5. Å lage snarvegar til menyfunksjonane

Mange av funksjonane som er tilgjengelege frå biletmenyen kan også aktiverast frå ein tastatursnarveg. Har du funksjonar du bruker ofte, kan det vere ei lette i arbeidet å lage slike snarvegar til desse. Det er to måtar å gjere dette på.

Prosedyre 12.1. Å bruke dynamiske snarvegar

  1. Først må du gå inn i menyen Brukarinnstillingar og krysse av for Bruk dynamiske tastatursnarvegar i Grensesnitt-delen av menyen. Normalt er dette valet deaktivert for å hindre at det vert laga uønskte snarvegar.

  2. Når du først er her, kontroller at også Lagra tastatursnarvegane ved avslutning er avkryssa slik at dei nye snarvegane vert lagra.

  3. For å lage snarvegen, plasserer du musepeikaren på kommandoen og skriv inn den ønskte tastekombinasjonen. Ikkje slepp opp tastane før den siste er skriven dersom du bruker fleire tastar. Pass også på at du heller ikkje leer museoeikaren,Du vil sjå at kombinasjonen dukkar opp til høgre for kommandoteksten.

  4. For å unngå konfliktar med eksisterande kombinasjonar, bør du bruke Ctrl+Alt+Tast-sekvensar for dei nye snarvegane.

Figur 12.35. Å sette opp tastatursnarvegar

Å sette opp tastatursnarvegar

Prosedyre 12.2. Å bruke snarvegshandteraren

  1. Du kjem fram til denne innskrivingsfunksjonen ved å klikke på knappen Sett opp tastatursnarvegar i «Grensesnitt»-delen i menyen brukarinnstillingar. Funksjonen er også tilgjengeleg frå menyvalet RedigerTastatursnarvegar.

  2. I denne dialogen klikkar du på den funksjonen du ønskjer å lage ny snarveg for og skriv inn tastekombinasjonen slik som nemnd ovanfor. (Eigentleg skal mellomromtasten viske ut snarvegen, og det gjer han, men snarvegen vert ikkje fjerna frå systemet).

  3. Du kan også bruke snarvegshandteraren til å setje opp parametra for verktøya frå tastaturet. Øvst i dialogvindauget finn du menyen Innhald som fører deg til verktøyparametra. For å forenkla arbeidet, er kvar verktøytype merka med eit ikon. (Denne funksjonen finst ikkje i den utgåva eg har, versjon 2.8.0 for Windows.)

[Notat] Notat

Custom Keyboard shortcuts are stored in one of Gimp's hidden directory (/home/[username]/.config/GIMP/2.10/menurc) under Linux. Under Windows, local and global location are, respectively:

  • C:\Documents and Settings\[Username]\AppData\Roaming\GIMP\2.10\menurc

  • C:\Program Files\GIMP 2\etc\gimp\2.0\menurc

This location may change if GIMP is installed after having already installed Git Bash or Cygwin. In this case, they will appear in C:\Program Files\Git\.gimp-[version]\menurc.

«menu.rc» er ei vanleg tekstfil som du kan kopiere mellom ulikedatamaskiner.