10. Fargeovergangar («Gradienter»)

Figur 7.23. Eksempel på fargeovergangar

Eksempel på fargeovergangar

Ovanfrå og ned: Forgrunn til bakgrunn (RGB); Full saturation spectrum CCW; Nauseating headache; Browns; Four bars


A gradient is a set of colors arranged in a linear order. The most basic use of gradients is by the Gradient tool, sometimes known as gradient fill tool: it works by filling the selection with colors from a gradient. You have many options to choose from for controlling the way the gradient colors are arranged within the selection. There are also other important ways to use gradients, including:

Å teikne med fargeovergang

Kvart av dei grunnleggjande GIMP-verktøya kan brukast saman med fargeovergangar. Dette kan mellom anna nyttast for å lage målingstrøk som skifter farge undervegs.

Filteret «fargelegg frå fargeovergang»

Med dette filteret, som du finn i fargemenyen under avbilding, kan du «fargeleggje» eit bilete ved å bytte ut fargane i biletet med fargane frå den gjeldande fargeovergangen. Dette vert gjort ved at mørke fargar i biletet vert bytt ut med fargane til venstre i fargeovergangen, medan dei lyse fargane vert bytte ut med fargane frå den høgre sida i overgangen. Du finn meir om dette i Del 8.38, “Fargelegg frå fargeovergang”.

GIMP vert levert med mange ferdigdefinerte fargeovergangar. Du kan også lage nye, eller laste inn frå andre kjelder. (Søk på Internett etter «gradient»). Du har full tilgang til alle fargeovergangane frå Fargeovergangsdialogen, som er ein dialog du kan kalla fram når du treng han, eller du kan legge han inn som ei fane i ein annan dialog. Den gjeldande fargeovergangen, brukt i dei fleste fargeovergangsoperasjonane, vert vist i indikatorområdet i verktøykassa. Klikkar du på fargeovergangsbiletet, dukkar dialogen for fargeovergangane opp.

Many quickly examples of working with gradient (for more information see Gradient Tool):

Nokre nyttige opplysningar om GIMP sine fargeovergangar:

Fargeovergangane som følgjer med GIMP er lagra i systemmappa gradients. Dei fargeovergangane du lagar sjølv, vert automatisk lagra i mappa gradients i den personlege GIMP-katalogen din. Når du startar GIMP, vert alle fargeovergangsfilene, dvs. filer med filutvidinga .ggr), lasta inn automatisk. Du kan legge inn fleire katalogar eller mapper i søkevegen GIMP nyttar ved å gå inn på fanen for fargeovergangar på sidene for datamapper i brukarinnstillingane.

Frå og med GIMP 2.2 kan du også laste inn fargeovergangsfiler i SVG-format. Dette formatet vert brukt av mange program for vektorgrafikk. Alt du treng å gjere er å legge fila i ei av gradients-mappene eller i ein av søkebanene for fargeovergangar.

[Tips] Tips

Du kan finne mange interessante SVG-fargeovergangar på Internett (søk på «gradient»), spesielt i OpenClipArt Gradients [OPENCLIPART-GRADIENT]. Du kan ikkje sjå korleis desse filene ser ut med mindre du har ein nettlesar som støtter SVG-formatet, men du kan i alle tilfelle lasta dei ned.