2.2. Ny…

Ved hjelp av dialogvindauget «Nytt bilete» kan du laga eit nytt, tomt bilete. Samstundes kan du bestemma ein del av eigenskapane biletet skal ha. Biletet vert opna i eit nytt biletvindauge. Du kan ha fleire bilete på skjermen samstundes.

2.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilNytt bilete …,

  • eller med snarvegen Ctrl+N.

2.2.2. Grunninnstillingane

Figur 16.4. Dialogvindauget «Lag eit nytt bilete»

Dialogvindauget «Lag eit nytt bilete»

Mal

Figur 16.5. Nedtrekkslista med definerte malar

Nedtrekkslista med definerte malar

I staden for å skriva inn alle verdiane sjølv, kan du velja ein av dei førehandsdefinerte malane frå lista. Kvar mal inneheld innstillingar for storleik, oppløysing osv. for eit bestemt biletformat. Dersom du ofte brukar eit biletformat som ikkje står på denne lista, kan du laga ein ny mal ved å bruka maldialogenvindauget.

Biletstorleik

Her bestemmer du Breidd og Høgd på det nye biletet. Til vanleg vert dette målt i pikslar, men du kan endra dette etter eige ønskje ved hjelp av nedtrekkslista. Dersom du bytar måleeining, ver klar over at dette påverkar X- og Y-oppløysinga (som du kan justera i Avanserte innstillingar). Eventuelt kan du kontrollera resultatet med visinga «Punkt for punkt» i menyen Vis.

Dersom det ikkje er nokre opne bilete, vert det «nye» biletet opna i det tomme biletvindauget med den storleiken du har bestemt. Dersom du opnar det «nye» biletet medan det er eller har vore eit anna bilete opna, vert det nye biletet opna i eit nytt vindauge med same storleik som det første biletet.

[Notat] Notat

Du bør kanskje også ha i mente at kvar einaste piksel vert lagra i minnet til datamaskinen. Oppretter du store bilete med mange pikslar, vil dette føre til at GIMP bruker mykje minne og lang tid på kvar einaste forandring du gjer på biletet.

Knappane Ståande og liggande

Desse to knappane skifter visinga mellom ståande og liggjande vising. Dette vert gjort ved å bytte rundt verdiane for breidde og høgde. Er desse verdiane like, vil knappane vere deaktiverte. Dersom du opererer med ulike X- og Y-oppløysingar, som du kan setje i avanserte innstillingar, vil også verdiane for desse bytte plass. Til høgre for desse knappane finn du opplysningar om biletstorleik, oppløysing og kva fargemodell som er brukt.

2.2.3. Avanserte innstillingar

Figur 16.6. Nytt bilete (Avanserte innstillingar)

Nytt bilete (Avanserte innstillingar)

Du får fram Avanserte innstillingar ved å klikka på plussmerket framføre teksten «Avanserte innstillingar» eit stykke nede i dialogvindauget.

X- og Y-oppløysing

Desse verdiane vert berre brukte når biletet skal skrivast ut. Normalt vert ikkje storleiken på skjermen påverka av desse verdiane. X- og Y-oppløysinga kan likevel påverka korleis pikslane skal overførast til andre måleeiningar som td. millimeter, dersom du bruker slike.

[Tips] Tips

Ønskjer du å vise biletet på skjermen med korrekte dimensjonar vel du VisPunkt for punkt. Sett zoomfaktoren til 100% for å vise biletet i sann skjermstorleik. Normalt vert skjermen kalibrert når du installerer GIMP, men det kan også gjerast frå dialogen innstillingar.

Fargemodus

Du kan opprette det nye biletet i ulike fargemodellar, anten som RGB eller i gråskala.

RGB-farge

Biletet vert laga med eit fargesystem sett saman av Raud, Grøn og Blå. Det er dette fargesystemet som vert brukt av dataskjermen, eller TV-skjermen for den saks skuld.

Gråskala

Biletet vert laga i svart og kvit med mellomliggjande gråtoner. I tillegg til dei reint artisiske interessene dine, kan formatet også vere nødvendig for ein del programtillegg. Du kan alltid omforma eit RGB-bilete til gråskala-bilete om nødvendig.

