2.2. Kanaldialogen

Figur 15.9. Kanaldialogen

Kanaldialogen

Kanaldialogen er staden du bruker for å utføre arbeid direkte på kanalane, både å redigere og gjere andre endringar. Kanalane vert brukte på to måtar. Det er difor dialogen er delt i to. Den første delen er for fargekanalar og den andre for utvalsmasker.

Fargekanalane høyrer til heile biletet og ikkje til eit bestemt lag. I utgangspunktet er det nødvendig med tre primærfargar for å laga alle dei naturlege fargane. Som andre digitale biletprogram, brukar også GIMP raud, grøn og blå som primærfargane. Primærkanalane viser pikselverdiane for Raud, Grøn og Blå som ein miniatyr av kanalen. Kvit syner område med 100 % og svart område med 0 % dekninga av primærfargen. Dersom biletet er i gråskala, er det berre éin valfri kanal, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen viser gjennomsikt for kvar piksel i biletet i form av gråtoner. Framføre denne kanalen er det ein miniatyr som viser gjennomsikt som gråtoner. Kvit representerer ein ugjennomsiktig og altså synleg piksel, medan svart representerer ein gjennomsiktig, og altså usynleg piksel. Har du laga biletet utan gjennomsikt, altså utan alfakanal, vert denne sjølvsagt heller ikkje vist i dialogen. Skulle du ha ønskje om å legge til ein alfakanal seinare, kan dette gjerast frå menyen for Lagdialogen. Dersom du har meir enn eitt lag i biletet, vil GIMP opprette ein alfakanal automatisk.

[Notat] Notat

GIMP har ikkje støtte for fargemodellane CMYK og YUV

Figur 15.10. Biletkomposisjon med kanalar

Biletkomposisjon med kanalar

Raudkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Grønkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Blåkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Alfakanal

Biletkomposisjon med kanalar

Alle kanalane


Biletet heilt til høgre er sett saman av dei fire kanalane, raud, grøn, blå og alfa. Sjakkbrettmønsteret viser gjennomsiktige område. Sidan kvit farge i den brukte fargemodellen er sett saman av alle primærfagane, vil kvit vere kvitfarga (100 %) i alle kanalane. Svart er mangel på farge, og vil difor visast som svart (0 %) i alle kanalane. Den raude hatten er synleg i raudkanalen, men ikkje i dei andre. Dette gjeld for alle reine grøne eller blå fargar også. Dei er berre synlege i respektive kanalar.

2.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeKanalar

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneKanalar

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeKanalar.

2.2.2. Å bruke kanaldialogen

2.2.2.1. Oversyn

Den øvre delen av dialogvindauget inneheld fargekanalane og eventuelt alfakanalen. Dei er alltid sett opp på same måten og kan ikkje fjernast. Under desse finn du eventuelle utvalsmasker. Kvar kanal vert vist i lista som ein miniatyr. Du kan høgreklikka på denne miniatyren for å få fram kanalmenyen.

2.2.2.2. Kanaleigenskapane

Kvar kanal vert vist i lista saman med attributta for kanalen. Dette er nokså likt det som er brukt for lagattributta:

Endra elementvisinga

I utgangspunktet er alle kanalane, og såleis også alle fargane, synlege. Dette vert vist med eit augesymbol. Klikk på symbolet for å slå av maska, eller på den tomme plassen for å slå maska på.

Lenk saman kanalar

Kanalane som representerer utvalsmasker, dvs. dei kanalane som vert vist i nedre del av dialogvindauget, kan grupparast ved å klikke på kjedesymbola framføre kanalane. Operasjonar på ein av kanalane vil påverka alle dei kanalane som er kjeda saman.

