5.3. Vis alle

Kommandoen Vis alle dukka opp i GIMP 2.10.14. Han gjer at pikslane som er utanfor lerretet og såleis normalt ikkje er ein del av biletet også vert synlege. Dette gjer at du kan dra nye lag og bilete mellombels utføre lerretet for å arbeida på dei.

5.3.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via VisVis alle,

5.3.2. Grunnleggjande prinsipp for kommandoen «Vis alle»

Når du nettopp har opna eit bilete er lerretet like stort som biletet. Brukar du «Vis alle», skjer det sjølvsagt ingenting sidan ingen pikslar er utføre lerretet. Så forstørr laget med skaleringsverktøyet.

Figur 16.50. Vis alle

Vis alle

Laget er forstørra. Det er ikkje merkt av for kommandoen.

Vis alle

Laget er forstørra. Det er merkt av for kommandoen.


Når det ikkje er merkt av for «Vis alle», er pikslar som fell utføre lerretet ikkje synlege.

Når det er merkt av for kommandoen, er alle pikslane utføre lerretet synlege viss laget er stort nok. Du kan sjå:

  • Grensa for lerretet vert vist med ei raud prikkelinje. Du kan teikna utføre lerretet heilt ut til laggrensene. Endringar du gjer utføre lerretet vert ikkje eksporterte med mindre du førstørrar lerretet med Lerretstorleiken.

  • Laggrensene vert viste med ei gul prikkelinje.

  • Eit stort sjakkbrettmønster indikerer at det er ingen pikslar.

    Sjakkbrettområdet er uendeleg: uavhengig av storleiken på biletvindauget, så held det fram vidare.

5.3.3. Bruk av kommandoen «Vis alle»

Me vil klona frå eit nytt bilete inn i biletet.

  • Opna biletet, merk av for «Vis alle» og forstørr laget.

  • Opna det nye biletet. Det vert laga eit nytt lag for dette nye biletet. Klikk og dra det nye laget over i biletet. Bruk flytteverktøyet for å flytta det nye laget utføre lerretet.

  • Gjer det nye laget gjeldande (aktivt). Bruk kloneverktøyet og Ctrl-klikk på det nye biletet for å gjera det til kjelda for kloninga.

  • Gjer biletlaget til det gjeldande laget. Teikna på biletet for å klona kjelda. Du vil sjå at pikslar i sjakkbrettområdet vert klona.