Innhald
GIMP er svært godt eigna til å retta opp digitalkamerabilete som av ein eller annan grunn ikkje er heilt slik du måtte ønskja. Kanskje er biletet over- eller undereksponert, kanskje litt skeivt eller litt ute av fokus. Dette er vanlege problem som GIMP faktisk ofte har løysingar på. Føremålet med dette kapitlet er å gje deg eit oversyn over desse reiskapa og når dei kan vera til nytte. Du vil ikkje finna detaljerte oppskrifter her, og heller ikkje særleg mykje om ulike spesialeffektar. Det du finn er nokre smakebitar frå ulike kategoriar, og kanskje nokre idéar. Den beste måten å læra bruken av desse verktøya er å eksperimentera. Har du lyst til å studera verktøya nærare, finn du utførleg omtale i den hjelpseksjonen som høyrer til det aktuelle verktøyet. For å ha full glede av dette kapitlet, bør du ha litt kjennskap til GIMP frå før, men du treng på ingen måte vera ekspert. Ver heller ikkje redd for å prøva deg fram. Angrefunksjonen i GIMP er svært godt utbygd. Du kan sleppa unna nesten alle mistak ved hjelp av tastekombinasjonen Ctrl + Z.
Det folk flest oftast har bruk for er hjelpemiddel for å forbetra komposisjonen, endra fargane, gjera biletet skarpare og å fjerna uønska element i biletet.
Det hender sikkert også deg ein gong i blant at du held kameraet litt skeivt, og dermed ender opp med eit litt skakt bilete. Dette er det lett å retta opp i GIMP ved hjelp av verktøyet roter. Du aktiverer dette verktøyet anten ved å klikka på ikonet i verktøykassa eller ved å tasta stor R når du er innføre biletet. Forsikra deg om at knappen transformer lag i verktøyinnstillingane for roteringsverktøyet er slått på. (Den venstre knappen av dei tre heilt øvst i dialogvindauget). Dersom du no klikkar ein stad på biletet og flyttar musemarkøren medan du held venstre museknappen inne, vil du sjå at ein del av biletet «vrir» seg. Samstundes dukkar det opp eit vindauge med «rotasjonsinformasjon». Når du meiner rotasjonen er høveleg, klikk knappen Roter i informasjonsvindauget, og biletet vert sett til den nye utsjånaden.
Det er ikkje alltid like lett å treffa den rette rotasjonsmengda første gongen, og det er freistande å korrigera litt med nye rotasjonar både ein og fleire gonger. Dette bør du helst unngå. Metoden som vert brukt ved denne forma for rotasjon, gjer at biletet vert litt meir uskarpt for kvar rotasjon, same om du roterer biletet mykje eller lite. Kanskje ikkje merkbart om du roterer biletet éin gong, men før eller seinare vil du tydeleg kunne sjå resultatet. Du omgår problemet enklast ved å nullstilla biletet (Angre) mellom kvar rotering.
I GIMP finst det også ein annan, og enklare, måte å rotera bilete på. I verktøyinnstillingane for rotasjonsverktøyet finn du ein avkryssingsboks merkt Bakover (korrigerande). Når du brukar denne metoden, vert biletet rotert i samsvar med feilen og ikkje, slik som i den førre metoden, for å kompensera for feilen. Vanskeleg? Prøv metoden, og du vil sjå at det er enklare gjort enn sagt.
Notat | |
---|---|
Det er ei innstiling der du kan få fram førehandsvisinga av transformasjonen i staden for berre eit rutenett. Dette gjer det enklare å få ting korrekte ved første forsøk. |
Når du har rotert eit bilete, vert det nokre trekanta «hol» i kvart hjørne. Ein måte å vert kvitt desse hola på, er å fylla dei med ein eller annan høveleg bakgrunn. Ein betre måte er å «stusse» (beskjere) biletet litt. Altså å skjere ut ein passeleg bit av biletet, utan å ta med hjørnehola. Sjølvsagt er det aller beste å halde kameraet så rett som mogeleg når du tar biletet, men det er ikkje alltid like enkelt det heller.
