Kapittel 6. Få bilete ut av GIMP

Innhald

1. Filer
1.1. Lagra og eksportere bilete
1.2. Filformat
2. Å tilpassa bilete for Internett
2.1. Det optimale forholdet mellom storleik og kvalitet
2.2. Å krympe filene litt ekstra
2.3. Lagra gjennomsiktige bilete

1. Filer

GIMP kan lesa frå og skriva til eit uttal av ulike grafiske filformat. Med unnatak av GIMP sitt eige filformat, XCF, vert filhandsaminga gjort med programtillegg. Difor er det relativt enkelt å leggja til nye format i GIMPdersom behovet skulle dukka opp.

1.1. Lagra og eksportere bilete

[Notat] Notat

Når du opna eit bilete i eldre GIMP-utgåver, lat oss seia eit JPG- eller eit PNG-bilete, beheld biletet formatet og vart lagra i det same formatet ved å bruka Lagra. Sidan GIMP 2.8 vert alle bileta importerte i GIMP sitt eige XCF-format, som eit nytt prosjekt.

For eksempel vert biletet «solblomst.png» lasta inn som «*[solblomst] (importert)-1.0 (indeksert farge, 1 lag)». Den innleiande stjerna indikerer at denne filen er endra. Dette biletet kan lagrast som «solblomst.xcf» ved å bruka kommandoen Lagra. Viss du treng biletet i eit anna format, må du bruka kommandoen Eksport.

Når du har gjort eit bilete ferdig, ønskjer du å lagra resultatet. Faktisk er det ein god ide å lagra innimellom også. GIMP er eit nokså robust program, men det hender det krasjar.

GIMP sitt eige format XCF er spesielt. Det er det einaste formatet som kan lagra alt om eit bilete (med unnatak av informasjonen om «Angre»). Det er difor du kan lagra berre i dette formatet. XCF-formatet er spesielt eigna for å lagra mellombels resultat og for å lagra bilete som skal opnast på nytt seinare i GIMP.

XCF-filene kan ikkje lesast av dei fleste andre programma som viser bilete. Når biletet er ferdig, må du difor eksportera det i eit anna format. GIMP har støtte for mange andre format. Dei fleste formata som kan importerast kan også eksporterast.

1.2. Filformat

Du kan lagra og eksportera biletfiler på fleire måtar. Du finn meir om dette i filmenyen.

I GIMP kan du eksportere bileta du lagar i mange ulike format. Det er likevel viktig å hugse på at berre GIMP sitt eige filformat (XCF) lagrar (nesten) alle opplysningane om biletet. Alle andre format tar vare på nokre opplysningar om biletet og misser andre. Det opp til deg å kjenne eigenskapane til det formatet du vel.

Når eit bilete vert eksportert, vert sjølve biletet ikkje endra. Du taper altså ingenting på eksporten. Sjå Export file.

[Notat] Notat

Når du lukker eit bilete t.d. ved å avslutta GIMP, vil du få opp ei melding dersom biletet er «ureint», dvs. at biletet er endra utan å verta lagra etterpå. Dette vert varsla med ei stjerne framfør biletnamnet.

Figur 6.1. Åtvaringa ved lukking

Åtvaringa ved lukking

Når du lagrar eit bilete i GIMPsitt eige format XCF, gjer dette at biletet vert oppfatta som «ikkje ureint». Når du eksporterer eit bilete vert det ikkje endra til «ikkje ureint» fordi GIMP ikkje veit sikkert om all informasjon vert lagra.

1.2.1. Eksporter biletet som GIF

Figur 6.2. Dialogvindauget for GIF-eksport

Dialogvindauget for GIF-eksport

[Åtvaring] Åtvaring

Legg merkje til at GIF-formatet ikkje kan lagra ein del grunnleggande biletopplysingar som t.d. utskriftoppløysinga. Dersom dette er viktig, bør du kanskje vurdera å bruka eit anna format som t.d. PNG.

GIF-innstillingane
Flett saman

«Linjevis» betyr at biletet vert vist etter kvart som det vert lasta ned. Dette var spesielt viktig den tida dei fleste internettsamband var saktegåande. Brukaren kunne då stoppe nedlastinga dersom biletet såg uinteressant ut. Funksjonen er mindre viktig i dag.

GIF-kommentar

GIF-kommentarane kan berre vera 7-bits ASCII. Bruker du andre teikn vil GIMP eksportera biletet utan kommentarane og deretter gje ei melding om at kommentarane ikkje vart lagra.

