Er du usikker på kva ein bane er i denne samanhengen, kan du finne meir om dette i Del 5, « Banar ».
Banedialogen vert brukt når du skal arbeide på banar. Frå denne dialogen kan du opprette eller fjerne banar, lagra dei, omforma dei til og frå utval osv.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».
Du har tilgang til dialogvindauget
frå biletmenyen via
→ →eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje →
Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: → .
finne ei liste overKvar bane høyrer til eitt bilete. Banane er komponentar i biletet på same måten som laga er det. I banedialogen vert det vist ei liste over alle banane som høyrer til det aktive biletet. Bytter du til eit anna bilete, vil banedialogen vise banane i det nye biletet. Dersom banedialogen er lagt i same dialogvindauget som «Lag, kanalar og banar», vil du finne namnet på det aktive biletet øvst i biletmenyen. Skulle bilietmenyen mangla, kan du alltids legge han til ved å velje Vis vald bilete frå fanemenyen.
Dersom du har kjennskap til lagdialogen, vil du sjå at banedialogen på mange måtar er nokså mykje det same. Dialogen viser ei liste over alle banane i biletet, med fire opplysningar for kvar bane:
Dersom banen er synleg, vert dette vist med eit bilete av eit «ope auge». Dersom banen ikkje er synleg, vil det i staden vere ein blank plass der auget skulle ha vore. Med «synleg» meiner ein her at det vert vist eit spor av banen på biletet. Sjølve banen vert eigentleg ikkje ein del av biletet før han vert strekt opp eller teikna på. Du kan slå visinga av banen av ved å klikka på augesymbolet, og på ved å klikka på plassen der det skulle ha vore.
Til høgre for augesymbolet vert det vist eit «lenkesymbol» dersom banen er lenka saman med andre banar. Elles berre eit blankt område. At banane er lenka saman betyr i denne samanhengen at dersom du t.d. skalerer eller på andre måtar omformar eit bilete, vil dette påverka alle biletdelane som er lenka saman. Du kan slå lenka av ved å klikka på lenkesymbolet, og på ved å klikka på plassen der det skulle ha vore.
Miniatyren viser ei skisse av banen. Dersom du klikkar på miniatyren kan du dra han over i eit bilete for å lage ein kopi av banen der.
Namnet på banen må vere unikt. Dersom du gir banen eit namn som er i bruk frå før, vert det lagt til eit tal, t.d. «#1» for å gjere det eineståande.
Dersom det finst namn i lista, vil eit av dei vere markerte for å vise kva for bane som er den aktive banen i biletet. Det er denne banen alle operasjonane vert utført på når du bruker dialogmenyen eller knappane nedst i dialogvindauget. Du kan klikke på lista for å gjere ønskt bane aktiv.
Høgreklikkar du på ei av oppføringane i lista, vil du få opp den lokale banemenyen.
Knappene nedst i dialogvindauget samsvarar med tilsvarande oppføringar i banemenyen som dukkar opp når du høgreklikkar på lista. Noen av knappane har likevel noen tilleggsfunksjonar som vert tilgjengelege når du held nede ein kontrolltast medan du klikkar.
Knappen Ny bane vert brukt for å opprette ein ny, tom bane. Det dukkar opp eit dialogvindauge der du kan skriva inn namnet på den nye banen. Held du samstundes nede Shift-tasten, vert banen lagt til lista med namnet «Ny bane».
Knappen Løft banen flytter den aktive banen eitt hakk oppover på lista.
Knappen Senk banen flytter den aktive banen eitt hakk nedover på lista.
Knappen Dupliser banen lagar ein kopi av den aktive banen.
Omformar den aktive banen til eit utval. Sjå meir om denne prosessen under utval til bane. Du kan bruka kontrolltastane for å bestemma korleis det nye utvalet skal leggjast inn i høve til eksisterande utval:
Tast | Handling |
---|---|
Ingen | Byt med eksisterande utval |
Forskyv | Legg til i utvalet |
Ctrl | Trekk frå utvalet |
Forskyv+Ctrl | Snitt med utvalet |
Held du nede Shift-tasten medan du trykker på denne knappen, kjem det opp ein meny med Avanserte innstillingar. Denne er verkeleg avansert og berre nyttig for noen ganske få. (Kanskje difor han ikkje er opna for omsetting?)
Knappen Strek opp bane vert brukt for å omforma banen til ei teikning.
Knappen
vert brukt for å fjerne den aktive banen frå lista og biletet.Den enklaste måte å få fram banemenyen er å høgreklikka på ei vising av ein bane i banedialogvindauget. Men du kan også klikka på fanemenyen og velje banemenyen derifrå. Banemenyen gir tilgang til dei aller fleste funksjonane du kan bruke på ein bane.
Dette er berre ein annan måte å få tilgang til baneverktøyet på. Dette verktøyet vert brukt for å opprette og forandre banar. Du kan også bruke snartasten B.
