Figur 16.200. Eksempel på bruk av kommandoen «Sett saman»
Separert bilete (separert RGB)
«Sett saman» brukt
Denne kommandoen set saman eit bilete frå fleire gråskalabilete eller lag, som t.d. kan vera ekstrahert frå komponentane RGB, HSV osv. Du kan også byggja opp eit bilete frå gråtonebilete eller -lag oppretta kvar for seg.
Her bestemmer du kva fargemodell som skal brukast: RGB, HSV osv. Du finn nærare forklaringar under kommandoen separer.
Her kan du velja kva for lag eller bilete som skal brukast for kvar kanal. Du kan bruka dette valet til for eksempel å byta rundt på fargekanalane:
Figur 16.202. Eksempel på kanalrepresentasjon: bytt to kanalar
Originalbiletet
Separert til lag
Lagt til representasjon
Samansett bilete
Maskeverdi: I staden for å velja eit lag eller eit bilete som kjelde for kanalen, kan du gje kanalen ein verdi frå 0 til 255. Likevel må minst ein av kanalane verta laga ut frå eit lag eller eit bilete.