Innstillingar for GIF-animasjon
Uendeleg sløyfe

Gjer at animasjonen vert repetert heilt til du stoppar han.

Pause mellom rammene når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemma kor mange millisekund pausen mellom kvar ramme skal vera. Du finn meir om dette i Del 2.1.2, «Å bruka lagdialogvindauget».

Rammeovergang når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemma korleis rammene skal leggjast over kvarandre. Du har valet mellom:

  • Det er meg likegyldig: Dette valet kan berre brukast når alle biletlaga er ugjennomsiktige. Laget vil overskrive det som ligg under.

  • Kumulative lag (Kombinere) : Tidlegare viste rammer vert ikkje viska ut når ei ny ramme vert vist.

  • Ei ramme per lag (erstatt): Tidlegare viste rammer vert sletta før den nye ramma vert vist.

Bruk forseinkinga ovanfor for alle rammene

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Bruk disposisjonen ovanfor for alle rammene

Treng vel ikkje nærare forklaring.

1.2.2. Eksportera bilete som HEIF/HEIC

HEIF står for «High Efficiency Image File Format». Også kjent som HEIC «High Efficiency Image Coding».

Det kan lagrast dobbelt så mykje informasjon i eit HEIF-bilete som i eit JPEG-bilete med same storleiken. Dette resulterer i betre kvalitet. Førebels er det ingen nettlesarar som støttar HEIF.

Du finn meir informasjon (på engelsk) i Wikipedia.

Figur 6.3. Dialogvindauget for HEIF/HEIC-eksport

Dialogvindauget for HEIF/HEIC-eksport

Desse vala forklarer seg sjølv, men det kjem også opp hjelp som kan gje litt meir informasjon.

1.2.3. Eksporter biletet som JPEG

JPEG-filene har til vanleg endingane .jpg, .JPG eller .jpeg, og er mykje brukt fordi metoden som vert nytta for å komprimera filene gir eit svært godt resultat utan at det går særleg merkbart ut over kvaliteten. Ingen andre format kjem opp mot JPEG på dette området. Ulempen er at formatet ikkje støttar gjennomsikt, og heller ikkje samansette lag.

Figur 6.4. Dialogvindauge for JPEG-eksport

Dialogvindauge for JPEG-eksport

Algoritmen for JPEG er eigentleg nokså kompleks, men heldigvis treng du ikkje bry deg om anna enn å justere kvaliteten, og dermed kompresjonen. Resten er for JPEG-ekspertane.

Kvalitet

Når du eksporterer eit bilete i JPEG-format, dukkar det opp eit dialogvindauge der du kan setja kvalitetsnivået på ein skala frå 1 til 100. Mellom 95 og 100 er det liten skilnad i kvaliteten. Normalverdien er 90, men ofte kan du setja verdien mykje lågare utan å gjera kvaliteten merkbart dårlegare. Dette kan du kontrollera ved å markera for «Førehandsvising i biletvindauget». Du endrar ikkje noko på sjølve biletet før du lagrar det, så metoden er trygg.

[Notat] Notat

Verdiskalaen for kvalitet er ikkje standardisert. Talet for kvalitet samsvarar ikkje alltid med tilsvarande tal i andre samanhengar. Kvalitet 80 i GIMP treng såleis ikkje vera det same som kvalitet 80 i eit anna program.

Bruk kvalitetsinnstillingane frå originalbiletet

Dersom det er lagt inn eigne kvalitetsinnstillingar (eller «kvantiseringstabell» ) i originalbiletet, kan du bruka denne i staden for standardinnstillingane.

Har du berre gjort nokre få endringar i biletet, vil du som oftast få nokså nær same kvalitet og fillengde når du bruker innstillingane frå biletet. Dette vil redusera tapa som kjem som følgje av kvantiseringa i høve til om du bruker andre innstillingar.

Dersom kvalitetsinnstillingane i originalbiletet er dårlegare enn standardinnstillingane, vil kommandoen « Bruk kvalitetsinnstillingane frå originalbiletet» vera tilgjengeleg men uverksam. Dette for å sikra at du alltid får ein kvalitet som er minst like god som originalen.

Førehandsvis i biletvindauget

Dersom denne er aktivert, vert biletet vist med same kvalitet som det lagra biletet vil ha. Dermed kan du lett sjå kor mykje biletet kan komprimerast med tilfredsstillande kvalitet. Biletet du arbeider med vert ikkje påverka av dette. Så snart dialogvindauget er lukka, vert biletet igjen vist i den opphavlege kvaliteten.

