I motsetnad til dei andre sløringsfiltra, verkar ikkje den selektive Gaussiske sløringa på alle pikslar: sløring vert berre brukt viss skilnaden mellom verdien og verdien til dei omkringliggjande pikslane er mindre enn ein definert delta-verdi. Dermed vert kontrastane ikkje endra sidan skilnaden der er høg. Filteret vert brukt for å gjera bakgrunnen uskarp slik at forgrunnsmotivet kjkem betre frem. Dette gjev ei kjensle av djupn i biletet med berre ein operasjon.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Viss det er eit anna bilete på skjermen, kan du bruka dette som tilleggsinngang.
Her bestemmer du kor mykje biletet skal slørast.
Her bestemmer du maksimal skilnad (0 - 255) mellom pikselverdien og verdien for dei nærliggande pikslane. Er skilnaden i verdiane større enn deltaverdien, vert det inga sløring.