”.

For å summera opp det føregåande: Vanlege palettar kan omformast til indekserte fargekart når du konverterer eit bilete til eit indeksert bilete. Indekserte fargekart kan omformast til vanlege fargekart, palettar, ved å importera dei i palettdialogen.

Figur 7.34. Dialogane for fargekartet (1) og paletten (2)

Dialogane for fargekartet (1) og paletten (2)