Behald metadataa

Viss biletet du lasta inn har Exif, XMP eller IPTC metadata, vert dei uendra og du kan velja å behalda dei eller ikkje når du eksporterer til JPEG.

Lagra miniatyr, Lagra fargeprofil

Mange program nyttar ein liten miniatyr som ei rask førehandsvising av bileta.

Kommentar

Du kan redigera merknaden som følgde med biletet eller du kan skriva ein ny.

Avanserte innstillingar

Litt om dei avanserte innstillingane:

Optimaliser

Denne metoden gjer at det vert brukt optimaliserte parameter for mengdekoding («entropy encoding»). Dette vil som oftast resultere i ei mindre fil, men kan ta lang tid.

Utjamning

JPG-komprimeringa lagar ein del støy i biletet i form av hakkete kantar. Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemma kor mykje støyen skal jamnast ut. Støyredusksjonen kan gjera biletet uskarpt.

Bruk aritmetisk koding

Aritmetisk koding er ei form for entropi-koding (eit tapsfritt datakomprimeringsskjema) som sidan GIMP-2.10 kan brukast til eksport som JPEG. Bilete som brukar aritmetisk koding kan vera 5 - 10 % mindre. Men eldre programvare kan ha problemer med å opna desse bileta.

Bruk omstartmarkeringar

Denne vil leggja inn nokre merke i fila slik at dersom lastinga av fila vert avbroten, kan nedlastinga halde fram seinare frå siste nedlasta merke. Kan vera fornuftig ved store bilete.

Intervall (MCU-rader)

JPEG-bilete vert lagra som ein serie av komprimerte kvadratiske fliser med namnet MCU (Minimum Coding Unit). Du kan setja storleiken (i pikslar) for desse flisene.

Progressiv

Dersom du aktiverer denne, vert biletet ikkje komprimert ovanfrå og ned, men i fleire gjennomgangar. Når biletet vert vist, vil det dukke opp i fleire omgangar, litt betre for kvar gong. Føremålet er det same som for linjevising av GIF-bilete. Metoden kan resultere i litt større filer.

[Notat] Notat

Ver merksam på at enkelte eldre TV og fotorammer (og kanskje andre einingar) kanskje ikkje kan visa jpeg-bilete som er eksporterte med den progressive innstilling slått på (som er standard).

Mellomsteg

Auget vårt oppfattar ikkje fargane likt gjennom heile spekteret. Dette kan brukast for å handsama nærliggjande fargar som identiske fargar. Du har tre alternativ:

  • 1×1, 1×1, 1×1 (best kvalitet): Ofte referert til som (4:4:4). Gir best kvalitet, bevarer kant- og kontrastfargar, men med mindre kompressjon.

  • 2×1,1×1,1×1 (4:2:2): Dette er standardmellomsteget. Gir som oftast eit godt forhold mellom biletkvalitet og filstorleik. I nokre tilfelle kan biletkvaliteten vert merkbar forbetra dersom ein ikkje bruker mellomsteg (4:4:4). Dette gjeld helst for bilete med fine detaljar, som f. eks. tekst på einsfarga bakgrunn eller nesten einsfarga bilete.

  • 1×2,1×1,1×1: Dette er det same som (2×1,1×1,1×1), men med vassrett fargefletting i staden for loddrett. Som om nokon skulle ha rotert biletet.

  • 2×2, 1×1, 1×1 (minste fil): (Ofte referert til som 4:1:1). Beste kompresjon. Passer for bilete med veike kantar, men tenderer til å gje unaturlege fargar.

DCT-metoden

DCT står for «Discrete Cosine Transform», og er første steget i JPEG-algoritmen. Dette er rein matematikk, og vala du har er «desimaltal», «heiltal» (normalinnstillinga) og «raske heiltal».

  • Desimaltal: Desimaltala er litt betre enn heiltala, men er merkbart seinare dersom maskinen din ikkje er utstyrt meg ein god matematikkprosessor. Metoden kan også gje eit litt varierande resultat frå maskin til maskin, medan metodane med heiltal skal gje same resultatet uavhengig av maskintype.

  • Heiltal: (normalinnstillinga) er raskare enn «desimaltal», men er ikkje så nøyaktig.

  • Raske heiltal: Rask, men også den mest unøyaktige metoden.

1.2.4. Eksporter biletet som PNG

Figur 6.5. Dialogvindauget «Eksporter biletet som PNG»

Dialogvindauget «Eksporter biletet som PNG»

Flett saman (Adam7)

«Linjevis» betyr at biletet vert vist etter kvart som det vert lasta ned. Dette var spesielt viktig den tida dei fleste internettsamband var saktegåande. Brukaren kunne då stoppe nedlastinga dersom biletet såg uinteressant ut. Funksjonen er mindre viktig i dag.

