2.2. Hjelpelinjer

Figur 12.34. Bilete med fire hjelpelinjer

Bilete med fire hjelpelinjer

I tillegg til rutemønsteret kan du i GIMP også bruke hjelpelinjer for å plassere biletelement. Dette er vassrette og loddrette linjer som vert lagt midlartidig på biletet medan du arbeider med det.

Du hentar fram ei hjelpelinje ganske enkelt ved å klikke på ein av linjalane i biletvindauget og halde nede museknappen medan du drar hjelpelinja til ønskt plass. Hjelpelinja følgjer musepeikaren som ei blå prikkelinje. Når hjelpelinja er oppretta, vert flytteverktøyet aktivert og musepeikaren viser flyttesymbolet.

Har du behov for å plassere hjelpelinja meir nøyaktig, kan du bruke ein av kommandoane Ny hjelpelinje, Ny hjelpelinje (i %) eller Ny hjelpelinje frå utval.

You can create as many guides as you like, positioned wherever you like. To move a guide after you have created it, activate the Move tool in the Toolbox (or press the M key), you can then click and drag a guide; click-and-drag the intersection of two guides to move them together. To delete a guide, simply drag it outside the image. Holding down the Shift key, you can move everything but a guide, using the guides as an effective alignment aid.

Eigenskapane til hjelpelinjene er avhengig av kva Flytt-modus som er sett for flytteverktøyet. Med modus sett til Lag, vil musepeikaren vise ei lita hand når han kjem nær nok ei hjelpelinje. Hjelpelinja vert raud for å vise at ho er aktivert. Du kan nå flytte hjelpelinja eller fjerne ho ved å flytte ho inn til ein av linjalane. Dersom flyttemodus er sett til Utval kan du ikkje flytte hjelpelinja etter at ho er plassert på biletet.

Som med rutenettet, kan du også låse objekt til hjelpelinjene. Bruk VisFest til hjelpelinjer i biletmenyen. Har du så mange hjelpelinjer at det vert vanskeleg å finjustera biletet, kan du gøyme hjelpelinjene ved å avmarkera VisVis hjelpelinjer i biletmenyen. Du bør gjere hjelpelinjene synlege att så snart du kan, elles er det lett å verta forvirra neste gong du prøver å lage ei hjelpelinje og ikkje ser noko i det heile.

Dersom du meiner det normalt er enklare å arbeida utan synlege hjelpelinjer, kan du slå dei av permanent ved å avmarkera «Vis hjelpelinjer» i Biletvindauge i hovudmenyen. Kanskje ikkje særleg lurt å gjere dette, men det er altså mogleg.

Du kan fjerne hjelpelinjene med menyvalet BileteHjelpelinjerFjern alle hjelpelinjer.

[Notat] Notat

Another use for guides: the Slice Using Guides plugin can use guides to slice an image into a set of sub-images.