Når du fotograferer, har du ein viss kontroll med kva som kjem med på biletet. Likevel hender det at du seinare oppdagar at biletet kan forbetrast ved å klippe bort uvedkomande ting. Ofte er det også rom for forbetringar ved å endre utsnittet slik at dei viktigaste elementa kjem i dei såkalla nøkkelpunkta. Ein tommelfingerregel, som ikkje bør følgjast altfor slavisk, er «tredelinga». Denne regelen seier at dersom du deler eit bilete i tre, både vassrett og loddrett, skal dei viktigaste elementa i eit bilete plasserast der desse linjene kryssar kvarandre.
For å beskjere eit bilete klikkar du på beskjeringsverktøyet i verktøykassa, eller trykkjer Shift+C medan du er innføre biletet. Når du no klikkar og dreg innføre biletet, vil du sjå eit rektangel som viser kva som vert att og kva som vert skore vekk. Når alt er slik du vil ha det, trykk Enter. Merk: viss i innstillingane for klippeverktøyet er slått av, vert dei klipte pikslane ikkje fjerna frå biletet, berre dei synlege delane vert justerte.
Trass i avanserte system for eksponeringskontroll, vert bilete tatt med digitalkamera ofte over- eller undereksponerte. I tillegg er det nokså vanleg med fargestikk, altså at biletet har for mykje eller for lite av ein farge. I GIMP er det lagt inn mange ulike reiskap for å korrigera fargane i eit bilete, frå automatiske verktøy som vert aktiverte med eit klikk, til avanserte hjelpemiddel der du kan finjustera alle parametra manuelt. Vi byrjar med dei enklaste.
I GIMP finn du fleire automatiske verktøy for korrigering av fargar. Sjølv om dei kanskje ikkje alltid fører fram til dei resultata du er på jakt etter, er dei raske å prøva ut og kan i det minste gje ei rettleiing om kva som bør gjerast med biletet ditt. Med unnatak av autonivå, finn du desse verktøya i biletmenyen under → .
Her er ein omtale av dei ulike hjelpemidla:
Denne funksjonen prøver å fordela fargane i biletet likt utover heile det tilgjengelege området av moglege lysstyrkar. Som oftast vert resultatet nokså merkeleg, men av og til greier programmet å setja opp kontrastar og fargefordelingar som er nesten uråd å få fram på andre måtar. Sidan det berre tek ein augneblink å prøva ut effekten, er det vel verd eit forsøk.
Denne funksjonen aukar fargemetninga i det aktive laget utan å endra fargetone eller lysverdi. Difor verkar dette verktøyet ikkje på gråtonebilete.
Dette verktøyet er nyttig for å justera undereksponerte bilete. Det justerer heile biletet slik at det lysaste punktet vert heilt på metningsgrensa, og det mørkaste punktet vert svart. Ulempen er at justeringa vert bestemt heilt og fullt ut frå det mørkaste og det lysaste punktet i biletet. Difor vil programmet ikkje ha nokon verknad dersom det finst eitt einaste svart og eitt einaste kvitt punkt i biletet frå før. Verktøyet arbeid på dei raude, grøne og blå kanalane uavhengig av kvarandre. Det kan ofte vera nyttig for å redusera fargestikk.
Kommandoen gjer det same som «Strekk kontrast», men arbeider i fargemodellen HSV i staden for i RGB. Dermed vert kuløren bevart uendra.
Justerer fargane ved å fjerna lite brukte fargar og fordela dei resterande fargane utover i dei ledige områda. Vil ofte forbetra bilete som manglar rein kvit eller rein svart.
Dette verktøyet kan du opna mellom anna frå biletmenyen med juster fargenivå også dukka opp om du klikkar ein eller annan stad på biletet. Finn knappen merkt i dialogvindauget og klikk på denne. Dersom førehandsvisinga ser bra ut, kan du klikka for å gjera endringa varig. Dersom du ikkje får noko førehandsvising, sjå etter at det er kryssa av for dette i dialogvindauget. Trykkjer du , vert det ikkje nokre endringar i biletet.