Lagra bakgrunnsfarge

Dersom biletet ditt har mange nivå av gjennomsikt, vil nettlesarane som berre brukar to nivå av gjennomsikt bruka bakgrunnsfargen frå verktøykassa som bakgrunn.

Lagra gamma

Gammakorreksjonen er for å kunne justera visinga av fargeverdiar på ulike datamaskiner. Gammainformasjonen som vert lagra i PNG vil vera den same som du har sett for den gjeldande visinga. Når biletet vert brukt på andre maskiner, kan brukaren korrigere gammaverdien slik at biletet ikkje vert vist for mørkt eller for lyst.

Lagra lagforskyving

PNG brukar ein forskyvingsverdi kalla «oFFs chunk». Dette er data for biletposisjonen. Diverre verkar av ein eller annan grunn ikkje dette i GIMP. For å unngå problem, aktiverer du ikkje forskyving, men la GIMP flata ut biletet før du lagrar det.

Lagra oppløysing

Lagra biletoppløysinga i ppi («pixels per inch»).

Lagra tid for oppretting

Datoen fila vart lagra.

Lagra kommentarane

Dette gjeld kommentarar som du har skrive inn om biletet. Kommentarane kan lesast i vindauget bileteigenskapar.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Når de er kryssa av for dette valet, vert fargeverdiane lagra sjølv om pikslane er heilt gjennomsiktige. Dette er mogleg berre for eit enkelt lag. ikkje når biletet er fletta saman. Når eit bilete med fleire lag vert eksportert til eit filformat med eitt lag, finst det ingen måte GIMP kan ta vare på fargeverdiane i gjennomsiktige pikslar.

Pikselformat

Som standard vert PNG-bilete eksporterte i eit pikselformat som liknar innstillingane for biletet i GIMP. Dette er til vanleg det du ønskjer, men skulle du trenga eit spesifikt utdataformat kan du endra dette her til 8 eller 16 bits per kanal RGB eller gråtoner, med eller utan alfakanal.

Kompresjon

Sidan kompresjonen er tapsfri, er den einaste grunnen til å bruka eit nivå lågare enn 9 at komprimeringa kan ta litt lang tid på trege datamaskiner. Dekomprimeringa går like fort uansett kva kompresjonsnivå du vel.

Behald metadataa

Viss biletet du lasta har Exif, XMP eller IPTC metadata, vert dei tekne vare på og du kan velja å behalda dei eller ikkje når du eksporterer til PNG.

Lagra standardverdiane

Klikk for å lagra gjeldande innstillingar. Du kan då klikke på Hent standardverdiane for å hente dei inn igjen.

[Notat] Notat

Sidan PNG også kan lagra indekserte bilete, kan du redusere talet på fargar, og dermed også filstorleiken, for bilete som skal sendast over nettverk. Sjå meir om dette i Del 6.6, «Indeksert modus».

Datamaskinene arbeider med 8-bits blokker, såkalla «byte». Kvar byte kan innehalda opp til 256 ulike fargar. Det er ingen vits i å redusera talet på fargar til under 256 i håp om å redusera filstorleiken sidan det vert brukt ein byte uansett. «PNG8»-formatet har heller ikkje støtte for variabel gjennomsikt, berre gjennomsikt eller ikkje gjennomsikt.

1.2.5. Eksporter biletet som TIFF

Figur 6.6. Dialogvindauge for TIFF-eksport

Dialogvindauge for TIFF-eksport

Komprimering

Dette valet gir deg høve til å bestemma algoritmen som skal brukast for å komprimere biletet.

  • Ingen: Rask, utan tap, men fila kan verta svært stor.

  • LZW: LZW er forkorting for algoritmen «Lempel-Ziv-Welch» som komprimerer biletet utan tap. Dette er ein gammal metode, men effektiv og rask. Meir informasjon (engelsk) på [WKPD-LZW].

  • Pack Bits: Ein rask, enkel kompresjon for «run-length» koding av data. PackBits-formatet vart introdusert av Apple då MacPaint vart teke i bruk på Macintosh datamaskinen. Ein PackBits datastraum er sett saman av pakker med 1 bytes header etterfølgd av data. (Kjelde: [WKPD-PACKBITS])

  • Deflate: Dette er ein algoritme for tapsfri komprimering. Metoden er ei blanding av «Lempel-Ziv-Storer-Szymanski-Algorithmen» (LZ77) og «Huffman-Koding». Den same metoden vert også brukt i filformata Zip, Gzip og PNG. Kjelde: [WKPD-DEFLATE].

