3.8. Lim inn

Kommandoen Lim inn legg det som måtte finnast på utklippstavla frå siste «Kopier» eller «Klipp ut» inn i biletet. Det innlimte biletet vert lagt inn som eit «flytande utval» og vert vist som eit eige lag i lagdialogvindauget.

Dersom det finst eit utval på lerretet frå før, vert dette brukt for å justera det innlimte biletet. Dataa vert limte inn med utvalet som midtpunkt. Ønskjer du at det gjeldande utvalet skal verke som avgrensing for det innlimte biletet, brukar du kommandoen «Lim inn i utvalet» i staden.

[Notat] Notat

Du kan berre ha eitt flytande utval i biletet. Du kan heller ikkje arbeide på andre lag før du har forankra eller fjerna det flytande utvalet.

3.8.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerLim inn.

  • eller med snarvegen Ctrl+V.