→ . Dersom du har brukt dette verktøyet tidlegare, og ikkje har brukt nokre andre automatiske verktøy i mellomtida, vilDu kan også bruka dette verktøyet halvautomatisk. Like etter knappen
finn du tre knappar merkte med ei pipette. Held du musepeikaren over den første av desse, vil det dukka opp ein tekst som fortel at du kan velja svartpunkt. Klikk på denne og finn deretter eit skikkeleg svart punkt i biletet og klikk på dette. Klikk deretter på den tredje knappen og deretter på eit biletpunkt som ser ordentleg kvitt ut. Endeleg bruker du den midtarste knappen for å plukke ut eit grått punkt. For kvar gong du plukkar ein farge, vil du sjå at biletet endrar seg. Dersom du er nøgd med resultatet, trykkjer du -knappen. Er du ikkje nøgd, prøv igjen, eller avslutt utan å endra biletet ved å trykkja .Dette var dei automatiske fargejusteringane. Finn du at ingen av desse gjer nøyaktig det du ønskjer, må du over på dei interaktive fargeverktøya. Alle desse, unntatt ein, kan nåast via
→ eller i biletmenyen. Etter at du har vald verktøy, kan det hende du må klikka på biletet for å aktivera dialogvindauget for verktøyet.Det enklaste av desse verktøya er lysstyrke/kontrast. Du kan ikkje gjera så svært mykje med dette verktøyet, men kan vera til nytte når du skal korrigera over- eller undereksponerte bilete. (Derimot er det ubrukbart til å korrigera fargefeil med). Verktøyet har to glidebrytarar som du brukar for å stilla inn lysstyrke og kontrast med. Har du merkt av for førehandsvising, og det bør du, kan du sjå resultata direkte på biletet. Kjem du fram til ei innstilling du er nøgd med, klikkar du og biletet er endra. Kjem du ikkje fram til noko fullgodt resultat, klikkar du , og alt er som før.
Eit meir avansert, men berre litt vanskelegare, verktøy er «Tonenivå». Dialogvindauget for dette verktøyet ser noko innvikla ut, men til vanleg bruk greier det seg med det området som er merkt som «Inngangsnivå» og dei tre trekanta sleideknottane på skalaen like under histogrammet. Den lettaste måten å lære seg korleis verktøyet verkar, er å prøve seg fram. Forsikra deg om at du har merkt av for førehandsvising. Skulle du likevel ha behov for nærare opplysningar, kan du kikka på nivåverktøya. Sjå også under «Automatisk tonenivå» ovanfor.
Eit svært kraftig verktøy for å korrigera eksponeringsfeil, er kurveverktøyet. Med dette verktøyet kan du gjera alt det dei to føregåande verktøya kan gjera berre ved å dra kontrollpunkt rundt på ei kurve i ei grafisk framstilling av fargeverdiane i biletet. Samla for alle fargane, eller kvar farge for seg. Igjen er det vel nok å minna om at den enklaste måten å læra seg bruken av verktøyet er å prøve seg fram, etter at du har forsikra deg om at førehandsvisinga er slått på. Skulle du likevel ha behov for nærare opplysningar, kan du kikka på kurveverktøyet.
Ein annan måte å kontrollera lysstyrke og kontrast på, er å laga eit nytt lag over det laget du arbeider med. Set modus for det nye laget til multipliser. No kan du teikna med ulike gråtoner, frå svart til kvitt, der du ønskjer endringar i biletet. Unngå å teikna med farge, dersom du ikkje ønskjer fargeskift i biletet. Dess lysare grå du brukar, dess mindre endringar. Kvit farge gir ingen forandringar. Du bør bruka diffuse penslar. Harde penslar kan gje uønska effektar ved overgangane. Juster deretter blandingstilhøvet med glidebrytaren som styrer kor gjennomsiktig det nye laget skal vera.
