4.6. Fjern raude auge

4.6.1. Oversyn

Figur 17.41. Eksempel på bruk av filteret «Fjern raude auge»

Eksempel på bruk av filteret «Fjern raude auge»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Fjern raude auge»

Eksempel på bruk av filteret


Som du forstår, er føremålet med dette filteret å fjerne dei raude augerefleksane som kan oppstå i auge når du fotograferer med blitz. Før du brukar «Fjern raude auge» må du laga eit utval (lassoen eller elliptisk) rundt iris(ane) som har raud pupill. Dersom du gløymer å gjere utvalet, vil filteret minne deg om at «Du kan som oftast forbetra resultatet ved å markera augeområdet manuelt på førehand».

4.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via FilterForbetraFjern raude auge….

4.6.3. Innstillingar

Figur 17.42. Innstillingar for filteret «Fjern raude auge»

Innstillingar for filteret «Fjern raude auge»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Terskel

Med denne glidebrytaren bestemmer du grenseverdien for kor mykje av raudfargen som skal omformast til svart.