6.21. Skaler biletet

Kommandoen Skaler biletet gjer biletet større eller mindre ved å endre talet på pikslar i biletet. Dermed også storleiken på biletfila. Lerret vert tilpassa den nye storleiken.

Kommandoen verkar på heile biletet. Dersom biletet inneheld ulike store lag, kan det hende at nokre av dei vert reduserte til ingenting når du forminskar biletet. Forminskinga fører til at laga får mindre enn ein piksel, men sidan dette er uråd, forsvinn laga. Skulle dette skje, vil du få ei åtvaring på førehand.

Ønskjer du å skalere eit bestemt lag, bruker du kommandoen skaler lag.

[Notat] Notat

Dersom forstørringa fører til at biletet vert større enn «Maksimumsformat for nye bilete» sett i fana Systemresursar i brukarinnstillingane (normalverdi 128 Mb), vert du åtvara og spurd om du verkeleg ønskjer dette. Det vil ikkje føre til problem om du opprettar så store bilete, berre du er klar over at dei tar opp store mengder minne, noko som gjer at maskinen din arbeider seinare og i verste fall kan få GIMP til å krasja eller oppføra seg unormalt.

6.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteSkaler biletet

6.21.2. Beskriving av dialogen «Skaler biletet»

Figur 16.78. Dialogvindauget «Skaler biletet»

Dialogvindauget «Skaler biletet»

Biletstorleik

Eit bilete kan finnast på ein eller fleire av fire ulike stader: i ei biletfil, i RAM (minnet på maskinen din), på skjermen eller på papir. Når du skalerer biletet, forandrar du mengda av pikslar i biletet, og dermed også mengda av minne i RAM eller i biletfila som biletet treng.

Utskriftstorleiken for eit bilete er i tillegg også bestemt av oppløysinga, altså kor mange pikslar det vert avsett på kvar centimeter papir. Ønskjer du å forandra utskriftstorleiken til biletet utan å skalere biletet, altså utan å forandra talet på pikslar, må du bruke dialogen utskriftformat. Kor stort biletet vert på skjermen er ikkje berre avhengig av mengda av pikslar, men også av skjermoppløysinga, zoomfaktoren og verdiane som er sette i innstillinga punkt for punkt.

If you enlarge an image beyond its original size, GIMP calculates the missing pixels by interpolation, but it does not add any new detail. The more you enlarge an image, the more blurred it becomes. The appearance of an enlarged image depends upon the interpolation method you choose. You may improve the appearance by using the Sharpen (Unsharp Mask) filter after you have scaled an image, but it is best to use high resolution when you scan, take digital photographs or produce digital images by other means. Raster images inherently do not scale up well.

Dersom biletet skal brukast på Internett, må det nesten alltid forminskast, både på grunn av overføringa og fordi mange av internettbrukarane framleis bruker små skjermar, ofte med ei oppløysing på 1024 x 768 eller mindre.

Å legge til eller fjerna pikslar vert også ofte kalla «resampling».

Breidde; Høgde

Når du klikkar på kommandoen Skaler biletet, kjem det fram eit dialogvindauge som mellom anna viser dimensjonane for biletet. Du kan forandra dette ved å skrive verdiar i rutene for Breidde og Høgde. Dersom lenkeikonet er ubrote, vil desse to verdiane ha same forholdet seg imellom som i originalbiletet. Bryt du lenka ved å klikka på henne, kan du setje verdiane uavhengig av kvarandre. Dette vil i tilfelle forandra proporsjonane i vindauget.

Skal du skrive ut biletet, er det som oftast mest praktisk å måle biletstorleiken i millimeter eller tommar. Dette bestemmer du i nedtrekksmenyen. Dersom du vel prosent, bestemmer du storleiken relativt i høve til originalen. Vel du fysiske måleeiningar som mm eller tommar, må du også setje verdiane for X-oppløysing og Y-oppløysing. Dette fordi desse verdiane vert brukte for å rekne om frå fysiske einingar til pikselverdiar.

X-oppløysing; Y-oppløysing

Utskriftsoppløysinga vert bestemt av verdiane i felta X-oppløysing og Y-oppløysing. Du kan ogå endre måleeining med nedtrekksmenyen.

Kvalitet

Når du endrar storleiken på biletet, vert det som oftast fjerna eller lagt til pikslar. Det endelege resultatet er avhengig av kva metode som vert brukt i utrekningane. I nedtrekksmenyen Interpolasjon kan du velja mellom tilgjengelege metodar for denne utrekninga.

Interpolation methods are described in Interpolering.

[Notat] Notat

For å skalere lag, utval og banar, kan du bruke skaleringsverktøyet.