Også primærkanalane, dvs. fargekanalane og evt. alfakanalen øvst i dialogvindauget, kan lenkjast saman. Normalt er desse kanalane markerte som utvalde. Dette vert vist ved at namnet er utheva. Operasjonar utført på ein av kanalane vert også utført på dei samanlenkja kanalane. Du kan markera ein av kanalane ved å klikka på han. Operasjonar som t.d. innfarging vert då utført berre på den utvalde kanalen.

Miniatyr

Effekten av kanalen vert vist på ei lita førehandsvising. For utvalsmaskene kan du forstørra visinga ved å klikke og halde nede museknappen på miniatyren.

Kanalnamn

Namnet på banen må vere unikt. Dersom du gir banen eit namn som er i bruk frå før, vert det lagt til eit tal, t.d. «#1» for å gjere det eineståande. Du kan ikkje endra namna på primærkanalane raud, grøn, blå og alfa.

[Obs] Obs

Aktive kanalar vert markerte i dialogen med ein eller annan farge, ofte blå eller grøn. Klikkar du på kanalen, kan du slå aktiveringa av eller på. Dersom du slår av ein av fargekanalane, kan dette få uventa konsekvensar. Dersom du t.d. slår av blåkanalen, vil alle pikslane som vert teikna på biletet mangla blåfarge. Ein kvit piksel vert såleis gul, som er komplimentærfargen til blå.

2.2.2.3. Handtering av kanalane

Under kanallista finn du eit sett med knappar som kan brukast til ulike operasjonar på lista.

Rediger kanalattributta

er berre tilgjengeleg for utvalsmasker, og vert brukt for å gi kanalen eit nytt kanalnamn. Dei to andre kontrollane påverkar korleis kanalen vert vist i vindauget. Den eine er Dekkevne og den andre opnar fargeveljaren slik at du kan endra maskefargen. Trykk på fargeknappen for å få fram GIMP sin fargeveljar for å forandre maskefargen.

Ny kanal

blir brukt for å oppretta ein ny kanal. Frå dialogvindauget kan du bestemme Dekkevne og maskefargen. (Bruker du knappen Ny kanal i kanalmenyen, kan du opprette kanalen med dei sist brukte innstillingane ved å halde inne Shift-tasten når du klikkar). Den nye kanalen er ei kanalmaske (ei utvalsmaske) som vert lagt over biletet. Sjå Selection Mask.

Løft kanalen

er berre tilgjengeleg for utvalsmasker, og vert brukt for å løfta kanalen eitt hakk oppover, eller til topps om du held nede Shift-tasten samstundes.

Senk kanalen

er berre tilgjengeleg for utvalsmasker, og vert brukt for å senke kanalen eitt hakk nedover, eller til botnen om du held nede Shift-tasten samstundes.

Kopier kanalen

blir brukt for å lage ein kopi av kanalen. Kopien får same namnet som originalen med «Kopi av» framføre.

[Tips] Tips

Du kan også kopiere ein fargekanal eller alfakanalen. Denne kopien kan du så bruke som eit utval i biletet.

Kanal til utval

blir brukt til å omforma kanalen til eit utval. Normalt vil det nye utvalet erstatta det eksisterande, men dette kan du forandra på ved hjelp av kontrolltastane.

  • Shift: Gjer at det nye utvalet vert lagt til det eksisterande. Resultatet vert ei samanfletting av begge utvala.

  • Ctrl: Gjer at det nye utvalet vert trekt frå det eksisterande.

  • Shift+Ctrl: Det nye utvalet vert eit snitt av begge utvala. Bare det som er felles i begge vert tatt med.

Slett kanalen

Fjernar kanalen frå lista. Denne er berre tilgjengeleg for utvalsmasker.

2.2.2.4. Lokalmenyen kanalar

Figur 15.11. Kanalmenyen

Kanalmenyen

Oversyn

Du kan få fram denne menyen ved å høgreklikka i kanaldialogen. Denne menyen gir deg stort sett dei same vala som er tilgjengelege frå knappane i dialogvindauget. Einaste er at kvar av dei ulike måtane for omformingane til utval har si eige oppføring i menyen.

