4.9. Støvfjernar

4.9.1. Oversyn

Dette filteret blir helst brukt for å fjerne støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerne moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du bruker filteret. Filteret bytter ut kvar piksel med gjennomsnittsverdien for pikslane innføre den spesifiserte radiusen.

4.9.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForbetraStøvfjernar

4.9.3. Innstillingar

Figur 17.47. Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Førehandsvising

Når denne er avkryssa, vil innstillingane bli viste i førehandsvisinga.

Median
Tilpassande

Tilpasser radius til innhaldet i biletet eller utvalet ved å analysere histogrammet i området rundt målpikselen. Denne radiusen vil alltid bli lik eller mindre enn den spesifiserte radiusen.

Rekursiv

Dersom denne er avmerka, blir filteret køyrd fleire gonger for å forsterka verknaden.

Radius

Her bestemmer du kor stort område filteret skal verke på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Etter som vindauget flytter seg over biletet blir fargane i det glatta ut. Dette kan føre til at småfeil forsvinn.

Svartnivå

Inkluder berre pikslar som er lysare enn den verdien sett i histogrammet (-1 – 255).

Kvitnivå

Inkluder berre pikslar som er mørkare enn den verdien sett i histogrammet (0 – 255).