4. Korleis setja opp bufferlageret

Bilethandsaminga kan bruka store mengder maskinminne. Dess meir RAM du har tilgjengeleg, dess betre fungerar maskinen. GIMP brukar det som er tilgjengeleg av minne frå operativsystemet så effektivt som råd er. Datafilene vert organiserte i «minneblokker», i første omgang i RAM, men dersom det ikkje er plass der, vert harddisken teke i bruk som minne. Dette vil føra til at arbeidet går saktare. For å effektivisera minnebruken, vert biletet du arbeidar med delt opp i småbitar, såkalla «fliser». Dei flisene du arbeidar mest med vert lagra i RAM, medan dei du ikkje arbeidar på, eller det er lenge sidan du gjorde endringar i, vert førte over til harddisken.

Er storleiken på bufferlageret sett lågt, vil GIMP ofte ha behov for å senda data til harddisken. Internminnet, RAM, vert lite utnytta og harddisken får ekstraarbeid. Vert storleiken på bufferlageret sett for høgt, vil andre program oppleva at det er for lite RAM, og må altså ta i bruk harddisken som minneplass. I verste fall kan du oppleva at programma sluttar å verka, eller til og med krasjar, på grunn av for lite minneplass.

Korleis i all verda skal ein då kunne finna kva storleik som passar for bufferlageret på ein bestemt maskin? Her er nokre måtar for å bestemma verdiane, og nokre få triks i tillegg:

Lat oss gå ut frå at du vel den siste metoden for å finna ein god startverdi. Først treng du nokre data om maskinen din. Altså kor mykje RAM maskinen har, kor stor diskbuffer operativsystemet brukar (swap space) og eit generelt inntrykk av kor rask harddisken som hyser denne diskbufferen er, og kva mappe som vert brukt som diskbuffer for GIMP. Du treng ikkje køyra disktestar eller finna ut rotasjonsfarten på harddisken. Du treng berre gjera ei lausleg vurdering av kva som kan bety noko for bruken av maskinen ‒ og for bruken av GIMP. Du kan endra storleiken på bufferen i menyen InnstillingarOmgivnader.

Det neste du må gjera er å sjå kor mykje ressursar du treng til andre program som du ønskjer å køyra samstundes med GIMP. Start alle programma du reknar med å bruka, utanom GIMP, og gjer noko arbeid med dei. Bruk eit program som viser kor mykje minne du brukar, eller helst kor mykje minne det er att. Kva for program er avhengig av kva slag OS (operativsystem, dvs. Unix, Windows osv.) du køyrer. Unix held svært lite av minnet fritt for å kunna handsama store filer og store bufferområde. I Linux vil kommandoen free gjera utrekningane for deg. Sjekk kolonnane «free» og linja «-/+ buffers/cache». Noter deg også ledig diskbufferplass.

Nå er det på tide å bestemma seg, og litt enkel matematikk. Valet er mellom å leggje heile bufferen i RAM eller i RAM pluss diskbuffaren:

  1. Endrar du oppsettet stadig vekk eller arbeider lange økter med GIMP? Brukar du mykje tid på GIMP bør du bruka så mykje ledig RAM og ledig diskbuffer som det er tilgjengeleg. Elles bør du gå vidare på denne lista. (Føler du deg usikker på dette, les gjennom lista først). Dersom du veit at du kjem til å byta program heile tida, finn ut kor mykje ledig RAM du har og gå til slutten av lista. Det er i tilfelle ikkje nødvendig å kontrollera fleire ting.

  2. Er operativsystemet og GIMP sine bufferfiler på same fysiske harddisk, les av RAM og bufferstorleik og adder tala. Elles går du til neste punkt på lista.

  3. Er harddisken som operativsystemet ligg på raskare eller held same farten som harddisken GIMP arbeider på, legg saman ledig RAM + diskbuffer. Dersom harddisken med operativsystemet er tregare, noter berre ledig RAM.

  4. Du skal no ha eit tal som anten fortel kor mykje ledig RAM du har eller ledig RAM + ledig plass på operativsystemet sin diskbuffer. Reduser talet litt, for å vera på den sikre sida, og du har eit godt utgangspunkt for kor mykje bufferplass GIMP har bruk for.

Som du ser, går det heile ut på å finna dei ledige ressursane og avgjera om det er verd å bruka operativsystemet sin diskbuffer, eller om dette vert meir til ulempe enn til hjelp.

Det kan likevel hende du seinare ønskjer å forandra den verdien du kom fram til. Oftast fordi du har endra måten du bruker datamaskinen din på, eller du har lagt til ny maskinvare eller nye program. Dei gamle verdiane du kom fram til stemmer kanskje ikkje lenger. Dermed bør du gå gjennom punkta ovanfor på nytt for å sjå om tala har forandra seg mykje.

Ein annan grunn til å revurdere tala dine, kan vera dersom du meiner GIMP arbeider for sakte i forhold til andre program. Dette betyr at GIMP kan bruka eit større minneområde utan at dette går ut over andre program. På den andre sida, dersom dei andre programma syner teikn på manglande minneplass, bør du vurdera å redusera litt på mengda av RAM GIMP har til rådvelde.

Bestemmer du deg for å bruka berre RAM og dette resulterer i at GIMP køyrer for sakte, kan du vurdera å auke RAM-området til GIMP, utan å bruka heile den ledige diskbufferen. Dersom det er motsetningar mellom det å bruka RAM og å bruka diskbuffer, kan du prøva å redusera på RAM-området GIMP har tilgang til.

Eit anna triks kan vera å leggja bufferfilene på ein svært rask harddisk, eller på ein annan harddisk enn den som dei fleste filene dine er plasserte på. Dersom du har høve til det, kan du også prøva å spreia diskbufferane til operativsystemet på fleire harddiskar. Kanskje bør du vurdera å køyra færre program samstundes, eller å kjøpa meir RAM. Trass alt kan du ikkje rekna med å kunna redigera ein stor plakat nokolunde raskt på ein datamaskin med 16Mb ledig minne.

Du bør kanskje også sjå litt på kor mykje minneplass bileta dine krev. Dess større bilete, og dess fleire nivå du har på angreknappen, dess meir plass treng du. Arbeider du mykje med store bilete, kan du stipulera behovet for minneplass ut frå plassen bileta dine treng. I så tilfelle, vil det vel oftast bety at du bør skaffe deg så mykje RAM som maskinen og økonomien din tåler.