Modus multipliser kan berre gjera delar av biletet mørkare. Har du bruk for å gjera delar av biletet lysare, vel du i staden modus divider. Det finst ein avansert måte å henta fram maksimalt med detaljar i biletet uansett opp- eller nedtoning:
Kopier laget (lagar eit nytt lag oppå det du arbeider med).
Avmett det nye laget. (
→ ).Legg til Gaussisk sløring med stor radius, 100 eller meir. (
→ → ).Sett modus i lagdialogvindauget til divider.
Kontroller kor sterk korreksjonen skal vera med glidebrytaren for lysstyrke/kontrast, tonenivå eller kurveverktøyet på det nye laget før du justerer dekkevna.
i lagdialogvindauget. Du kan også brukaNår du er nøgd med resultatet, bruker du kommandoen
for å kombinera laga til eitt enkelt lag.I tillegg til multipliser og divider kan du kanskje oftare få til brukbare effektar med andre modus som t.d. etterbelys (Bm.: Brenn) eller avskygging (Bm.: Blek). Ver likevel litt forsiktig med desse filtra. Dersom du etter ei lita stund med eksperimentering riv deg laus frå datamaskinen, vil du kanskje oppdaga at sola er i ferd med å stå opp. Det er fort gjort å vert riven med. Dessutan er det slik at dess fleire val du har, dess vanskelegare er det å bestemma seg.
Dersom biletet ditt har fargestikk, dvs. for mykje raudt, grønt eller blått, kan dette lett korrigerast ved hjelp av verktøyet for justering av fargenivå. Korriger kvart fargenivå for seg. Dersom dette ikkje vert bra nok, kan du forsøka verktøyet for å justera fargebalansen, eller kurveverktøyet. Desse to siste er likevel vanskelegare å bruka til denne oppgåva enn den første. (Dei er derimot ypparlege til andre oppgåver).
Det kan til tider vera svært vanskeleg å sjå om fargane er høveleg justerte. Eit greitt hjelpemiddel er å finna eit punkt i biletet som du veit skal vera kvitt eller grått, og plukka opp denne fargen med fargeplukkaren (pipettesymbolet i verktøykassa). Dersom denne fargen inneheld like mykje raudt, grønt og blått ut frå opplysningane som kjem fram i dialogvindauget som dukkar opp, er fargejusteringa korrekt. Dersom fargefordelinga er skeiv, er det lett å sjå kva fargar som må rettast på. Denne teknikken høver også for fargesvake med behov for hjelpemiddel til denne typen arbeid.
Dersom biletet er blast, noko som lett skjer når du fotograferar i sterkt lys, kan du forsøka verktøyet kulør/metning. Her finn du tre glidebrytarar: , og . Som oftast vert denne typen bilete sterkt forbetra ved å auke metninga, og eventuelt etterjustere lysstyrken om det er nødvendig. («Lysstyrke» i denne kontrollen er ikkje heilt det same som «lysstyrke» i kontrollen for lysstyrke/kontrast sidan dei reknar ut verdiane frå litt ulike kombinasjonar av fargekanalane). I tillegg kan du med kontrollen kulør/metning også finjustera utvalde fargar med fargeknottane øvst i dialogvindauget. Desse er helst for spesiell effektar, og bør ikkje nyttast dersom du ønskjer naturlege fargar i biletet ditt.
Tips | |
---|---|
Sjølv om biletet er korrekt eksponert, vil det ofte sjå betre ut dersom du aukar metninga litegrann. |
Dersom du fotograferar med for lite lys, får du ofte eit motsett problem. Bileta vert for mykje metta. Du kan då sjølvsagt nytta dei same verktøya som ovanfor, men redusera metninga i staden for å auka ho.
Dersom biletet ikkje er skikkeleg fokusert, eller du har ledd på kameraet under fotograferinga, vert biletet uskarpt. Det same kan skje om kamerabatteria er nesten flate. Eit svært uskarpt bilete er det ikkje så mykje å gjera med, men er det berre litt uskarpt kan det kanskje bergast.