Det er ikkje råd å laga eit indeksert bilete frå denne menyen. Sjølvsagt kan du likevel indeksera eit bilete, etter at du har laga det, med kommandoen BileteModusIndeksert.

Presisjon

Eit langt steg for GIMP: 16-32 bits per kanal er endeleg tilgjengeleg. Det er no råd å arbeida med mykje meir fargeinformasjon og detaljar i bileta. Dette gjer at du kan laga svært mjuke fargeovergangar. Det neste steget er å kunna redigera RAW-filer direkte i GIMP sidan den no er nok fargeplass til å henta tilbake alle fargedetaljane frå RAW-filer. Dette manglar førebels.

Fem val er tilgjengelege:

  • 8-bit heiltal

  • 16-bit heiltal

  • 32-bit heiltal

  • 16-bit desimaltal

  • 32-bit desimaltal

I tilfelle du lurer på kva skilnaden mellom heiltal og desimaltal i det grafiske området er: Dersom du har eit bilete med 16-bit heiltalspresisjon per kanal, så har du 65 536 valørar av kvar av fargane raudt, grønt og blått – alle med same fargeavstand. Dersom du brukar desimaltal, er avstanden mellom fargane ikkje like. Du kan då fordela verdiane over bestemte område slik at om du for eksempel har eit svært mørkt bilete med mykje raud skugge, kan du leggja større vekt på dei lyse fargane og såleis få fleire fargedetaljar frå dei mørke raude områda.

Figur 16.7. Presisjoneksempel

Presisjoneksempel

Biletet til venstre er 8-bit, det til høgre er 16-bit. D>u ser at det er mange fleire fargar mellom fargeovergangane i det høgre biletet.


Gamma

Her kan du velja kanalkodinga for biletet. Vala er Perseptuell gamma (sRGB) og Lineært lys. For 8-bits heltalspresisjon er standard perseptuell gamma, og for 32-bits desimalpunktpresisjon er det Lineært lys. For meir informasjon, sjå Kva presisjonsalternativ bør du velja.

Farghandsam dette biletet

Når denne er slått på (dette er standard og bør til vanleg ikkje endrast med mindre du veit kva du gjer), er biletet fargestyrt. Dette betyr at alt du gjer i GIMP vil basera operasjonane på den valde fargeprofilen (sjå nedanfor) til biletet. Sjå også Slå på fargeadministrasjon for meir informasjon.

Fargeprofil

Her kan du velja ein fargeprofil for biletet. Standard er GIMP sin standard fargeprofil basert på fargerom, presisjon og gamma. Viss du heller vil nytta ein annan fargeprofil, kan du velja ein ICC-fargeprofil frå ei eller anna plassering i datamaskinen ved å velja Vel fargeprofil frå disk….

Fyll med

Her bestemmer du kva bakgrunnsfarge biletet skal ha. Om du er usikker, kan du berre velja eit eller anna. Det er fullt mogleg å byta bakgrunnsfarge seinare. Du finn meir informasjon om dette i Del 2.1, «Lagdialogen».

Det er fleire val:

  • Fyll biletet med gjeldande forgrunnsfarge synt i verktøykassa.

    Du kan ikkje forandre forgrunnsfargen når dialogvindauget «Nytt bilete» er ope.

  • Fyll biletet med gjeldande Bakgrunnsfarge synt i verktøykassa. Du kan også forandre bakgrunnsfargen når dialogvindauget er ope.

  • Fyll biletet med Kvit.

  • Fyll Gjennomsiktig. Vel du denne, vert biletet laga med alfakanal og gjennomsiktig bakgrunn. Dei gjennomsiktige delene av biletet vert markerte med eit sjakkbrettmønster for å indikere gjennomsikt.

  • Fyll biletet med eit mønster. Vel du dette, vert biletet fylt med det gjeldande mønsteret, som du kan endra når dette dialogvindauget er ope.

Kommentar

Her kan du skriva inn ein merknad til biletet. Teksten vert lagt til i biletet som såkalla parasitt og kan også lagrast i nokre av filformata som t.d. PNG, JPEG og GIF.

[Notat] Notat

Du kan lese den lagra kommentaren ved å opna vindauget for bileteigenskapar.