5.12. Vis laggrenser

Kommandoen Vis laggrenser slår prikkelinja som markerer ei laggrense av eller på. Denne linja er berre synleg dersom laget er mindre enn biletvindauget. Når laget har same storleik som biletvindauget, vert laggrensa forstyrra av biletkanten.

Du kan forandre normalvisinga for Vis laggrenser i dialogvindauget innstillingar for biletvindauget i menyen for brukarinnstillingane.

5.12.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisVis laggrense.