Den mest generelt nyttige teknikken for å gjera eit uskarpt bilete skarpare vert kalla Gjer skarpare (uskarpmaske). Det litt forvirrande namnet skriv seg frå ein teknikk som vart brukt i mørkerommet for å gjera kopiane skarpare, ikkje uskarpe. Det er eit programtillegg som du har tilgang til via «Filter -> Forbetringar -> Gjer skarpare (uskarpmaske)». Filteret har to parametrar, «radius» og «mengde». Standardverdiane fungerer ofte ganske bra, så du bør prøva dei først. Aukar du styrken på anten radius eller mengde, vert effekten forsterka. Ikkje lat deg riva med, du risikerer at eventuell støy i biletet også vert forsterka. I tillegg kan du få nokre merkelege effektar særleg ved skarpe kantar.
Tips | |
---|---|
Dersom det er store kontrastar i biletet, har uskarpmaska lett for å generera fargefeil. Skulle dette skje, kan du i staden prøva å dela biletet opp i åtskilde HSV-lag og bruka uskarpmaska berre på verdi-laget og deretter setja saman biletet igjen. Dette kan verka fordi auget har mykje finare oppløysing på lysstyrke enn på fargar. Sjå separer og kombiner for meir om dette. |
I nokre tilfelle kan du få ganske brukbare resultat ved å selektiv gjera spesifikke delar av biletet skarpare med verktøyet slør eller skjerp som du finn i verktøykassa og setja det i «gjer skarpare»-modus. Med dette verktøyet kan du gjera biletet skarpare ved å teikna på det aktuelle området med ein eller annan pensel. Det er likevel vanskeleg å få endringane til å sjå naturleg ut med dette verktøyet. Overgangane vert nok skarpare, men samstundes er det lett å også forsterke eventuell støy som måtte finnast i biletet.
Når du fotograferer i dårleg lys, eller nyttar for rask film (høg ISO-verdi), vert biletet kornete. Du kan nok glatta ut korna ved å gjera biletet litt uskarpt, men dermed vert biletet også, ja nettopp, uskarpt. I staden finst det to andre verktøy som truleg vil gje betre resultat. Dersom korna ikkje er for store og tydelege, kan du prøva med å setja filteret selektiv gaussisk sløring til ein radius på 1 eller 2 pikslar. Du finn filteret i biletmenyen under → → . Den andre måten er ved å nytta støvfilteret. Dette finn du i biletmenyen under → → . Du kan nytta førehandsvising når du prøver ut filteret, noko som gjer det lett å eksperimentera med innstillingane.
Uønskte element har i denne samanhengen oftast to ulike opphav. Anten er det flekkar eller støy som kjem frå kameraet eller tilleggsutstyret ditt, eller det er ting som var til stades då du tok biletet, men som du ikkje ønskjer på det ferdige fotografiet, som t.d. ei høgspentlinje i eit elles nydeleg fjellandskap.
For å ta bort støv og å retta opp småfeil, er støvfilteret ganske nyttig. Du finn det i biletmenyen under → → . Det er svært viktig at du bruker dette filteret på små område. Bruk eit av utvalsverktøya og marker feilen som skal rettast opp og eit lite område rundt denne, før du aktiverer filteret. Området må vere så lite at du lett kan skilja biletpunkta som høyrer til feilen frå dei «normale» punkta. (Dersom du prøver dette filteret på heile biletet, vil du truleg aldri finna ei innstilling som gir brukbart resultat). I dialogvindauget for «støvfilteret» finn du ei grei førehandsvising. Følg med på denne medan du endrar parametra med glidebrytarane. Dersom du er heldig, kan du finna ei innstilling som fjernar feilen utan å påverka området rundt for mykje. Dess tydelegare feilen er, dess enklare er det å fjerna han. Dersom det er uråd å finne innstillingar som tar bort feilen, avbryt og prøv på nytt med eit litt anna område på biletet.