  • JPEG: er ei svært god, men ikkje tapsfri, komprimeringsalgoritme. Dette er same komprimeringa som vert brukt i JPEG-bilete. Sidan det ikkje er tapsfritt, bør du ikkje bruka det på bilete der kvaliteten er viktig. Denne komprimeringa kan ikkje brukast på indekserte bilete.

  • CCITT Group 3 faxog CCITT Group 4 fax: Dette er komprimeringsmetodar brukte for telefaks i svart/kvitt.

    [Notat] Notat

    Desse to komprimeringsmetodane kan berre brukast dersom biletet er indeksert og redusert til to fargar. Bruk menyvalet BileteModusIndeksert for å omforma biletet til indeksert med «Bruk svart og kvit (1-bit) palett».

Lagra laga

Sidan GIMP-2.10.12 kan du lagra lag når du eksporterer til TIFF. Kvart lag vert ei eiga side i TIFF-biletet.

Klipp laget til biletgrensene

Når det er merkt av for Lagra lag, vil dette alternativet, som er slått på som standard, endra storleiken på alle laga til storleiken på biletet. TIFF-bilete kan ikkje ha negative forskyvingar. Dette alternativet let deg importera TIFF på nytt utan å måtta endra posisjonen til lag som hadde ein annan storleik i originalen.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Gjer at fargeverdiane for pikslane vert lagra, sjølv om pikslane er komplett gjennomsiktige.

Kommentar

Her kan du skrive inn merknader til biletet.

Lagra EXIF-data

Når dette alternativet er slått på, vert alle Exif metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra XMP-data

Når dette alternativet er slått på, vert alle XMP metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra IPTC-data

Når dette alternativet er slått på, vert alle IPTC metadata lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra _miniatyr

Når dette alternativet er slått på, vert det lagra ein miniatyr som den andre sida i det eksporterte TIFF-biletet. Dette gjer at fleire Exif-taggar vert lagra sjølv om du har slått av å lagra Exif metadata.

Lagra fargeprofilen

Gjer at fargeprofilen vert lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

Lagra Geo TIFF-data

Når dette alternativet er slått på, vert GeoTIFF metadata som finst i originalen lagra i det eksporterte TIFF-biletet.

1.2.6. Eksporter biletet som WebP

Figur 6.7. Dialogvindauget for WebP-eksport

Dialogvindauget for WebP-eksport

Tapsfri

Når denne er merkt, vert biletet lagra slik at den opphavlege kvaliteten vert brukt. Dette slår av innstillingane for Biletkvalitet og Alfakvalitet. Når denne er slått av, vert biletet lagra basert på kvalitetsinnstillingane nedanfor, noko som kan gje tap av kvalitet, men eit betre komprimeringsforhold. Dette er standard.

Biletkvalitet, alfakvalitet

Desse innstillingane bestemmer kvaliteten på lagringa av biletet. Ein høg kvalitet betyr større fil. Når storleiken på fila er viktig, kan du kontrollera om ein lågare kvalitet likevel er god nok for biletet ditt.

Kjeldetype

Dette vel typen bilete du prøver å eksportera. Vonleg vil dette hjelpe deg med å bestemma den beste måten å komprimera biletet på.

Vala er: Standard, Bilete for digitale bilete som portrett og innandørs «skot», Foto for utandørs foto med naturleg lys, Teikning for hand- eller linjeteikning med høg kontrast i detaljar, Ikon for små fargerike bilete og Tekst for bilete med mest tekst.

Lagra EXIF-data

Når dette valet er slått på, vert alle Exif metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra IPTC-data

Når dette valet er slått på, vert alle IPTC metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra XMP-data

Når dette valet er slått på, vert alle XMP metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra fargeprofilen

Gjer at fargeprofilen vert lagra i det eksporterte biletet.

Lagra _miniatyr

Når dette valet er slått på, vert det lagra ein miniatyr saman med det eksporterte biletet.

1.2.7. Eksporter biletet som MNG

Figur 6.8. Eksportdialogvindauget for MNG

Eksportdialogvindauget for MNG

MNG er eit akronym for «Multiple-Image Network Graphics».

Hovudproblemet er at Konqueror er den einaste nettlesaren som kan bruka MNG-animasjonar. Sjå om dette i http://en.wikipedia.org/wiki/Multiple-image_Network_Graphics.