Nivåverktøyet har funksjonar som liknar Histogram-dialogvindauget, men kan også endra intensitetsområdet til det aktive laget eller utvalet i kvar kanal. Dette verktøyet vert brukt for å gjera eit bilete lysare eller mørkare, for å endra kontrast eller for å korrigera eit dominerande fargestikk.
Du kan gå til dette verktøyet på to måtar:
I biletmenyen via
→ .Ved å klikka på verktøyikonet i verktøykassa viss verktøyet er installert der. Korleis du gjer det er forklart i Del 1.13, «Verktøykassa».
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Du kan velja den spsifikke kanalen som skal endrast med verktøyet
Verdi gjer endringar i verdiane i alle RGB-kanalane i biletet: Biletet vert mørkare eller lysare.
Raud, Grøn ogBlå arbeider på bestemte fargekanalar: biletet får meir eller mindre farge. Hugs at å leggja til eller fjerna ein farge, resulterer i å fjerna eller leggja til komplementærfargen.
Alfa arbeider på halvgjennomsiktige lag eller utval: her betyr mørk meir gjennomsikt medan kvit er fullstendig ugjennomsiktig. Biletet må ha ein alfakanal, elles er denne kommandoen fråkopla.
Tilbakestill kanalen set tilbake dei opphavlege innstillingane for den merkte kanalen.
Ved å bruka dei to knappane til venstre, kan du byta mellom lineær eller perseptuell (ulinær) vising.
Dei to knappane heilt til høgre vert brukte for å byta mellom lineær eller logaritmisk vising av histogrammet.
Hovudområdet er ein grafisk presentasjon av mørke (skuggar), mellomtoner og lyse (høglys) toner (histogramet) i det gjeldande laget eller utvalet. Dei er på abscissen frå nivå 0 (svart) til 255 (kvit). Pikselnummeret for eit nivå er ordinaten. Kurveoverflata representerer alle pikslane i biletet for den valde kanalen. Eit godt balansert bilete har nivåa (fargetonene) jamt fordelte over heile området. Eit bilete med for eksempel ein blå dominerande farge vil produsera eit histogram forskjøve til venstre i grøne og raude kanalar, vist ved at grønt og raudt manglar i høglysa.
Nivåområda kan endrast på tre måtar:
Tre trekantar som glidebrytarar: ein svart for mørke toner (skuggar), ein grå for mellomtoner (gamma) og ein for lyse toner (høglys).
Den svarte brytaren bestemmer svartpunktet: alle pikslane med denne verdien eller lågare, vert svarte (ingen farge viss ein fargekanal er merkt, gjennomsiktig viss alfakanalen er merkt).
Den kvite brytaren bestemmer kvitpunktet: alle pikslane med denne verdien eller høgare vert kvite (full farge viss ein fargekanal er merkt, heilt ugjennomsiktig viss alfakanalen er merkt).
Den grå brytaren bestemmer midtpunktet. Flyttar du brytaren mot venstre mot svart, vert biletet lysare (meir farge, mindre gjennomsikt). Flyttar du han mot høgre mot kvit, vert biletet mørkare (mindre farge, meir gjennomsikt).
To pipetter: Når du klikkar på dei, vert musepeikaren gjort om til ei pipette. Når du klikkar med dei i biletet bestemmer dette det kvite eller svarte punktet, avhengig av kva pipette som er i bruk. Bruk den mørke til venstre for å bestemma svartpunktet og den kvite for å bestemma kvitpunktet.
Tre nummeriske tekstboksar for å skriva inn verdiar direkte.
Inngangsnivåa vert brukte for å gjera lyse toner (høglysa) lysare, gjera mørke toner (skuggar) mørkare og for å endra balansen mellom lyse og mørke toner. Flytt brutaren mot venstre for å gjera biletet lysare (auka den valde fargen eller gjennomsikta). Flytt brytaren mot høgre for å gjera biletet mindre lyst (minska den valde fargen eller gjennomsikta).
Eksempel på inngangsnivå
Originalbiletet er eit gråtonebilete med tre striper: skuggar (64), mellomtoner (127), høglys (192). Histogrammet viser tre toppar, ein for kvar av dei tre tonene.
Verdikanalane er merkt. Den svarte glidebrytaren (skuggar) er flytt opp til skuggetoppen. Verdien 64 vert til 0 og skuggestripa vert svart (0). Gammabrytaren (mellomtoner) vert flytt automatisk til midten av toneområdet. Mellomtonene er gjort mørkare (til 84) og høglysa til 171.
Den kvite glidebruytaren (høglys) er flytt opp til høglystoppen. Verdien 192 vert til 255 og høglysstripa vert kvit. Gammabrytaren (mellomtoner) vert flytt automatisk til midten av toneområdet. Mellomtoner er gjort lysare til 169 og skuggane til 84.
Utgangsnivåa vert brukte for å setja eit avgrensa utgangsnivå manuelt. Det er også talboksar her med pilspissar som kan brukast for å endra utgangsnivåa.
Utgangsnivåa tvingar toneområdet til passa avgrensingane du har sett.
Arbeida med verdi: verdiar er komprimert og ser meir like ut, så kontrasten vert redusert. Skuggar vert gjort lysare: nye detaljar kan dukka opp, men kontrasten er mindre. Eit kompromiss er nødvendig. Høglysa vert mørkare.
Arbeida med fargekanalar: Viss du for eksempel brukar den grøne kanalen og set utgangsnivået mellom 100 og 140, vert alle pikslane med litt grønt i seg, sjølv ved låge verdiar, sette til verdiar mellom 100 og 140.
Arbeida med alfakanalen: alle alfaverdiane vert sette til å vera i det området du har sett.
Eksempel på utgangsnivå
Originalbiletet er ein RGB-fargeovergang frå svart (0;0;0) til kvit (255;255;255). Utgangsnivåa har ikkje noko histogram, så her brukte vi
→ → .Verdikanalane merkte. Den svarte glidebrytaren er sett til 189. Histogrammet viser komprimeringa av pikslane. Ingen piksel er mindre enn 63 og ingen større enn 189. I biletet vert skuggane lysare og høglysa mørkare: altså mindre kontrast.
Auto: Set nivåa automatisk.
Tre pipetter, , . Desse tre knappane er pipetter for kvit, grå og svart. Når du klikkar på ein av desse, vert musepeikaren omforma til pipetta han representerer. Når du klikkar i biletet, bestemmer pikselen du klikka på kvitpunktet , svartpunktet eller midtpunktet ut frå pipetta du valde. Arbeider på alle kanalane, sjølv om ein bestemt kanal er vald.
For å gjera arbeidet litt enklare, let denne knappen deg bruka kurve-verktøyet med dei same innstillingane.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Sjølv om dette verktøyet som standard ikkje er representert i verktøykassa, (sjå Del 1.13, «Verktøykassa» korleis du kan leggja det inn der), har det likevel sitt eige dialogvindauge for verktøyinnstillingar i verktøykassa.
Denne glidebrytaren set «radius» for området som pipetta skal henta farge frå når nærliggjande pikslar skal reknast med. Området ser meir eller mindre ut som ein forstørra firkant når du klikkar på ein piksel.