Har du fleire feil av denne typen på biletet ditt, må du gjenta prosessen for ein feil om gongen.
Har du behov for å fjerna uønskte element frå biletet, er kanskje kloneverktøyet den greiaste løysinga. Med dette verktøyet kan du teikna på ein del av biletet med utsnitt teke frå ein annan del av biletet, eller frå eit heilt anna bilete. Løyndommen bak effektiv bruk av kloneverktøyet, er at det finst ein høveleg del av biletet som kan kopierast over den delen du vil ha fjerna. Dersom områda på biletet er svært ulike det som skal erstatta feilen, har du ikkje mykje å fara med. Heldigvis er det som oftast enkelt å finna høvelege område. Har du eit godt bilete av ei nydeleg strand, berre skjemd av ein dårleg plassert person i bakgrunnen, burde det vera lett å finna eit tomt område av stranda som kan nyttast til å klona over den uønskte personen. Det er heilt forbløffande kor naturleg slik kloning kan sjå ut. Ofte heilt umerkande dersom du arbeider litt med teknikken og er heldig med biletet.
Eit anna verktøy, som kan minna om kloninga er helbredingsverktøyet. Dette tar i tillegg også omsyn til omgivnadane ved kloninga og kan difor i mange tilfelle gje betre resultat enn vanleg kloning. Typisk bruksområde er utbetring av rynker og andre småfeil.
Du kan finna meir om kloning i hjelp for kloneverktøyet. Kloning er meir ein kunst enn ein vitskap, og dess meir du øver deg, dess betre resultat kan du oppnå. Ikkje vert skræmd om dei første forsøka vert mislukka. Øving gjer meister.
I nokre tilfelle kan du oppnå gode resultat ved å fjerna området med feil i og deretter bruka programtillegget «Resynthesizer» for å fylla inn det som manglar. Dette programtillegget vert ikkje levert saman med GIMP, men kan lastast ned frå utviklaren si nettside [PLUGIN-RESYNTH]. Som med mange andre ting, kan tidsbruken variera.
Dette er eit fenomen som kan oppstå når blitslyset vert reflektert frå netthinna til ein person eller eit dyr og tilbake til kameraet. Mange moderne kamera har blitsfunksjonar som skal hindre denne effekten, men dei verkar berre om du brukar dei, og ikkje alltid då heller. Reflekslyset frå eit menneskeauge er alltid raudt, men frå dyr kan dette lyset ha mange andre fargar.
Frå og med versjon 2.4 har GIMP eit spesielt filter for å fjerna raude auge. Det enklaste er å merkja eitt auge med eit av utvalsverktøya før du opnar filteret. Du kan bestemma grenseverdien for raudfargen som skal omformast.
Det finst ikkje noko eintydig svar på kva filformat du bør lagra bileta dine i. Alt kjem an på kva du har tenkt å bruka bileta til.
Dersom meininga er å opna biletet i GIMP igjen for å arbeida vidare på det, må du lagra i GIMP sitt eige XCF-format. Altså som «biletnamn.xcf». Dette er det einaste formatet som garanterar at det meste av informasjonen i biletet verkeleg vert lagra. Ulempen er at det berre kan lesast av GIMP.
Er det meininga å skriva biletet ut på papir, må du unngå å redusera formatet på andre måtar enn ved beskjering. Ein skrivar kan ha frå 600 til 1400 fargepunkt per tomme (dpi), alt etter kvaliteten og bruksområdet. Dataskjermen har frå 72 til 100 dpi. Eit bilete på 3000 x 5000 dpi ser svært stort ut på skjermen, men kjem ut som 12,5 x 20 cm på papiret med 600 ppi. Altså omlag som eit A5-ark. Skal du forstørra biletet, gjer du dette når du skriv ut, ikkje når du lagrar det. Det er uråd å forbetra oppløysinga når du forstørrar eit bilete, utanom å gå til full retusjering. Til vanleg høver formatet JPEG (ofte oppgitt som JPG) godt til dette føremålet. Sett kvalitetsnivået til 75 - 85. Inneheld biletet store, einsfarga biletflater, kan du setja kvaliteten enda høgare, eller nytta eit anna format som ikkje reduserer biletet, t.d. TIFF-format.