Rediger kanalattributta, Ny kanal, Løft kanalen, Senk kanalen, Kopier kanalen, Slett kanalen

Sjå kanalhandtering.

Kanal til utval

Utval oppretta frå ein kanal vil erstatte eventuelle andre utval i biletet.

Legg til i utvalet

Utval oppretta frå ein kanal vert lagt til eventuelle andre utval i biletet. Resultatet vert ei samanfletting av begge.

Trekk frå utvalet

Den aktive kanalen vert omforma til eit utval som vert trekt i frå eventuelle eksisterande utval i biletet.

Snitt med utvalet

Resultatet vert eit utval som er sett saman av det som er felles for utvalet oppretta frå kanalen og eksisterande utval.

2.2.3. Utvalsmasker

Figur 15.12. Eit utval laga av kanalar

Eit utval laga av kanalar

Du kan bruke kanalar for å lagre og henta fram igjen utval. I kanaldialogen kan du sjå ein miniatyr som viser utvalet. Utvalsmaskene er ein metode for lage utvalet om til ein gråskalakanal der kvite punkt er utvalde og svarte punkt ikkje er utvalde. Grå punkt er delvis utvalde. Du kan sjå på desse som ein mjuk overgang frå utvalde til ikkje utvalde område. Dette er viktig for å unngå den stygge «pikseleringseffekten» (hakkete overgangar) som kan oppstå når du fyller utvalet med farge eller bruker viskeleret på utvalet.

Å opprette utvalsmasker

Utvalsmaska kan aktiverast på fleire måtar.

  • Frå biletmenyen via UtvalSlå snarmaska av/på dersom det finst eit aktivt utval i biletet.

  • I biletvindauget vil knappen nede til venstre opprette ei lagmaske tilsvarande det aktive utvalet.

  • Frå kanaldialogen når du trykker på knappen Ny kanal eller frå lokalmenyen. Når utvalsmaska er oppretta, vert ho synleg i kanaldialogen med namnet «Ny kanal», eventuelt med eit tal dersom det er fleire kopiar. Du kan endre namnet ved å høgreklikka på kanalen.

2.2.3.1. Å bruke utvalsmasker

Når kanalen er oppretta, utvald (utheva i dialogen), synleg (vist med augeikonet) og vist slik du ønskjer det ut frå eigenskapane du har sett i dialogvindauget, kan du endeleg byrja å arbeida på kanalen med teikneverktøya. Du bør bruka gråtoner og kvit eller svart. Brukar du andre fargar, vert fargeverdien brukt for å definera ein gråverdi. Dette vert ikkje alltid slik du trur det skal verta. Når maska er ferdig, kan du omforma ho til eit utval med knappen i kanaldialogen (kanal til utval) eller frå lokalmenyen.

Du kan arbeide på utvalsmaska med andre verktøy enn teikneverktøya. For eksempel kan du bruke utvalsverktøya for å fylle eit område av maska med fargeovergangar eller mønsterelement. Det er såleis mogleg å komponera svært komplekse utval ved å kombinera ulike utvalsmasker.

[Obs] Obs

Så lenge utvalsmaska er aktiv, arbeider du på denne og ikkje på biletet. Skal du arbeide på biletet, må du deaktivere alle utvalsmaskene. Gløym heller ikkje å skjule maskene ved å klikke på augeikonet. Det er også ein god ide å kontrollera at alle RGB- og alfakanalane er aktiverte og vert viste i biletet.

2.2.4. Snarmaske

Figur 15.13. Dialogen for Snarmaske

Dialogen for Snarmaske

Ei Snarmaske er ei utvalsmaske tenkt brukt temporært for å teikne på eit utval. Med temporært meiner ein her at, ulikt vanlege utvalsmasker, vert snarmaska ikkje lagra i lista etter at ho er omforma til eit utval. Når du arbeider med svært komplekse bilete, kan det hende at utvalsverktøya møter grensene sine. I slike høve er snarmaska god å ty til, ofte med svært godt resultat.

