2. Rutenett og hjelpelinjer

Før eller seinare vil du ha behov for å plassera eitt eller anna svært nøyaktig på biletet ditt. Dette er vanskeleg å få til med vanleg datamus. Litt lettare dersom du brukar piltastane, som normalt flytter markøren eitt biletpunkt om gongen, eller 25 punkt om du samstundes held nede Shift-tasten. For å gjere dette arbeidet litt enklare, er det lagt inn to hjelpemiddel i GIMP: rutenett og hjelpelinjer (bm.: «innrettingslinjer»).

Figur 12.31. Bilete utan rutenett og hjelpelinjer

Bilete utan rutenett og hjelpelinjer

2.1. Rutenettet

Figur 12.32. Bilete med standard rutenett

Bilete med standard rutenett

I kvart bilete er det alltid eit rutenett. Normalt er dette usynleg, men du kan gjere det synleg ved å gå til biletmenyen og klikke VisVis rutenett. Dersom du til vanleg helst vil arbeida med synleg rutenett, kan du gå til menyen i hovudvindauget til GIMP og vidare til FilInnstillingarUtsjånad og merke av for «Vis rutenett». Sjå også Biletvindauge. (Legg merke til at det er to innstillingar, ei for normalskjerm og ei for full skjerm).

Det vanlege rutenettet, slik du sette det opp då du installerte GIMP, ser ut som svarte kryss der rutelinjene kryssar kvarandre. Rutenettet har ein avstand på 10 biletpunkt i kvar retning, dvs. horisontalt og vertikalt. Du kan tilpassa dette til eigne behov ved å gå inn på sida Standard rutenett under Innstillingar i hovudmenyen. Ønskjer du å endra innstillingane berre for det biletet du arbeider på akkurat nå, kan du gå inn på BileteStill inn rutenett i menyen for biletvindauget for å få opp dialogen Still inn rutenettet.

Figur 12.33. Andre rutenettstilar

Andre rutenettstilar

Rutenettet kan vere til hjelp når du skal fastsette avstandar og samsvar mellom ulike biletdelar. Av og til kan det også vere nyttig å låse biletdelar til rutenettet. Vel du VisFest til rutenett, vil ein biletdel som vert sleppt i nærleiken av ei rutelinje, flytte seg til næraste linje og feste seg der. Du kan bestemme kor nære du må vere ei linje før dette vert aktivert ved å gå inn på Innstillingar i hovudmenyen og vidare til Verktøyalternativ. Dei fleste ser likevel ut til å vere nøgde med dei førehandsinnstilte 8 biletpunkta. Ver klar over at det er råd å feste til rutenettet sjølv om dette ikkje er synleg. Kanskje vanskeleg å sjå kvifor du ønskjer det slik, men det er altså mogeleg.