Skal biletet berre visast på skjerm, eller med videoprojektor, er det ingen vits i å laga biletet større enn 1600 x 1200. Vanlege skjermar har ikkje betre oppløysing. Også her vil JPEG-formatet vera eit godt val.
For bilete som skal brukast på nettsider eller sendast med e-post, må du nytta alle knep for å laga biletfila så lita som råd er. (Dette er gyldig regel også om alle mottakarane har breiband). Først kan du forminska biletet til det minste formatet som likevel viser alle detaljane. Du bør likevel hugsa på at mottakaren kan nytta ein annan skjermstorleik eller skjermoppløysing enn det du gjer. Neste steg er å lagra biletet i JPEG-format. Bruk «Førehandsvising i biletvindauget» og juster kvaliteten til det lågaste akseptable nivået. (Kvar endring vert vist i biletet). Forsikra deg om at biletet vert vist i storleik 1 : 1 slik at du ikkje vert lurt til å tru at kvaliteten er betre enn han eigentleg er.
Sjå under filformat for nærare om dei andre filformata.
Som i dei fleste programma, må du også i GIMP gå til hovudmenyen på
→ for å skriva ut. Det kan vera nyttig å hugsa på nokre enkle reglar for å unngå overraskingar når du studerer resultatet. Du må alltid hugsa:at biletet som vert vist på skjermen er i RGB-format og at utskrifta vert gjort i CMYK-modus. Difor vert fargane i utskrifta aldri heilt like dei du ser på skjermen. Dette kjem av at fargekarta dei to fargemodellane bruker ikkje er heilt like. Er du nysgjerrig på dette, kan du finne meir opplysningar på desse lenkene i Wikipedia:
ICC-Profile [WKPD-ICC]
CMYK [WKPD-CMYK]
Gamut [WKPD-GAMUT]
at skjermoppløysinga er til vanleg mellom 75 og 100 dpi, medan skrivare bruker ei oppløysing som er mykje høgare. Storleiken på utskrifta er avhengig av kor mange pikslar som er til rådvelde, og oppløysinga, så det utskrivne biletet vert alltid mindre enn det du ser på skjermen.
Før du skriv ut noko som helst, bør du kikka på viser at begge verdiane er lenkja saman. Normalt bør du ikkje oppheva lenkinga mellom x-oppløysing og y-oppløysing anna enn for eventuelt å prøva ut spesielle effektar. Å opna lenka kan såleis gje mange overraskingar!
→ for å velja ein høveleg utskriftsstorleik i feltet «utskriftsformat». SymboletEit siste råd: Kontroller margane og sentreringa ved hjelp av
under → . Det ville vera synd om margane er så breie at dei skjer vekk ein del av biletet eller at ei ubrukeleg sentrering øydelegg utskrifta, særleg om du brukar spesielle fotopapir.Når du fotograferer med eit digitalkamera, vil dei fleste fotoapparata leggja ein del informasjon om dato, kamerainnstillingane og elles kva produsenten har meint kan vera relevant, inn i biletfila. Desse opplysningane vert lagt inn i JPEG- eller TIFF-filer i eit format som vert kalla EXIF. GIMP kan i normaloppsettet ikkje gjera seg nytte av desse opplysningane, men dersom GIMP er sett opp med funksjonen for å handsama EXIF-data, kan du lasta inn filer med EXIF-data og eksportera dei att i JPEG-format utan å mista opplysningane. Dette er ikkje den ideelle måten å handsama EXIF-data på, men det er litt betre enn i tidlegare versjonar av GIMP, som ignorerte opplysningane utan å lagra dei.
Viss du ønskjer å sjå innhaldet i Exif-dataa, kan du bruka programtillegget metadata-viewer. Du har tilgang til det som «Bilete->Metadata->View metadata» frå menyen.