2.2.4.1. Aktivering

Snarmaska kan hentast fram på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via UtvallSlå snarmaska av/på

  • ved å klikke på den vesle knappen nede i venstre hjørne av biletvindauget, som vist på skjermbiletet

  • eller med tastesnarvegen Shift + Q.

2.2.4.2. Å lage ei snarmaske

For å setja opp Snarmaske klikkar du på knappen nede til venstre i biletvindauget. Dersom det finst eit aktivt utval i biletet, vil dette vere uforandra, men alt rundt vert dekka av ein raud, gjennomsiktig film. Dersom biletet ikkje har noko utval, vert heile biletet dekka med filmen. Klikk ein gong til på knappen for å slå av snarmaska.

Frå kanaldialogen kan du klikke på namnet eller på miniatyren for å redigere innstillingane for Snarmaske. Du kan endre Dekkevne og filmfargen. Du kan når som helst gøyme maska ved å klikke på symbolet framføre Snarmaske.

Maska bruker gråtoner, så du må bruka kvitt eller grått for å minske området eller svart for å gjere området større. Område som er teikna med mørk eller lys grå vert omformingsområda for mjuke kantar i utvalet. Når maska er ferdig, klikk ein gong til på knappen nede til venstre i biletet for å fjerna snarmaska frå kanallista og gjera ho om til eit utval.

Føremålet med snarmaska er å kunne bruke teikneverktøya for å markere utval og overgangar utan å bry seg med utvalsmaska. Snarmaska er ein god måte å isolere eit objekt i eit bilete fordi når utvalet er gjort, kan du berre fjerne innhaldet, eventuelt etter å ha invertert maska dersom objektet er inne i markeringa.

2.2.4.3. Å bruke snarmaske med ein fargeovergang

Beskriving

  1. Biletvindauget med aktivert snarmaske. Alle operasjonar vert gjort på snarmaska. Snarmaska er fylt med ein fargeovergang frå svart (venstre) til kvit (høgre).

  2. Snarmaska er nå kopla ifrå og det er blitt laga eit utval frå den snarmaska som var fylt med fargeovergangen. Du kan sjå skiljet mellom meir og mindre enn 50 % dekkevne for utvalet midt i biletet.

  3. Det vert nå påført eit strøk i det tilgjengeleg utvalet. Underleg! Sjølv om fargeovergamgen ikkje er synleg, er han nå aktiv over heile biletet, både i markerte og umarkerte område!

Etter at du har trykt på knappen for snarmaske vert det laga ein mellombels 8-bits (0 - 255) kanal der fargeovergangen vert lagra. Dersom det finst eit utval i biletet når maska vert laga, vil maska hente data frå dette utvalet. Når snarmaska vert aktivert, vert dei områda som ikkje er utvalde markerte med ei raud, halvgjennomsiktig hinne. Du kan bruka alle teikneverktøya for å lage utval på snarmaska. Sidan snarmaska berre vert påverka av gråtoner, er det enklast å teikne med ulike gråtoner for å lage ulike grader av utveljing. Bruk kvit farge der du kan kome til å legge inn andre grader av utveljing seinare. Utvalet vert gjeldande så snart du slår av snarmaska, men den mellombels kanalen forsvinn for alltid.

[Tips] Tips

Dersom du ønskjer å lagra utvalet, kan du bruke UtvalLagra til kanal i biletmenyen.

2.2.4.4. Bruk
  1. Opna eit bilete, eller lag eit Nytt.

  2. Aktiver snarmaska ved å trykkja på knappen i biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vert maska laga med data frå denne.

  3. Vel eit teikneverktøy og bruk dette med gråtoner på snarmaska.

  4. Deaktiver snarmaska med knappen i biletvindauget.