Denne menyoppføringa lovar nok meir enn ho kan halda, for det einaste du kan bruke ho til, er å gi banen eit nytt namn i dialogvindauget som dukkar opp. Du kan oppnå det same ved å dobbeltklikka på banenamnet i banedialogen.
Dette valet oppretter ein ny bane og legg denne til lista i banedialogen. Den nye banen vert samstundes den aktive banen. Du får også opp dialogvindauget for å gi den nye banen eit namn. Den nye banen har ingen former for ankerpunkt, så du må bruka baneverktøyet for å leggja inn slike punkt før du kan bruka banen til noko som helst.
Denne kommandoen flytter banen eitt steg oppover på lista i banedialogen. Kva plass banen har i lista betyr ingenting for bruken av banen, men det kan vere til litt hjelp for å halde oversynet.
Denne kommandoen flytter banen eitt steg nedover på lista i banedialogen. Kva plass banen har i lista betyr ingenting for bruken av banen, men det kan vere til litt hjelp for å halde oversynet.
Klikk på denne for å lage ein kopi av den aktive banen, legge kopien inn i lista over banar og gir han same namnet som originalen med prefikset «Kopi av» framføre. Kopien vert gjort til den aktive banen. Legg merke til at kopien berre er synleg dersom originalen er synleg.
Knappen
vert brukt for å fjerne den aktive banen frå lista og biletet.Dersom du klikkar på denne, vert alle synlege banar i biletet, dvs. banar som har synleg augesymbol i banedialogen, henta fram og sett saman til delar i ein og same bane. Dette kan vere nyttig dersom du ønskjer å streke dei opp med t.d. det same strekmønsteret.
Alle desse kommandoane omformer den aktive banen til eit utval og kombinerer dette på ein eller annan måte med det eksisterande utvalet. (Unntaket er «Bane til utval» som erstattar det gjeldande utvalet med det nye). Eventuelle opne banar vert lukka med ei rett linje mellom det første og det siste ankerpunktet. Dei «marsjerande maura» som markerer grensa for utvalet, vil følgje nokså nøyaktig der banen var, men vent ikkje at resultatet skal verta perfekt.
Du har tilgjenge til denne operasjonen på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→Frå banedialogen via
.Frå knappen (Utval til bane) nedst i banedialogvindauget.
Utval til bane lagar ein ny bane frå omrisset av det aktive utvalet. Som oftast vil banen følgja «dei marsjerande maura» som viser omrisset, men av og til kan det verta små avvik.
Konverteringa av eit todimensjonalt utval til ein eindimensjonal bane treng litt spesiell matematikk. Du kan forandra måten dette vert gjort på ved å opna dialogen Avanserte innstillingar. Denne får du tilgang til ved å halde nede Shift-tasten medan du trykker på knappen () nedst i banedialogen. Dialogen gir deg tilgang til 20 ulike innstillingar og variablar for denne omforminga, alle med kryptiske namn. Denne dialogen er helst tiltenkt utviklarane, men kan kanskje også vere til litt nytte for den avanserte, eller eksperimentelle, brukaren. Normalt vil Utval til bane gjere det du ventar av han utan at du treng bry deg med korleis han fpår det til.
Du har tilgjenge til denne operasjonen på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→Frå banedialogmenyen via
.Frå knappen ) nedst i banedialogvindauget.
Frå knappen
i innstillingane for baneverktøyetStrek opp bane teiknar den aktive banen på det aktive biletlaget ved hjelp av ulike linjestilar og teiknemåtar. Sjå Del 3.20, «Strek opp utvalet» for meire informasjon.
Klikk på denne for å legge ein kopi av banen over i utklippstavla for banar slik at du kan lime han inn i andre bilete.
![]() |
Tips |
---|---|
Du kan også kopiere og lime inn ein bane ved å dra miniatyren i banedialogen over til eit biletvindauge. |
![]() |
Notat |
---|---|
Når du kopierer ein bane til eit biletet, er banen usynleg. Du må gjere han synleg i banedialogen. |
Når du klikkar på dette valet, vert banen som ligg i utklippstavla lagt inn i lista i banedialogen. Den nye banen vert den aktive banen. Dersom det ikkje finst ein bane på utklippstavla, vert denne menykomponeneten deaktivert.
Klikk på denne for å lage ein ny bane frå ei SVG-fil. Du får opp eit dialogvindauge der du kan finne fram til fila. Sjå meir om SVG-filer og korleis dei kan brukast i GIMP i banar .
Ved hjelp av denne kommandoen kan du lagre ein bane i ei fil. Du får opp eit dialogvindauge der du kan velje filnamn og plassering. Denne fila kan du etter behov legge inn i eit bilete ved hjelp av kommandoen Importer bane. Lagringsformatet for banefiler er SVG. Dette betyr at banefilene kan opnast i program for vektorgrafikk som t.d. Sodipodi og Inkscape. Sjå meir om SVG-filer og korleis dei kan brukast i GIMP i banar.